Politiet køyrde 253 kilometer og måtte innom tre legevakter for å få full mann i arresten

Politiet hadde det enormt travelt natt til søndag – blant anna med ein mann dei måtte frakte 253 kilometer for å få plassert i arresten.

TREDJE FORSØK: Mannen i 30-åra slo seg vrang både på legevakta i Lærdal og på legevakta på Voss i natt. Neste stopp: Bergen legevakt.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Festar som har gått over styr, slagsmål, trugslar og folk som ikkje har gjort som politiet har bedt dei om. Det samanfattar laurdagsnatta for politifolka som hatt vakt i Vest politidistrikt.

– Det har vore skikkeleg travelt. Vi har registrert 120–130 ulike hendingar sidan midnatt. Patruljane har køyrt frå det eine til det andre i heile natt, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Fleire hamna i arresten for drukkenskap, dårleg oppførsel og også valdsbruk mot politiet.

Slagsmål og skadeverk

I Åsane vart politiet tilkalla til ei leilegheit der det i halv tretida var tumultar mellom ein mann i 30-åra og ei kvinne. Ho opplevde mannen som trugande, og politiet ville ta han med seg vekk frå husværet. Mannen ville ikkje vere med på dette, og det vart eit basketak som enda med at han hamna i arresten.

Det same hendte med ein mann tidleg i 20-åra som ikkje gjekk med på å bli vist bort frå Nedre Ole Bulls plass, også dette cirka klokka 02.30.

Litt tidlegare på natta hamna ein mann i slutten av 20-åra i arresten etter eit slagsmål ved Grieghallen der fire personar var involverte.

Også frå Sund på Sotra måtte politiet hente ein mann tidleg i 20-åra, etter slåsting og skadeverk på ein privat fest.

Prøvde å springe unna

Aller mest arbeid hadde politiet med ein mann i Årdal i Sogn. Det byrja med at ein lokal patrulje skulle kontrollere ein bil etter å ha fått melding om ei mogeleg valdshending.

– Dei fekk stansa bilen, men mannen prøvde å springe frå patruljen. Det greidde han ikkje, seier operasjonsleiar Rebnord.

Mannen, som er tidleg i 30-åra, hadde ikkje det minste lyst til å bli med politiet i deira bil.

– Det var høg grad av rus, med spytting og sparking og voldsom oppførsel på ymse legevakter, seier operasjonsleiaren.

Tre patruljar bytta på

Fordi mannen verka så rusa, måtte politiet få ein lege til å vurdere tilstanden før dei kunne plassere han i ei celle. Dei skulle også ta blodprøve, på grunn av mistanke om promillekøyring. Det viste seg å vere lettare sagt enn gjort.

Politiet prøvde først på legevakta i Lærdal, deretter på Voss. Ingen av delane gjekk. Turen gjekk difor vidare retning Bergen, der mannen var venta inn søndag formiddag.

Då hadde ein patrulje frå Bergen tatt over transporten frå ein patrulje på Voss, som tidlegare på natta hadde gitt avløysing for patruljen i Årdal.

– Lang og strevsam tur

Kortaste distansen frå Årdal til Bergen langs vegen er 253 kilometer.

– Det vart ein lang og strevsam biltur. Men det er vanskeleg for legane å gjere arbeidet sitt når folk er så voldsomme. Vi er også avhengige av å ha nok folk på vakt i arresten i slike tilfelle. Ein ting er å ta inn folk som skal sove ut rusen, noko anna er personar som oppfører seg på denne måten, seier operasjonsleiaren.

Mannen må bu seg på å bli meldt for ei lang rekke forhold etter nattas hendingar.

Klokka 9.10 var politibilen med arrestanten ein stad mellom Voss og Bergen, med kurs for legevakta i Solheimsviken.

– Det siste vi har høyrt er at han har roa seg, og at turen går greitt, seier operasjonsleiar Rebnord.

Publisert: