Nytt fastlegekontor har hundrevis av ledige plassar. Krøll i systemet skapte forvirring.

Først var det tusenvis av ledige plassar. Så var det null. No skal listene straks opne igjen.

I dette bygget ligg det nye legesenteret.
Publisert: Publisert:

Måndag morgon fekk over 3000 bergensarar sjansen til å sikre seg fastlege, eller bytte frå den dei har.

Eit nytt legesenter opnar no i Solheimsviken, med seks fastlegar i stallen.

08.30 hadde alle legane hundrevis av ledige plassar. Men 08.45 var plutseleg alle listene fulle.

– Det var krøll i systemet, og listene blei derfor stengt, fortel Magnus Myntevik, lege og leiar ved det nye senteret.

Han fortel vidare at listene skal opne igjen snart, og at det framleis skal vere mange ledige plassar.

Klokka 11.37 skriv Myntevik på tekstmelding til BT at nettsidene er oppe og går, og at det no er mogeleg å sikre seg plass att.

Skjermdump frå nettsidene til Helse Norge klokka 11.45.

Legesenteret, som heiter VIMS Allmennleger AS, har vore planlagt i to år. Det ligg i Motorhallen, og Bergen Kommune annonserte opninga av det nye senteret på sine nettsider førre veke.

– Vi er klare til å ta inn pasientar som gjerne har venta lenge på tildeling av fastlege, sa Myntevik då.

I tillegg til seks legar skal to sjukepleiarar, helsesekretærar, ernæringsfysiolog og psykolog halde til på senteret.

Stor arbeidsbelastning

Fastlegekrisa har vore eit faktum i Bergen i fleire år. Det har omtrent ikkje vore ledige plassar på listene dei siste åra, og enkelte har måtte vente i månadsvis på å få fastlege i Bergen.

Utfordringa er samansett. For to år sidan meldte BT at tre av fire fastlegar hadde vurdert å slutte i jobben, ifølgje ei spørreundersøking frå Deloitte.

Arbeidsbelastninga var ein av grunnane som gjekk att i rapporten. Nesten halvparten av fastlegene svarte at dei ikkje klarte å ivareta sine oppgåver som fastlege. Berre fire prosent svarte at dei hadde nok tid til pasientane.

I tillegg er det utfordringar med å rekruttere. Ein fjerdedel av fastlegane i Bergen var over 60 år i 2022.

Må rekruttere 88 legar

Ifølgje Strategi for fastlegeordningen, som er ein strategi Bergen kommune har utarbeida og jobbar etter, må det rekrutterast 88 nye fastlegar i kommunen dei neste fem åra.

Fleire tiltak har vore prøvd for å bøte på problemet. I fjor mangla på eitt tidspunkt 900 menneske fastlege i Bergen. Fleire legar utvida då listene sine for at fleire skulle få fastlege.

Publisert: