Den nye kongemakaren i britisk politikk

Kva er det ved DUP som skaper uro i Storbritannia?

 LEIAR: Arlene Foster tok over som leiar for Democratic Unionist Party (DUP) i 2015. Partiet har heilt sidan stiftinga vore svært tett knytt til presbyterianske og andre evangeliske trussamfunn, og partiet er mot abort og likekjønna ekteskap.
  • Førsteamanuensis ved Samfunnsfagseksjonen, Avd. for lærarutdanning, Høgskulen på Vestlandet.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Den britiske statsministeren Theresa May utlyste i vår eit nyval for å sikre seg ein sterkare posisjon i parlamentet før Brexit-tingingane. Det britiske valet 8. juni gav derimot det stikk motsette resultatet. Det konservative partiet mista fleirtalet og er nå avhengige av dei ti representantane frå det nord-irske partiet Democratic Unionist Party (DUP) for å få fleirtal. DUP er dermed med eitt blitt den nye kongemakaren i britisk politikk. Natta etter valet braut partiets nettsider saman på grunn av den store pågangen av britar som lurte på kva slags politikk partiet eigentleg stod for, og ikkje minst korleis partiets nye nøkkelrolle vil påverke britisk politikk.

Kva slags parti er DUP? Partiet blei stifta i 1971 av den presbyterianske pastoren Ian Paisley og Desmond Boal, ein utbrytar frå Ulster Unionist Party (UUP). DUP blei stifta samstundes med at den væpna konflikten i Nord-Irland eskalerte, og partiet markerte seg med ein sterkt religiøs og anti-katolsk retorikk. Partiets leiar omtalte til dømes pave Johannes Paul II som «anti-Christ», og partiet kjempa mot legalisering av homoseksualitet under slagordet «Save Ulster from Sodomy!».

Les også

Hardtslående heltinne kan endre brexit

Partiet samarbeidde også tidvis med lojalistiske paramilitære grupper og avviste alle freistnader på å etablere ei maktdeling mellom unionistiske og nasjonalistiske parti. Partiet stemte nei til den nord-irske fredsavtala i 1998, men ettersom avtala likevel fekk fleirtal, så måtte DUP i aukande grad forhalde seg til dei prosessane og institusjonane som avtala skapte, slik som den nord-irske folkeforsamlinga. I denne perioden blei partiet i aukande grad oppfatta av dei protestantiske veljarane som det sterkast kortet i dei endelause tingingsprosessane som følgde etter fredsavtala, og DUP blei etter kvart det største unionistpartiet i Nord-Irland.

Etter mange og lange tingingar gjekk DUP inn i den nord-irske maktdelingsregjeringa i 2007, og bileta av ein glisande fyrsteminister Ian Paisley, saman med visefyrsteminister Martin McGuinness frå DUPs erkefiende Sinn Fein, gjekk verda over. Paisleys gode forhold til McGuinness skapte derimot misnøye internt i partiet, og Paisley blei pressa til å gå av i 2008 då partiets mangeårige nestleiar Peter Robinson overtok både leiarvervet og posisjonen som fyrsteminister. Med unntak av nokre mindre kriser, var maktdelingsregjeringa lenge relativt stabil. Men i januar i år valde Sinn Fein å trekke seg frå regjeringa fordi Arlene Foster, DUPs nåverande leiar og fyrsteminister frå 2015, nekta å tre til side medan eit prosjekt ho hadde hatt ansvar for som minister, blei etterforska. Situasjonen er i skrivande stund uavklart, men nye tingingar er i gang med tanke på få maktdelingsregjeringa på plass att.

Les også

Britene kan bli tvunget til å tenke nytt om brexit

I den augneblinken det blei klart at det konservative partiet mista fleirtalet og ville bli avhengige av støtte frå DUP, kom partiet raskt i eit kritisk søkjelys. Men kva er det ved DUP som skaper uro i Storbritannia? Eit moment som er mykje diskutert er partiets svært sterke religiøse forankring. Fleire av partiets representantar er til dømes kreasjonistar, det vil si at dei held seg til skapingsforteljinga i bibelen og avviser den vitskaplege utviklingslæra. DUP har heilt sidan stiftinga vore svært tett knytt til presbyterianske og andre evangeliske trussamfunn, og partiet er mot abort og likekjønna ekteskap.

Partiet har til dømes systematisk sett ein stoppar for forslag frå Sinn Fein om å legalisere likekjønna ekteskap i Nord-Irland. Partileiaren Arlene Foster har hevda at dette berre dreier seg om ekteskapet som institusjon, og ho har understreka at ho ikkje blandar seg bort i folks seksualitet. Fleire av partiets representantar har derimot uttalt seg sterkt kritisk til likekjønna samliv. Ian Paisley jr. uttalte blant anna for nokre år sidan at han fann tanken på homofil sex fråstøytande og hevda at homofile og lesbiske øydela både seg sjølv og samfunnet. Det skapte også debatt då dåverande helseminister Jim Wells i 2015 hevda at born som budde med homofile foreldre blei meir utsette for misbruk og vanskjøtsel.

Dette er synspunkt mange i det konservative partiet er ukomfortable med, og ikkje minst gjeld dette leiaren for dei konservative i Skottland, Ruth Davidson som er forlova med ei kvinne, og som har vore ei sterk talskvinne for rettane til lesbiske og homofile. Davidson er ei stigande stjerne i partiet, og er av fleire trekt fram som ein mogeleg framtidig partileiar. Ho var raskt ute og fekk forsikringar frå Theresa May om at eit samarbeid med DUP ikkje skulle svekkje homofiles rettar i Storbritannia.

At DUP viser vilje til å vere støtteparti for den konservative regjeringa er ikkje overraskande. Dei unionistiske partia i Nord-Irland har tradisjonelt stått nærast dei konservative, og den dag i dag er det fulle offisielle namnet til det konservative partiet i Storbritannia, «the Conservative and Unionist Party». Likevel representerer ein situasjon der eit unionistpartiet sit på vippen, og slik har stor makt over regjeringas politikk, noko nytt som mange meiner set fredsprosessen i Nord-Irland i fare.

Les også

Stemmene som splitter Storbritannia

Heilt tilbake til John Majors regjeringstid på 1990-talet, har det nemleg vore ein uttalt føresetnad i den nord-irske fredsprosessen at den britiske regjeringa skal halde seg nøytral i konflikten. Dette var også ein viktig premiss for fredsavtala i 1998. Nå spør mange seg korleis den britiske regjeringa kan vere nøytral samstundes som den er avhengig av den eine sida i konflikten? To av dei som særleg har målbore denne kritikken er Jonathan Powell og Alastair Campbell som var høvesvis stabssjef og kommunikasjonsrådgjevar i Labour-regjeringa til Tony Blair under arbeidet med fredsavtala. Dei meiner at Theresa May ved å samarbeide med DUP set fredsprosessen i fare og bryt med eit heilt grunnleggjande premiss for fredsavtala. Både John Major og Enda Kenny, den avtroppande irske statsministeren, har også uttrykt uro for at ei avtale mellom dei konservative og DUP kan skape problem i den vidare fredsprosessen.

Samarbeidet vil altså kunne møte på mange utfordringar og DUPs rolle som støtteparti kan også kome til å prege dei komande Brexit-forhandlingane. Partiet støtta Brexit, men er samstundes opptatt av at grensa mellom Nord-Irland og republikken framleis skal haldast open. DUP som gjennom fredsprosessen har opparbeidd seg solid kompetanse på politiske forhandlingar, kjem truleg til å krevje auka støtte til næringsliv, velferd og infrastruktur i Nord-Irland, og kva skal den konservative regjeringa då gjere? Vil det vere mogeleg å gjennomføre ein «austerity»-politikk i resten av Storbritannia, medan Nord-Irland får auka overføringar?

Analysar av korleis DUP har røysta i Westminster dei siste åra, tydar også på at det kan dukke opp fleire skjer i sjøen. Det viser seg nemleg at partiets representantar i ein del spørsmål har røysta meir med Labour enn med det konservative partiet, særleg når det gjeld saker knytt til levebrød, statleg forbruk og skatt. Theresa May gjekk til val med slagordet «strong and stable», men det er lite som tydar på at det er stabilitet som kjem til å prege den britiske regjeringa og britisk politikk i tida framover.

Publisert: