Rømt fange (20) kom seg truleg forbi politisperringar

Den 20 år gamle mannen som rømde frå politiet på ferjekaien på Vangsnes måndag kveld, skal ha kome seg forbi politisperringane og kan ha tatt turen mot Bergen eller austover.

SPRANG FRÅ POLITIET: Det var her ved Vangsnes fergekai at ein fange klarte å sprinte frå politiet. Tysdag ettermiddag var han framleis på frifot.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

– Vi reknar med at den ettersøkte fangen no er ute av Vik og forbi politisperringane, seier Bent Næss, operasjonsleiar i Vest politidistrikt avdeling Sogn og Fjordane.

Måndag kveld melde politiet i Sogn og Fjordane at ein fange på veg til varetektsfengsling i Vik, klarte å rømme på ferjekaia ved Vangsnes.

Klokka 09.28 tysdag melde politiet i Vest Politidistrikt at ein bil var meldt stolen frå Vik sentrum.

– Vi ser det som svært sannsynleg at det er den ettersøkte fangen som har stole bilen og at han har køyrt over Vikafjellet. Vi trur ikkje lenger at han oppheld seg i Vik, men har lokale patruljar på staden, sa Næss.

Fleire kontrollpostar langs vegen

Den rømde fangen skal ha stole ein kvit Seat varebil med kjenningsnummer KB 24653 i Vik sentrum. Politiet ber no publikum halde augo opne.

– Det er ingen grunn til å tru at fangen er farleg. Kva mannen skulle varetektsfengslast for, ønskjer eg ikkje å kommentere på noverande tidspunkt, seier Næss til Bergens Tidende.

«Fange har stukke av frå politiet på Vangsnes ferjekai. Vedkomande har mørke kle – mørk hudfarge og 175 cm høy», skreiv politiet på Twitter måndag kveld.

Dei trur no at han kan ha stole klede og skifta til ei oransje jakke med «Røyrvik Bygg og Betong» på ryggen, svart bukse med refleks nede og svart hue med XL bygg-reklame på.

– Det er få andre stadar enn over Vikafjellet mannen kan ha tatt vegen. Vegen over fjellet eller ferje over til Hella er dei einaste alternativa frå Vangsnes. Men vi er sikre på at fangen ikkje har tatt seg over fjorden, seier Næss.

Politiet i Sogn og Fjordane har sendt ut varsel til nabodistrikta, har patruljar på vegane og har sett ut fleire kontrollpostar på strategiske stadar.

Fekk fråstole arbeidsklede

Tidlegare tysdag morgon melde politiet om at nokre klede var blitt tatt frå ein privat bustad i Båtevika mellom Vangsnes og Vik.

– Eg hadde nokre arbeidsklede som hang på trappa. Då eg skulle på arbeid i dag tidleg var kleda søkk vekk. Ei hue, jakke og ei bukse, seier Arne Morten Sætevik, som vart fråstolen kleda.

Sætevik bur sju kilometer frå Vangsnes feriekai og fire kilometer frå Vik sentrum.

– Eg har verken sett eller høyrt nokon utanfor huset i natt, men ringde politiet med det same, seier Sætervik, som arbeidar som betongarbeidar inne i Vik.

Sperringane på Voss er avslutta

Ein hundepatrulje frå Bergen deltok i søket etter den rømde fangen.

– Måndag kveld sende vi ein hundepatrulje til Sogn. Det er slett ikkje lett å leite etter ein rømling i mørket utan slik bistand, seier Morten Kronen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Hundepatruljen søkte fram til eitt-to tida natt til tysdag. Tysdag morgon starta dei opp att søket. Då beskjeden om den stolne bilen kom, returnerte dei til Bergen, seier Kronen.

Operasjonsleiaren seier at dei og har bidrege med kontrollpostar på Voss, som no er avslutta. Politiet meiner sjansen er stor for at fangen har kome seg forbi denne.

– Ergeleg at bilen er vekk

Ivar Endestad er mannen som eig den stolne fluktbilen.

– Eg skulle ut i bilen og hente nokre fuglefrø eg hadde kjøpt dagen før. Men bilen var borte. Først trudde eg at eg hadde gløymt handbrekka og at bilen hadde trilla ned bakken, men eg fant den ikkje att nokon stad, seier Endestad.

Då ringde han politiet som straks sende ein patrulje.

– Det er ergeleg at bilen er vekk. Vanlegvis hentar eg alltid bilnøkkelen om kvelden, men måndag kveld blei det ikkje gjort. Er ikkje det typisk, seier Endestad.

Politiet meinte det er den rømde fangen som står bak, og at tjuveriet må ha skjedd mellom klokka 03.00 og 04.00 natt til tysdag.

– Eg og kona la oss rundt halv eitt-eitt. Då stod bilen framleis på tunet, seier Endestad, som legg til at huset deira ligg litt avsides til og slett ikkje er enkelt å finne fram til.

Publisert: