Senterpartiet har blitt ei folkerørsle i Sogn og Fjordane

Stemninga i fjordfylket oppsummert i eitt ord: Regjeringsskifte. Denne målinga er nemleg fullstendig krise for høgresida.

Den heftige veksten til Senterpartiet dei siste åra starta i Sogn og Fjordane med Liv Signe Navarsete som toppkandidat. Ho er ein svært aktuell statsrådskandidat neste haust. Her er ho med partileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

42 prosent. Sannsynlegvis har Senterpartiet aldri blitt målt større i noko fylke nokon gong i partiets hundre år lange historie. Siktar dei mot reint fleirtal?

Bakgrunnstala viser at Sp får veljarar frå alle kantar av det politiske landskapet. Dei gjer det sterkt hos kvinner og menn, unge og gamle, i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Senterpartiet er ei folkerørsle no.

Om Sp held dette nivået, blir fyrstekandidat Erling Sande fort vekk statsråd om partiet går i regjering. Andrekandidaten, Aleksander Øren Heen, får fast plass på Stortinget på denne målinga. Dermed kan tredjekandidat Emma Berge Ness også gjere seg klar for parlamentet.

Det har blitt peika på partileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum som ein hovudgrunn til den enorme framgangen Sp no opplever. Det blir for enkelt, sjølv om Vedum gjer alt rett om dagen.

Det er svært sjeldan at ein enkeltpolitikar flyttar røyster i eit slikt omfang som Sp no gjer. Ta ein politikar som Kristin Halvorsen: I sine beste år som SV-leiar var ho enormt populær. Dei fleste som likte Halvorsen røysta likevel aldri SV.

Ærast den som ærast bør: Regjeringa fører ein politikk som sender veljarane rett i armane på Sp.

Les også

Trym Aafløy mister trolig lønnen på over 900.000 kroner

Sist veke intervjua Klassekampen Linda Cathrine Hofstad Helleland, som er Høgres distrikts- og digitaliseringsminister:

«Trygve Slagsvold Vedum prøver å dyrka fram ein konflikt mellom byfolk og bygdefolk. Gjennom polariserande retorikk prøver han å skapa ei splitting.» Om dette faktisk er Høgres analyse av opprøret, forklarer det kvifor dei taper så det syng.

Det er ikkje Sp som har fyrt opp opprøret. Det er opprøret som har fyrt opp Sp.

Les også

Podkast: – Dette er tidenes jubelmåling for Senterpartiet

Under Vedum har partiet breidd seg ut. No oppfattar veljarane at Sp er partiet som kjempar mot sentralisering på brei front, og ikkje berre står for smalare landbruksinteresser. Det gjer at også folk i byane kan røyste Sp.

Slik stod dei perfekt posisjonert for å ta imot veljarar som er fortvilte over trong kommuneøkonomi, hardhendte reformer, uønskte vindmøller og nedlegging av viktige institusjonar.

Partiet vil nok slite med å innfri alle forventningar dei nye veljarane har, men dét problemet dukkar fyrst opp etter valnatta.

Erling Sande er fyrstekandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Han startar valkampen med å ha nesten annankvar veljar i fylket i ryggen.

Her vest verkar det heller ikkje som om folk er like opptekne av Vedum. Det har alltid vore skilnad på Vestlands-Sp og korleis partiet ser ut på Austlandet og i Trøndelag.

Småbrukarar mot storbønder. Arbeidarklasse mot overklasse. Målsak mot riksmål. Sånn er det nok delvis framleis. Liv Signe Navarsete fekk 30 prosent i 2017-valet. Då fekk Sp ti prosent nasjonalt. Dama er destillert motkultur.

Les også

FNB i sjokk etter Aafløy-bombe

Det er eit godt stykke frå vestlendingane Kjersti Toppe, Nils Bjørke og Erling Sande til austlendingar og trønderar som Ola Borten Moe, Jan Bøhler og Trygve Magnus Slagsvold Vedum.

Men sjølv om det nesten ikkje verkar slik hos veljarane, stiller det andre parti til val i Sogn og Fjordane også:

Målinga er fullstendig krise for høgresida. Borgarleg blokk stod ikkje sterkt i Sogn og Fjordane, men på denne målinga får Frp, Høgre, Venstre og KrF 27 prosent. Stort høgare er det vel ikkje mogleg å brøle «regjeringsskifte».

Høgre mistar stortingsplassen på denne målinga. I så fall kan Sunnfjord-ordførar Olve Grotle bli verande på rådhuset i Førde.

På denne målinga mistar Høgre stortingsplassen frå Sogn og Fjordane. Heldigvis er fyrstekandidat Olve Grotle også svært glad i den noverande jobben som ordførar i Sunnfjord kommune.

7,4 prosent til Frp er historisk svakt. Partiet har tapt truverd på saker som skatt og samferdsle, og manglar i tillegg profilar i fylket.

Tore Storehaug har representert KrF på Stortinget i fire år og stiller til val på nytt. Veljarane takkar han for innsatsen med 3,6 prosent oppslutning på denne målinga.

KrF har mista grepet om distriktspolitikken og slått inn på ein verdikonservativ veg. Det er mange kristne i fjordfylket, men dei bryr seg meir om kommuneøkonomi og arbeidsplassar enn om bioteknologi og abort.

Tore Storehaug er finanspolitisk talsperson for KrF og stiller til val for ein ny periode. Han er i så fall heilt avhengig av at KrF kjem over sperregrensa og at han får utjamningsmandatet. Det er langt frå sikkert.

Venstre slit med inntrykket av at dei er eit parti for byfolk (og knapt nok det). Alfred Bjørlo blir partiets fyrstekandidat. Den populære Stad-ordføraren fekk 36,2 prosent i kommunevalet i fjor.

Det er diverre ingen garanti for suksess ved stortingsvalet. På denne målinga får Venstre 3,1 prosent. Mitt inntrykk er at lokale Venstre-kandidatar gjer det betre jo mindre folk assosierer dei med partiet dei er med i.

Alfred Bjørlo er Venstres fyrstekandidat. Sjølv om han er for kjendisordførar å rekne, er det førebels berre tre prosent som meiner han bør representere Sogn og Fjordane på Stortinget.

For Arbeidarpartiet er dette ei elendig måling. Dei held mandatet, men er no nede på 20 prosent. Torbjørn Vereide er ikkje ein veldig kjent kandidat, og han kan fort måtte kjempe mot Høgre om denne plassen.

Ein skulle kanskje tru at parti som SV, Raudt eller MDG kunne kapre nokre protestrøyster, men det ser ikkje slik ut. I Sogn og Fjordane er det eitt spørsmål som gjeld dette valet:

Kor høgt skal eigentleg Senterpartiet?

Publisert: