Ransforsøk og knivstikking på Torgallmenningen

Ein mann i 20-åra er arrestert og sikta for knivstikking, melder politiet.

STOR UTRYKKING: Politiet brukte store ressursar etter meldinga om ranet.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

To personar har blitt forsøkt rana, og ein mann i 30-åra blei knivstukken i området rundt Torgallmenningen i Bergen i kveld.

– Først fekk vi melding om eit personran, og like etter ei ny melding om at ein ny person var blitt knivstukken like ved. Dette har skjedd på veldig kort tid, fortel operasjonsleiar i politiet, Tatjana Knappen.

Dei som har blitt forsøkt rana er to ungdommar skal ha stått ved busstoppet utanfor Høyer.

Klokka 21.32 blei ein mann arrestert i samband i saka.

– Vi har arrestert ein mann i 20-åra. Han er førebels berre sikta for knivstikkinga, men skildringa av gjerningsperson passar også godt med forsøket på ran, fortel operasjonsleiar.

Sendt til sjukehus

Like etter klokka 22.00 i kveld aksjonerte politiet mot eit hus i Sandviken.

Arrestasjonen skal ha skjedd utan dramatikk på ei privat adresse, ifølgje politiet.

– No vil det bli gjort kriminaltekniske undersøkingar av han, fortel Knappen.

Jourhavande jurist Laila Skeide opplyser til BT at den arresterte mannen er kjent for politiet frå før.

– Han er førebels sikta for kroppsskade, og vil bli avhøyrd i dag eller i morgon, seier ho.

Mannen som blei knivstukken blei frakta til Haukeland med ein gong etter hendinga. Vedkomande var medviten.

INNSATSLEIAR: Politiet leitar etter gjerningspersonen i Bergen sentrum.

Ønskjer å kome i kontakt med vitne

Søndag kveld blir dei to som blei utsett for ransforsøk avhøyrt. Ein anna patrulje forsøkjer også å få snakka med mannen som blei knivstukken.

– Vi forsøkjer å finne ut nøyaktig kvar knivstikkinga skjedde, og om det finst overvakingsbilete av hendingane. Vi brukar alle tilgjengelege ressursar på denne saka, seier Knappen.

Ifølgje politiet skal hendingane ha funne stad rundt klokka 18 søndag kveld. Ingen vitne har så langt meldt seg.

Politiet vil førebels ikkje gå ut med noko signalement på gjerningsmannen, fordi dei ønskjer å unngå at potensielle vitne blir påverka.

Ifølgje NTB avhøyrer politiet dei to som vart utsette for ransforsøk. Dei skal vere uskadde.

Politiet ønskjer å kome i kontakt med vitne som kan ha sett noko i området mellom Høyer og Lido-hjørnet i Bergen sentrum.

Andre alvorlege valdshegninga i helga

Dette er den andre alvorlege valdshendinga i Bergen sentrum denne helga. Natt til laurdag blei fire personar, den yngste 17 år gammal, arrestert etter at dei skal ha trua forbipasserande med kniv og gasspistol.

To av dei sit framleis i arresten. Måndag tek politiet stilling til om dei skal framstillast for fengsling.

Tips eller bilete? Send oss ein e-post her eller ring oss på 02211.

Publisert: