Bus4Train?

NSB vurderer namnebyte. Det er berre å bu seg på det verste.

TØFFE TIDER, TØFFE TOG: Bergen stasjon er kanskje den vakraste i landet. I framtida kan det vere heilt andre namn enn NSB på toga austover.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

NSB, sjølvaste Noregs Statsbanar, vurderer å byte namn. Huttetu. Sjølv om kommunikasjonsdirektør Elin Myrmel-Johansen seier til BT at NSB er «klar over verdien i merkevaren», kan NSB-namnet no trille inn på historias sidespor: Felles merkevare for togselskapet NSB og busselskapet Nettbuss er så viktig at dei er opne for å vrake NSB.

Og det var vel for godt til å vere sant. Kvifor skulle NSB-namnet få vere i fred, når Høgskolen i Oslo og Akershus har blitt til «OsloMet – storbyuniversitetet» og Fredskorpset har blitt til «Norec»?

Les også: NSB vurderer nytt navn

Ein gong i tida hadde vi eit selskap som var eigd av staten og dreiv med olje. Det hadde namnet Statoil. Dei er framleis stort sett eigd av staten og dei driv stort sett med olje, men no heiter dei «Equinor».

Den delen av Statens vegvesen som faktisk byggjer vegane, blei skilt ut i 2003. Då fekk den namnet «Mesta», som skulle gje assosiasjonar til «å meistre». Kor r-en tok vegen, er det framleis ingen som veit. Bygdeforsking heiter Ruralis. Mea culpa.

Det er lenge sidan det var slik at NSB hadde styringa på alt som hadde med jernbane i Noreg å gjere. Godstransport er det CargoNet (ja, dei stavar det utan mellomrom) som driv. Skinner og stasjonar er eigde av Bane NOR SF (det heiter faktisk det). Sjølve toga blir leigde ut til NSB av selskapet med det litt meir normale namnet Norske tog. Men desse namna tyder ikkje akkurat på at dei som får setje namn på togdrift i Noreg held seg til dei edruelege alternativa.

Språkrådet er det ingen som høyrer på. Kvifor skulle statens fagorgan i språkspørsmål få blande seg inn når ein gjeng reklamefolk har funne på at det er gøy med stor m i OsloMet?

Les også

Leiar: Språkrådets rettvise harme

Til og med kulturfolket er på full retrett. Det ærverdige LO-forbundet Musikernes fellesorganisasjon skal byte namn. «Jeg synes faktisk Equinor-navnet er ganske godt», seier MFO-nestleiar Christine Thomassen til bladet Musikkultur. Det er berre å stålsetje seg. Det luktar TubaNOR eller Music4U lang veg.

Ein gong i tida hadde statlege einingar fornuftige namn. Kontoret for belgisk murstein dreiv med, ja, belgisk murstein. Direktoratet for fiendtlig eiendom styrte med slikt som stod att etter tyskarane. Og Fettkontoret? Ja, du kan vel tenkje deg. Alt var i grunnen betre under krigen.

At Noregs Statsbanar har knytt landet vårt saman sidan 1883, er ikkje argument godt nok, tydelegvis. 135 år med stolt jernbanehistorie og nasjonsbygging kan no bli gøymt bak Sporinor eller TrackAttack eller TogaParty eller Tut1 eller eg veit ikkje kva.

Vi må berre håpe på at dei kjem til sans og samling, eventuelt at samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) kviskrar dei i øyret at dei kan bruke meir tid på å få toga i rute og mindre tid på å kveste NSB-namnet.

Men éin god ting er det med å samle buss og tog i same merkevare: Kvar gong Bergensbanen er stengt, kan vi saumlaust bli dirigert over i bussane under merkevaren Bus4Train.

Publisert: