Politisk supporterkultur

Høgresida vant valet, men må passe seg. Forvandlinga som skjer burde uroe dei som kallar seg moderate.

  • Morten Myksvoll
 Human Rights Service (HRS), med Hege Storhaug i spissen, driv ikkje med det dei får betalt for å gjere. At me framleis betaler for dei over skattesetelen, er ei skandale, skriv Morten Myksvoll.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Politikarar og partimedlemmer oppfører seg ofte som ein fotballklubb og deira supporterar. Det er sterke kjensler i sving, ein vil aldri tape, og det å heie på nokon andre enn den ein valde tidleg i livet er utenkjeleg. Men det er forskjellar.

I fotballen er supporterane opptatt av å kritisere klubben når noko går feil. Klubbleiinga og spelarane forvaltar trass alt kjenslelivet deira. I politikken har det å innrømme feil nærast blitt til eit tap i seg sjølv, og blir unngått for alt det er verdt.

Slår ein denne tankegangen saman med den blokkdanninga me har fått i Noreg, der det er to ganske definerte sider, får me ein situasjon der alt handlar om å forsvare si side – ikkje berre eige parti.

Blokkpolitikk blir til ein identitet, og mange lever gjennom korleis deira lag gjer det. Viss du meiner det er usunt å la livet bli påverka av opp- og nedturar i fotball – prøv denne stammebaserte politikken.

Human Rights Service (HRS) er i vinden no, med fornya krav om fjerning av statsstøtta deira. Organisasjonen med Hege Storhaug i spissen har vore kontroversiell i mange år. Sjølv høyrde eg eit foredrag med ho i 2012 der ho meinte at Noreg burde forby islam. I 2015 meinte Storhaug at Gud måtte intervenere i stortingsforhandlingane om kvoteflyktningar. Nettsida deira har ved fleire høve publisert bilete av tilfeldige muslimar, sendt inn av lesarar, for å illustrere sakene deira.

Nyleg starta dei opp eit prosjekt som skulle dokumentere den «kulturelle revolusjonen» som går føre seg i Noreg. Målet var å få inn fleire bilete, og saka var sjølvsagt illustrert av eit bilete av tilfeldige muslimar på gata. Dette føyer seg inn i ei lang rekke av tilfelle som viser HRS som eit polariserande og antimuslimsk organ. Dei som er så sjokkerte over det siste stuntet, har følgt dårleg med.

Human Rights Service får statsstøtte på kontoen for nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, men ønskjer openbert ikkje at integreringa skal lukkast i Noreg. Dei vil at me skal feile, sånn at dei kan seie kor mykje rett dei hadde, og kor stengt grensene må vere, og kor farlege muslimar er.

Dei har ingen analytisk tilnærming til integrering eller inkludering. HRS driv ikkje med det dei får betalt for å gjere. Fagfolka i departementet har sjølvsagt anbefalt at HRS ikkje får statsstøtte, men regjeringa har valt annleis. At me framleis betaler for dei over skatteseidelen, er ei skandale.

Statsminister Erna Solberg vart utfordra på HRS-støtta i trontaledebatten onsdag. Jonas Gahr Støre ville vite om regjeringa ville fjerne statsstøtta, og Erna Solberg sa nei. Statsministeren er i ein vanskeleg situasjon. Så lenge statsstøtte til Hege Storhaug er regjeringa sin politikk, så kan ho ikkje ta avstand frå det. Sånn sett er det negative svaret i trontaledebatten heilt greitt. Innhaldet, derimot, er heilt ufatteleg.

Ho meiner at me ikkje kan fjerne støtte til tiltak som «me ikkje liker» Det stemmer. Vidare sa statsministeren at det er «demokratiets pris at me òg finansierer motstandarane våre.» Heilt korrekt, viss ein snakkar om pressestøtte, eller støtte for å fremje ytringsfridomen.

Det som forundrar meir enn at statsministeren forsvarer regjeringa sin politikk (på ein svak måte, i dette høvet), er den stilla som finst ute i organisasjonane. Det er nokre motstemmer i Høgre, til dømes, men dei er få. Når venstresida tar kampen for noko, vil alt for mange på høgresida tenkje at det må ein vere mot. Laget vårt må vinne, og då må det andre laget tape.

Å fjerne statsstøtta til Human Rights Service, er ikkje ein siger for venstresida. Det er det riktige å gjere. Høgresida ville fått meir truverd på ønskjet om ein streng innvandringspolitikk, viss dei faktisk slutta å finansiere polarisering.

For å slå det andre laget må ein halde ro i eigen garderobe. Staute forsvararar og eksentriske kantspelarar skal fungere saman. Frp har stor sjølvtillit, og dei har verkeleg forstått korleis blokkdynamikken fungerer. Partiet kan ikkje setjast på benken. Erna Solberg er ikkje statsminister utan Frp, og dei tøyer grensene for kva dei kan tillate seg av utsegn.

Koalisjonen kjem til å sprekkje av metoden ein brukar for å halde den saman på. Sjå berre på kva grunngjevingar KrF gir på kvifor dei ikkje ønskjer å ha eit formelt samarbeid. Dei føler seg tråkka på av Frp.

Viss partimedlemmer (og etter kvart veljarar) heldt fast på den supporteraktige stilen, vil partirepresentantane måtte akseptere endå meir frå ytterkanten for å halde laget saman. Dette er ikkje haldbart over tid.

Publisert: