Det finst så utruleg mange bygder. Utan bygdene var det ikkje noko Vestland.

Bygder.

DØME PÅ BYGD: Bruvik på austsida av Osterøy ligg vakkert til ved Sørfjorden.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Eg treng berre kliva det nærmaste fjellet, så ser eg bygder over alt. Innover i fjordane, utover mot øyane. Det som berre er husklyngjer frå distanse, er små, sjølvgåande, varme og verdiskapande samfunn når du kjem nær. Nesten som naturens økosystem, er dei.

Bygder med fabrikkar, bygder med historier, bygder med originalar, bygder med naust og kai og samfunnshus og revyar og bedehus og basar og kyrkje og eldsjeler og entreprenørskap og bygdefolk og bygdeliv. Bygder med lukke og vonbrot, fødslar og gravferder. Bygder med sjel og karakter.

Du verda kor glad eg er i bygda mi, kor glad eg er at eg kjem frå bygda. Eg nyttar alle høve til å kringkasta det. Ein liten plass med tronge forhold, men med mange og viktige rom. Alburom. Pusterom. Spelerom. Hjarterom.

Du verda for ein bagasje eg fekk med meg på ferda, men det tok tid å forstå djupna av verdiane, av fellesskapen, av samhaldet, av hopehavet vi deler, vi som kjem frå mi bygd, og vi som kjem frå bygda. Eg trengde andre sin visdom for å begripa at av alle behov ei bygd kan dekkja, overflatiske og djupt eksistensielle, er dette det som ligg djupast: Behovet for å høyra til. Vi høyrer til, vi som har ei bygd å ankra i, ein flokk å vera med.

Eg elskar bygda mi, for all ballast, alle minne, alle verdiar ho har gitt meg. Mi bygd er den einaste i Noreg med ein freda ferjekai, og av alle bygder i heile verda vil ho alltid vera den einaste med sine karakterar, med sine historier, med sitt utsyn, med sin solnedgang. Gull i himmelrand.

Så elskar eg at andre elskar sine bygder. At dei viser stoltheit og eigarskap og ansvar. At dei verkjer, slik som eg, etter å fortelja kvar dei kjem ifrå, kor dei høyrer til.

Alle bygder har noko, alle bygder er noko. Noko vent eller vakkert eller særeige. Eg blir aldri lei av utsynet over Vik, Vik i Sogn. Å koma ned frå Vikafjellet og fram til Storesvingen og sjå ut over kulturlandskap og bustadfelt og elva og fjorden og kyrkjer av stein og stav. Du å du!

Eller Ulvik, Ulvik i Hardanger, med epletre og siderproduksjon og ein diktar på internasjonalt elitenivå.

Eller Strandvik med verdas beste volleyballmiljø. Eller Holmedal med knivfabrikken. Loen med Himmelheisen, Omastrand med båtbyggjarane, Tysso med tilhengjarane, Sogndal med fotballaget. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, inst i ein dal, oppunder fjell, midt i ei ur, bur og trivest og verkar folk. Og får ting til. Fantastiske ting.

Eg har respekt for dei som bur i by, men gangavstand og bybane er oppskrytt. Sjølv har eg ikkje tenkt å la meg fortetta. Eg trivest best med byen på armlengdes avstand. Aldri er byen finare enn når han glitrar frå distanse. Taus og tannlaus.

Publisert: