Torjus sit fastklemt bak faren.
Han høyrer skrik, men det er heilt stille i framsetet.
«Kom dåke ut», skrik 14-åringen til søskena.
TITTEL PÅ SAKA: Barna i baksetet

Den yngste sit i midten og les i juleheftet til Knoll og Tott. Om 20 dagar fyller den spinkle, raudhåra guten 12 år. Åsmund tel ned.

Søstera Otelie (16), like raud i håret, tekstar med ei veninne om ein naturfagprøve. Ho sit til venstre, bak mamma ved rattet.

Mørklugga Torjus, 14 år og konfirmant til våren, har plassert seg bak pappa i passasjersetet.

På kjøkkenbordet står restane av sundagsmiddagen. Dei har ete laks, men ikkje hatt tid til å rydda. Familien har fullt program resten av dagen.

Først skal dei på besøk til oldemor i Arna, deretter sjå Otelie og Strandvik IL spela treningskamp i volleyball mot Søre Neset.

Mamma ryggar Passaten ut av garasjen og svingar ut på hovudvegen.

Det er 27. januar 2013.

Bilete tatt hos forograf av dei tre borna, som heng på veggen heime.
Otelie, Torjus og Åsmund Tuft smiler til fotografen nokre år før ulukka.

I bilen pratar dei om volleyball, som er det store i Strandvik. Bygda i Fusa har fem baner og årleg sandvolleyballturnering. Alle i baksetet spelar, og mor er trenar for jentelaget.

Utanfor er det null grader og sludd. Ein lenger kuldeperiode har slått over i mildvêr, og nedbøren legg seg på det tynne islaget i vegbana.

Dei har passert Eikelandsosen og Holmefjord då stasjonsvogna plutseleg får sladd og sklir mot eit busskur. I neste sekund dundrar ein trailer forbi.

Alle held pusten. Det gjekk bra. Flaks, tenkjer Otelie.

Familien køyrer vidare, men like før kommuneskiltet til Samnanger skjer det igjen.

Denne gongen er flaksen brukt opp.

Les hele saken med abonnement