Stengde tunnel og undersøkte varebil etter knivstikking

To menn er arrestert på Voss etter knivstikking. Riksveg 13 i Hardanger var søndag stengt av politiet, som leita etter spor.

UNDERSØKINGAR: Politiet undersøkte søndag ein varebil på parkeringsplassen utanfor lensmannskontoret i samband med knivstikkinga.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Ein mann i 20-åra møtte opp med knivskadar på legevakta på Voss i natt. Det er søndag ukjent kor alvorleg skadd mannen er.

Politiet ville søndag ikkje seie om dei veit kvar knivstikkinga skjedde, eller om dei har kontroll på kniven.

Søndag ettermiddag leita politiet etter tekniske spor i ein varebil.

– Eg kan bekrefte at dette er i samband med etterforskinga, seier politiadvokat Erling Melvær.

Stengde tunnel

Søndag ettermiddag stengde politiet Riksveg 13 i Hardanger, i Vallaviktunnelen i Ulvik, i leitinga etter tekniske spor.

Som eit resultat vart også Hardangerbrua stengt.

STENGER TUNNEL: Vallaviktunnelen på Rv 13 blei stengt søndag mens det blir lett etter spor i samband med knivstikkinga.

Søkte i tunnel

– Det pågår eit søk i samband med knivstikkinga. Vi har ein patrulje der som leiter innan eit spesielt strekk, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til BT søndag formiddag.

Rebnord kunne ikkje seie kva politiet leita etter.

Vest politidistrikt fekk melding om saka klokka 23.55 laurdag kveld.

– Etterforskinga har gått føre seg i heile natt, og har ført til at politiet har pågrepe to personar i saka, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

UKJENT SKADEOMFANG: Knivofferet møtte sjølv opp her ved Voss legevakt. Det er ukjent kor skadd mannen er.

Alle tre er utlendingar

Det dreiar seg om to menn med utanlandsk statsborgarskap, den eine i slutten av 20-åra og den andre i slutten av 40-åra.

Dei to er sikta for grov kroppsskade med bruk av kniv og medverking til dette, opplyser Melvær til BT.

Også offeret har utanlandsk statsborgarskap. Han kjem frå eit land i Aust-Europa, ifølgje operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

– Dei to sikta mennene har tilknyting til Hordaland i samband med arbeid, seier Melvær.

Han kan ikkje seie noko om tilknyttinga dei har til kvarandre, eller noko om tilstanden til den skadde.

Snakka med offeret

Både lokalt politi og forsterkingar frå Bergen arbeidde på Voss natt til søndag. Melvær kan ikkje å seie noko om kva som gjorde at dei to vart tatt.

– Dei var inne i saka som vitne, og vart arresterte medan dei var hos politiet. Bakgrunnen for dette kan vi ikkje seie noko om nå, seier Rebnord.

Han opplyser at politiet har snakka med knivofferet.

– Vi hadde ein veldig kort dialog med han, medan han var under behandling på sjukehuset, seier Rebnord.

Dei to arresterte blei frakta til arresten i Bergen søndag morgon.

Leiting etter tekniske spor

Rebnord kan ikkje seie om politiet har funne kniven som har vore brukt. Han vil heller ikkje fortelje om politiet har oversikt over kvar knivstikkinga har skjedd.

– Eg veit det har vore leita etter tekniske spor i natt. Om det er gjort funn, har eg ikkje oversikt over, sa operasjonsleiaren søndag morgon.

– Har kontroll på personane

Han seier politiet ikkje har grunn til å tru at fleire har vore involvert i knivstikkinga.

– Vi meiner vi har kontroll på dei aktuelle personane, seier Rebnord.

Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen kan ikkje seie noko om kor alvorleg skadd mannen er.

– Vi har slutta å opplyse om tilstanden til enkeltpasientar, seier Vigander.

Publisert: