Regjeringa manglar tillit til pressa

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) strammar inn på pressas tilgang til valresultatet.

Støre gjer valdekninga dårlegare.

Publisert: Publisert:

Kvar valkveld får eit knippe norske journalistar tilgang til førehandsstemmene halvannan time før det er lov å rapportere om valresultata.

No vil regjeringa fjerne denne tilgangen.

Det er nemleg blitt så vanskeleg for staten å halde styr på alle media som ønskjer tilgang, at dei vel å vrake ordninga.

Den innstramminga av pressas arbeid er eit grunnlaust tillitsbrot.

Stortinget bør vrake Jonas Gahr Støres (Ap) innstramming.

Regjeringa skriv sjølv at det berre er fire døme på at eit medium – sidan 2009 – har delt deler av valresultatet før klokka 21. Det mest alvorlege tilfellet var då NRK i 2015 opplyste om Arbeidarpartiets oppslutning elleve minutt før fristen.

Pressa tar ansvaret med denne tilgangen på alvor. NRKs feil førte til eit gebyr på 300.000 kroner.

I BT deler me redaksjonen i to i desse 90 minutta, for å sikre at dei som skriv saker eller snakkar i ein mikrofon før sperrefristen ikkje er kjent med stemmetala.

Tilgangen til førehandsstemmene påverkar ikkje valdekninga før kl. 21.00.

Frå det sekundet me har lov til å rapportere om valresultata, gjer denne tilgangen at me – og andre medium – kan formidle betre analysar av den foreløpige oppteljinga.

Det har ein stor verdi for publikum, men det legg ikkje regjeringa vekt på.

Utan desse 90 minutta kan valdekninga bli dårlegare. Og det er ein del av ein trend der styresmaktene gjer det stadig vanskelegare å få god informasjon om valresultatet.

Les hele saken med abonnement