Stille stund for "Sleipner" -omkomne

Rundt 60 pårørande deltok i går kveld i minnestunda for dei 16 omkomne i "Sleipner"-ulukka.

NYE BLOMAR: Nok ein gong var Atle Haukøy på Ryvarden og la ned blomar på minnestaden for dei "Sleipner"-omkomne, blant dei kona hans Ruth Marit Haukøy frå Osterøy.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 19 år gammel

OVE ARNE OLDERKJÆR

-Ei fin markering, sa Atle Haukøy. Den pensjonerte ferjeskipperen frå Osterøy som mista kona si Ruth Marit i forliset 26.november 1999, deltok i minnestunda på Ryvarden fyr i går, slik han gjorde samme stad på eitt— og toårsdagen til ei av Vestlandets verste skipsulukker.

Faklar, song, minneord og ei stille stund der berre dønningane nedanfor "Sleipner"-minnesmerket gav lyd. Like etter at tidspunktet for "Sleipner"s undergang var passert klokka 19.36, gav sørgåande snøggbåt lydsignal idet han passerte lysglimta på Bloksene. Nymånen bak skyene understreka den spesielle stemninga.

Sjukehusprest Gro Håvåg Stensnæs, Sveio-ordførar Jorunn Skåden, Tove Følid frå Minnemerkegruppa og Lars Nervik frå Røde Kors Hjelpekorps sa fram minneord. Andre Søfteland, klassekameraten til ein av dei omkomne i ulukka, Wim Christer Følid song Ave Maria og Halleluja.

Publisert: