- Nei, no skjin da! Sjå - dar har Anders'n jammen sant'n malt pikken sin kvit!

Dette var replikken til den eine av dei to konene som for mange år sidan rodde forbi ei øy vest for Bergen. Heilt nede ved sjøen budde det folk, og i eldre tider vart utedoen gjerne kalla pikken.

SPRÅKENTUSIAST: - Språket er vår viktigaste kulturberar. Det fortel mykje om historia, ikkje minst om lokalhistoria. Det er som rota på eit tre, treet må ha gode røter for å klara stormane, seier Hans Lauvik (69), forfattaren bak boka «Kav stril». Her er han på veg ned til naustet sitt på nordre Langøyna i Fjell.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Historia er henta frå Hans Lauvik og Tore Turøy si bok «Kav stril — ord og uttrykk med noko attåt». Boka, som kom ut for knapt tre år sidan, inneheld 2200 gamle ord og uttrykk frå strilemålet på Sotra og i Øygarden, samla inn over eit tidsrom på meir enn 20 år.

Det er sjølvaste Ivar Aasen, språkforskaren og diktaren, som forklarar ordet pikken - eller pikkhuset - som namnet på utedoen. Han skriv nemleg at pikk i gamal tid kunne tyda kopp, kar eller lite spann, og det kan ha vore brukt som namnet på dokaggen.

Ei anna historie frå Algrøyna i Fjell fortel om ein storm som var så hard at pikken datt ned.

Ta quizen:

Les også

Kan du desse kystorda?

73 ord om skyer og vind

— Det skal ikkje mykje fantasi til for å forstå at dette namnet måtte skapa mange gode anekdotar i den aldri kvilande folkehumoren, seier forfattaren av «Kav stril», Hans Lauvik.

Han har alltid vore oppteken av strilemålet, og i så måte ord og uttrykk på kysten, noko som kjem tydeleg fram i boka hans også.

— Ord knytta til vêr og føre er det flust av, eg har 33 ord og uttrykk relatert til skyer og 40 ord relatert til vind. Men det er ikkje berre orda og uttrykka åleine som er kjekt å trekka fram, like viktig er dei gode historiene som følgjer med, mange av dei humoristiske, seier Lauvik.

- Overveldende respons

Lagmann Hanne Sophie Greves utspel om å samla kystord og kystuttrykk langs norskekysten i eit kystordverk, er møtt med stort engasjement. Det viser mellom anna igjen på lesarane sine bidrag på BT sine nettsider, der det kan leggjast inn ord ein kjenner til eller har høyrt om.

_P7A5346 (1).jpg

Hanne Sophie Greve:

Les også

Er redd for at kystordene går i glemmeboken

— Jeg har selv fått en overveldende positiv tilbakemelding fra mange kanter. Det er jo fantastisk at entusiaster som Lauvik og andre langs kysten allerede har gjort en kjempejobb med å dokumentere skriftlig det store mangfoldet av ord og uttrykk som finnes.

Greve meiner det må ein felles dugnad til for å sikra at orda ikkje forsvinn frå kystkulturen.

— Kysten er full av uttrykk, og jeg er redd de kan forsvinne hvis vi ikke bryr oss tilstrekkelig, seier ho.

Les også:

Les også

- Ein god idé

Nauss'n = gravferd

På nordre Langøyna i Fjell kommune fortel Hans Lauvik om arbeidet med å samla inn 2200 ord og utrykk frå kysten vestom Bergen.

— Når ein først startar på eit slikt registreringsarbeid, blir ein heilt oppslukt. Stundom har eg brukt heile kveldar på eitt einaste ord, som til dømes ordet naussen eller nauss'n. Det kjem av ei naudsyn, som betyr ei nødvendig handling, for eksempel stell av sjuke og gamle, men det er også brukt om gravferd. Sjølv har eg aldri høyrd ordet brukt, men det har ei kjelde eg har prata med.

LITT SKEPTISK: Hans Lauvik er ikkje trygg på at dagens ungdom vil klara å halda på dialekta si. - Eg meiner skulen burde lagt meir vekt på lokal kultur og lokal historie, seier Fjell-mannen.

I arbeidet sitt har Lauvik hatt mange støttespelarar.

— Eg kan ikkje nemna alle, men Hans Lønøy står i ei særstilling. Han har skaffa meg svært mange ord til samlinga og vore min faste konsluent i alle desse åra, seier den pensjonerte læraren og rektoren.

Kommentar:

Les også

Dugnad for kystspråket

— Engsteleg for utviklinga

- Kvifor er det så viktig å ta vare på gamle ord?

— Språket er vår viktigaste kulturberar. Det fortel mykje om historia, ikkje minst om lokalhistoria. Det er som rota på eit tre, treet må ha gode røter for å klara stormane. Dialekta er til dømes ein del av min identitet, og vi må passa oss for ikkje å svikta oss sjølve ved å la lokal talemåte forsvinna.

- Trur du unge folk er interesserte i å ta vare på dialekta si?

— Eg må innrømma at eg er litt engsteleg for utviklinga. Etter mitt skjøn burde skulane informert meir om lokal kultur og lokal historie.

- Din knetakløyvar!

- Men det hjelper vel på å gje ut ei bok som du har gjort?

— Målet med boka er å skapa bevisstgjering rundt sin eigen, lokale dialekt, og då spesielt her på Sotra og i Øygarden. Forhåpentleg har boka vore til hjelp også for andre, for ho er til no seld i over 4000 eksemplar. Likevel merkar eg på omgjevnadene at det kan bli krevjande for ungdomen å ta vare på strilemålet og den lokale dialekta.

Vi ber Lauvik om eit gamalt dialektuttrykk til.

— Ein knetakløyvar er ein som er gniten, gjerrig over alle grenser. «Han udne deg ikkje eit knet» . Knet betyr lusegg. Knetakløyvar er også registrert i fleire andre vestlandsdialekter, avluttar 69-åringen.

_P7A5346 (1).jpg
Publisert: