F*ck it, du er stygg i forhold til alle andre, men du fortset å skrolle

Du opnar Insta, skrollar nedover, og så slår det deg. PANG! FOMO!

Denne veka fylte det sosiale nettverket Instagram ti år, og i halvparten av dei har Emilie Hansen (21) hatt profil.
  • Oslo
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ein versjon av dette innlegget vart først publisert på framtida.no.

Eg laga meg ein profil på Instagram våren 2015 og posta min fyrste kleine, overredigerte selfie kort tid etter.

Sidan då har eg blitt meir og meir aktiv på Insta, eller avhengig, alt ettersom korleis ein tolkar det. Talet timar eg brukar på denne appen i løpet av ei veke (ja, eg sjekka det no), er litt for høgt til at eg ønskjer å dele det.

Instagram er i utgangspunktet noko fint. Det er ei plattform for å dele bilete, vere kreativ og halde kontakt med vennar.

Om vennar eg ikkje ser så ofte, legg ut noko på historia si, eller i feeden, kan eg reagere, like eller kommentere. På den måten kan vi halde kontakten mellom gongane vi møtast, utan at vi nødvendigvis treng å ha ein lang samtale, noko eg trur passar bra for mange i dagens hektiske samfunn.

Men som så mykje anna her i verda, kan det som i utgangspunktet er noko fint, ha mindre fine konsekvensar:

Du opnar Insta, skrollar nedover, og så slår det deg. PANG! FOMO! («Fear Of Missing Out» eller «frykt for å gå glipp av noko», red. anm.)

Er dei der? Kvifor er ikkje du der? Kanskje du burde spørje nokon andre om dei vil til den nye, kule plassen som er heilt sjukt «insta-vennleg»? Kvifor er dei på den festen? Når begynte dei å henge saman? Kvifor heng ikkje du meir med dei?

F*en, livet ditt syg i forhold til deira.

Du fortset å skrolle. PANG! Kroppspress!

Ingen har rynker, cellulittar, feitt, strekkmerke, valkar eller andre skavankar. Alle har lange vipper, perfekte bryn og fyldige lepper.

Kvifor har du rynker i panna i ein alder av 21 når ingen andre har det? Burde du gå ned i vekt? Ingen andre har ein slik kropp når ein er så ung.

Korleis får ein så stor rumpe? Kvifor ser ikkje rumpa di slik ut? Og leppene? Nasa? Augnevippene? Burde håret mitt vere tjukkare, lengre, meir skinande?

Noen av de mest populære profilene på Instagram skaper et voldsomt utseendepress blant unge kvinner, tror innsenderen. På bildet ser vi Tammy Hembrow, som har over 11 millioner følgere.

F*ck it, du er stygg i forhold til alle andre, men du fortset å skrolle. PANG! Seksualisering!

Du innser at alle har bilete av seg sjølve i bikini, sexy halloween-kostyme, eller kjolar som så vidt dekker puppane og rumpa. Det burde jo du også ha på feeden din? Det er jo utruleg viktig at verda synest at du er deilig. Men sidan livet ditt syg, og du er stygg, blir det vanskeleg å overtyde nokon om at du er deilig.

Slik kan det fort bli oppe i hovudet om ein forsvinn på Instagram; ein blir sin eigen verste fiende. I tillegg til FOMO, kroppspress og seksualisering, har Insta vore med på å lage problem der det tidlegare ikkje var noko.

Kor mange har på ein eller annan måte enda opp med å stalke den ein likar/held på med/kjærasten/eksen, for så å finne ut ting ein helst ikkje ville vite, og som ein no ikkje får ut av hovudet?

For eksempel at han du heldt på med som ikkje var klar for noko seriøst, har fått seg sambuar? Eller at eksen til kjærasten din framleis likar alle bileta hans? Og det at denne jenta likte alle bileta hans, var hovudårsaka til at du fann ut at ho var eksen hans?

Om ein ikkje er bevisst på kven ein følgjer, kva dei vel å legge ut og korleis ein sjølv bruker Instagram, er det ei kjelde til usikkerheit.

Med nokre få unntak, legg dei fleste berre ut det som er bra: Kule stader, fine feriar og gode vinklar. Vi ser ikkje alle bileta dei måtte ta for å få det eine fine biletet, eller alle gongane dei gjer kjedelege kvardagsting som ikkje ser bra ut eller er kult.

Instagram har truleg mykje av skulda for at vi, den yngre generasjonen, er så kroppsfikserte og materialistiske som vi er.

Instagram kan skape eit urealistisk inntrykk av andre sine liv. Dei fleste legg berre ut det som er bra, skriv innsendaren.

Det hjelper ikkje på å få ned forbruket når til dømes HeyHarpershop dukkar opp så ofte i feeden min at hjernen min tenkjer det er ein god plass å bruke matbudsjettet mitt på. Det er jo kjempelurt å putte annonsar for korleis ein kan kle seg kulare, på ein stad som får deg til å føle deg som ein drit.

Om ein har mange nok følgjarar, får ein sjølv tilbod om å bli ein ambassadør for dårleg sjølvkjensle for forskjellige kjeder og merker, slik at ein kan vere med på å få folk til å tenkje at «Om eg også hadde hatt dei buksene, hadde eg ikkje vore så drit som eg er no».

Eksempla ovanfor kunne ha vore utdrag frå mitt eige hovud for nokre år sidan, eller om eg skal vere ærleg, så kan det vere det no på ein skikkeleg dårleg dag.

Men! Eg slutta å følgje folk, klesmerke, modellar og andre sider som gjorde at eg vart usikker på min eigen verdi. Eg bytta dei ut med folk og sider som gjer meg vel. No følgjer eg sider eg lærer nye ting av, sider som får meg til å le, ulike kunstnarar og fotografar, kroppspositivistar og ikkje minst gode vennar frå forskjellige stader i verda som eg ønskjer å halde kontakt med.

Likes og følgjarar prøver eg å ikkje bry meg så mykje om. Sjølv om det kan vere vanskeleg, prøver eg derfor å tenkje at det eg legg ut, er for min eigen del, at det er eit knippe gode minne samla på ein stad, som eg blir glad av å sjå igjennom. Men også for at mine vennar kan sjå kva eg gjer, og ofte ikkje, med livet mitt.

På grunn av min FOMO kjem eg nok ikkje til å slette Instagram frå livet mitt heilt enno, sjølv om eg ofte tenkjer at eg hadde hatt det betre utan.

Publisert: