Brexit-avtalen er betre enn alternativet

Sjølv ein dårleg avtale er godt nytt.

Storbritannias statsminister Boris Johnson på pressekonferansen julaftan, om avtalen mellom Storbritannia og EU.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Storbritannia fekk endeleg på plass ein handelsavtale med EU på julaftan. Storbritannias statsminister Boris Johnson kunne juble.

Resultatet er godt nytt – sidan overgangsavtalen uansett ville gå ut på nyttårsaftan. Då ville Storbritannia stått utan ein handelsavtale med sin viktigaste handelspartnar.

Det ville skapt eit kaos utan like.

Britane har stemt fram brexit i ei folkeavstemming og gitt den konservative regjeringa ny tillit i parlamentsvalet. Då var det berre rett og rimeleg at britane faktisk gjekk ut av EU. Men den britiske regjeringa har ført landet faretrugande nære ei stor krise.

Og sjølv ein handelsavtale betyr økonomiske tap for Storbritannia, samanlikna med å bli i EU.

Les også

Handelsavtalen med EU er i boks: – Har tatt kontrollen tilbake

Brexit-avtalen betyr likevel ikkje at EU berre blir eit tema for britanes utanriksdepartement i åra framover. EU er framleis ein betydeleg del av Storbritannias innanrikspolitikk.

Britane forpliktar seg no til å lage lovar og reglar som speglar EUs reglar, blant anna på klima og arbeidsmiljø.

I Noreg skjer dette saumlaust gjennom EØS-avtalen. Gjennom sin handelsavtale, har britane skapt seg fridomen til å auke byråkratiet sitt.

Avtalen inneber ingen tollbarriere mellom Storbritannia og EU, men døra er open for dette dersom britane ikkje følgjer opp europeisk lovgiving. Det vil derimot bli meir omstendeleg å handle mellom landa, og EU-avtalen får følgjer får britanes eksport av fersk mat.

Les også

EU-parlamentariker: Handelen vil ikke flyte like godt som før

Den mest eksplosive delen av brexit-forhandlingane, har heile tida vore statusen til Nord-Irland. Fredsavtalen der krev saumlaus handel med Irland, som er EU-medlem. Britane har på si side stilt krav om at det ikkje skal bli noko grense mellom Nord-Irland og resten av Storbritannia.

Avtalen slår fast at Nord-Irland skal vere ein del av EUs indre marknad. Det er eit tap for Boris Johnson og hans regjering. Nord-Irland står no nærare EU – og Irland – enn England, Skottland og Wales.

Handelsavtalen viser at det ikkje var mogeleg for ein nasjon med 65 millionar menneske å forhandle seg fram til ein betre handelsavtale enn det EU-medlemsskapet gir.

Gjennom EØS-avtalen har Noreg no ein enklare tilgang til den store, europeiske marknaden enn det britane har. I retur, har Storbritannia bunde seg til EU-masta når det gjeld reglar og reguleringar.

Det er vanskeleg å sjå korleis Storbritannia har kome godt ut av tre og eit halv år med forhandlingar om EU-utmeldinga.

Publisert: