Ønskjer seg Europride til Bergen
Regnbuedagene i helga blir småtteri: Byrådet vil ha Europas største homofestival til Bergen.
Ambisjonen vart kunngjort av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) under Regnbuedagene laurdag. I august reiser ho og byråd Erlend Horn (V) til Amsterdam for å fremje Bergens kandidatur som vertsby for Europride i 2020.
— Bergensarane er gode til å arrangere store arrangement, og stiller alltid opp. Vi vil ha Europride hit fordi vi meiner Bergen skal gå i front i LHBT-spørsmål (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar), også internasjonalt, seier ordførar Persen.
Samla byråd står bak
Europride er Europas største LHBT-festival, og har sidan starten i London i 1992 samla millionar av menneske til feiring i byar Europa rundt.
Debatt:
«Derfor er homokampen min kamp»
I Madrid i 2007 var meir enn ein million menneske med under parada, som er festivalens høgdepunkt.
— Det er venta ca. ein million menneske også i Amsterdam. Vi får neppe så mange til Vestlandet. Men vi kjem til å arbeide steinhardt under besøket vårt for å få arrangementet til Bergen i 2020. Eit samla byråd står bak initiativet, seier sosialbyråd Erlend Horn.
- Utruleg stas
Det bergenske kandidaturet blir fremja i samarbeid med Fri (Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, tidlegare LLH).
Les også:
Mobiliserer før homoparade
— Festivalen har både eit fagleg program, med markering av viktige rettar, og full festivitas, med ein folkefest som fyller gatene. Det hadde vore utruleg stas å få dette til Bergen, seier byråd Horn.
Ventar rift om arrangementet
Byråden reknar med at det vil bli konkurranse om å få vertskapet til arrangementet.
— Dette vil også kome byens nærings- og kulturliv til gode. Ei undersøking frå Stockholm, som var vertskap i 2008, viser at gjestane la att 50-60 mill. kroner. Dette er eit populært arrangement som eg vil tru mange byar ønskjer seg, seier Horn.
2020 eller 2021
Besøket under Europride-festivalen i Amsterdam skal brukast på lobbyarbeid. Avgjerda om kven som skal få arrangementet, er venta på vårparten.
Dersom Bergen ikkje når opp i konkurransen om 2020-festivalen, vil byrådet satse på 2021.
Ordførar Persen meiner Bergen har eit ansvar også som den einaste norske byen i «Rainbow Cities Network», eit nettverk som arbeider for å fremje LHBT-rettar.
Skremt i Polen
— Eg deltok i ei regnboge-parade i Gdansk i Polen i slutten av mai. Det var ei heilt anna oppleving enn det vi ser under Regnbuedagene her i Bergen. Det var ganske skremmande, med hundrevis av motdemonstrantar, seier ordførar Persen.
— I land som ligg ganske nær oss har LHBT-folket veldig dårlege kår, også når det gjeld retten til å ytre krava sine. Vi kan hjelpe med å gje dei styrke til å kjempe vidare og vise solidaritet, seier Persen.
Ho er budd på at kommunen må stille ei eller anna form for økonomisk garanti.
— Kanskje er det naturleg at vi også får med oss andre. Uansett har eg skjønt at andre arrangørbyar, som Oslo i 2014, har hatt svært gode erfaringar, seier Persen.