Brexit mot bunnen

Halvanna år etter Brexit-avstemminga veit britane framleis lite anna enn at utmeldinga blir dyr.

 OPTIMIST: Theresa May er ikkje nemneverdig påverka av at hennar eige Brexit-departement spår ein kraftig økonomisk smell uansett kva britane endar opp med av tilgang til EU sin fellesmarknad.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Politikarar går sjeldan til val på å auke uvissa i økonomien. Eitt unntak er britanes tidlegare statsminister David Cameron. Han opna for ei folkeavstemming om utmelding frå EU, etter sterkt press frå den EU-kritiske fløya i Det konservative partiet. Cameron satsa EU-medlemskapet for å få bukt med problemet sitt. Han tapte. Ein nyleg lekka rapport frå Brexit-departementet tyder på at det blir dyrt for britane.

Theresa May overtok etter Cameron, og har stått for utmeldingsprosessen. Det har ikkje gått veldig bra. Ho forsøkte å styrkje mandatet sitt i 2017, ved å gjennomføre eit nyval. Ho tapte fleirtalet, og måtte gå til det nord-irske unionistpartiet DUP for å sikre regjeringa støtte i parlamentet. Sjeldan har me sett ein så kostbar valsiger.

Les også

EU og Storbritannia ennå ikke enige om skilsmissen

Brexit betyr Brexit, lydde May sitt mantra i fjorårets valkamp. Det stemmer ikkje. Britane vil velje kva delar av EU-samarbeidet som dei framleis skal nyte godt av. Ta marknadstilgangen, til dømes. Sjansen for at Storbritannia forlèt EU utan å delta i fellesmarknaden er liten. Kostnaden ved å forlate EU og EU-marknaden blir høg.

Den lekka Brexit-rapporten seier at britane sine tre alternativ for handel med EU blir kostbare. Full deltaking i fellesmarknaden vil koste to prosent veksttap over 15 år. Det dyraste vil vere å forlate EU utan ein handelsavtale. Då vil veksttapet vere på heile åtte prosent.

Dempa økonomisk vekst betyr høgare arbeidsløyse. Svekkja økonomisk vekst betyr dårlegare velferd. Det var neppe dette veljarane ønskja seg då dei stemte for meir sjølvstende i 2016.

Theresa May ser ikkje ut til å bli nemneverdig påverka av dette. Ho påstår at ein frihandelsavtale vil vere bra for både Storbritannia og EU. Hennar eige Brexit-departement meiner at ein slik avtale vil koste den britiske økonomien fem prosent veksttap, samanlikna med eit fullverdig EU-medlemskap.

Like over nyttår fekk Brexit-minister David Davis fornya tillit. Etter 18 månadar i jobben har han framleis ingen klare svar på kva Brexit betyr. I mars 2019 er det slutt. Då må avtalane med EU vere på plass.

Sjansen for at britane rekk den fristen er låg. Difor bruker dei no tid på å forhandle med EU om ei overgangsordning ut 2020. Der kan britane måtte ende opp med å svelgje EU-krav om framleis fri flyt av varer, tenester, kapital og menneske.

Brexit skulle gi britane tilbake kontrollen. I praksis vil Storbritannia vere forplikta til å følgje alt EU vedtar i overgangsperioden, utan at dei sjølv har innflytelse på vedtaka. For ein siger.

FAGRE LØFTE: Vote Leave-kampanjen lova at økonomien skulle bli styrkja av Brexit. Ein lekka rapport frå Brexit-departementet spår økonomisk nedtur.

Brexit betyr ikkje Brexit når det kjem til innvandringskontroll heller. Innvandring var eit sentralt stridstema i Brexit-valkampen. Storbritannia skulle få meir kontroll ved å gå ut av EU. Britane sit i styringsgruppa til den omstridde Khartoum-prosessen, som arbeider med å redusere migrasjon frå Afrikas horn.

Denne komiteen er finansiert av EU, og britane har ingen intensjon om å trekkje seg ut av dette arbeidet. EU er tydelegvis godt nok når ein kan betale blodpengar til den sudanesiske krigsforbrytaren Omar al-Bashir for å stogge potensielle asylsøkjarar.

Les også

Macron vil tvinge May til å motta flere migrantbarn

Nord-Irland held fram med å vere ei mare for britiske politikarar. Theresa May si regjering vil ut av EU for å ta tilbake kontrollen over sine eigne grenser, men vil halde grensa mellom Nord-Irland og Irland open. Det er så konsekvent inkonsekvent. I desember såg det ut til at den britiske regjeringa hadde klart å lande ein avtale om grensespørsmålet med EU, men det vart stoppa av May-regjeringa sitt støtteparti i parlamentet.

Unionistpartiet (DUP) ønskjer ikkje at Nord-Irland skal ha ei opnare grense mot Irland og EU enn mot resten av Storbritannia.

Allereie før ein reknar med grensespørsmålet, vil Nord-Irland bli eitt av dei områda som vert hardast råka av Brexit. 55 prosent av befolkninga i Nord-Irland stemte mot Brexit, men det har ingenting å seie for regjeringa i London.

Det er rart at ikkje den britiske regjeringa ser ironien i at London skal køyre over Nord-Irland i ei sak som handlar om at London ikkje likar å bli overkøyrd av Brussel.

Storbritannia sin kompliserte utmeldingsprosess viser kompleksiteten i EU-systemet. Medlemslanda er djupt integrert på mange ulike område. Heilskapen forsvinn i retorikk som heng seg opp i enkeltelement. EU-medlemskapet består av byrder og fordelar. Britane forsøkjer å kvitte seg med byrdene, men samtidig oppnå mange av fordelane.

Det er ikkje rart at forhandlingane med Brussel går tregt.

Publisert: