Dugnad for kystspråket

Det tradisjonelle kystspråket døyr ut, skriv Asbjørn Kristoffersen.

Publisert: Publisert:

**Allslags folk** og kulturar har reke i land på kysten. Gamle, norske ord og uttrykk har blanda seg med låneord frå tysk, hollandsk og engelsk. At mange av dei ikkje er å finna i offisielle ordbøker, er ei nedvurdering av kystkulturen.

Det kan vi ikkje finna oss i. Det har vi ikkje råd til om vi vil forvalta kysten på berekraftig vis i klimakrisa og grådigskapens dagar.

iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Kystfolk er farande folk, kystkultur er blandingskultur. Ankerkjetting? Hollandsk i båe endar, men godt forstått framleis. Verre står det til med forståinga av mange andre ord og uttrykk i kystspråket, som du får ein prøve på i dag.

Vi må appellera til dei eldste blant oss om å bidra med sine kunnskapar i den dugnaden som lagmann Hanne Sophie Greve no inviterer til. Kystens folk må mobilisera for kystkulturen.

Sjekk denne:

Les også

Er redd for at kystordene går i glemmeboken

Så lenge det var om å gjera å vera mest mogeleg sjølvforsynt med mat og reiskapar, gjekk ord og uttrykk i arv frå generasjon til generasjon. Denne kunnskapen var nødvendig for å oppretthalda levebrødet.

Med meir spesialiserte næringsvegar, vart det mindre behov for det nære hopehavet mellom det lokale naturgrunnlaget og yrkesutøvinga.

Fiskarbonden er pensjonert, ungar som veks opp på kysten må ikkje lenger ro, fiska og arbeida i slåtten for å bidra til familiens føde.

Å ta hyre i utanriksfart som 15-åring, å læra seg bruken av norsk sjøfarts låneord frå tysk og hollandsk og engelsk straks etter konfirmasjonen, er ikkje lenger mogeleg. Det tradisjonelle kystspråket døyr ut.

Greve får støtte:

Les også

- Ein god idé

Mange yngre folk er blitt hobbyfiskarar, somme er blitt hobbysmåbrukarar. Dei ville hatt god nytte av den kunnskapen som kystspråket ber i seg.

I dei eldste generasjonane finst det framleis mange som enno hugsar gamle ord og vendingar, og kva dei hadde å seia for forvaltinga av ressursane på sjø og land.

Ressursane kunne ikkje overforbrukast så lenge folk skulle leva av dei i generasjon etter generasjon. Det perspektivet skulle vi framleis hatt med oss, no når vi er blitt oljenasjon, oppdrettsnasjon og havimperialistar. Vi har fått endå fleire blandingsspråk, ein endå meir mangslungen kystkultur.

Debatt:

Les også

Kva med mjølk frå Vinmonopolet?

Norway, Norwegen, Noreg , nordvegen er kystvegen, vi har alltid levd av havet, av heimeavla og importert kunnskap, av import og eksport, av blanda genar.

Noko gammalt, noko nytt, noko lånt og noko stole. Det blir ikkje reindyrka kulturarv av slikt. Det har kanskje hatt noko å seia for den akademiske nedvurderinga av kystspråket. Blandingsspråk har ikkje hatt særleg høg status.

Om kystfolk ikkje har fått offisiell status, får vi sjølve skaffa oss den statusen som måtte passa oss. Det er kystfolket som er mest verdsvane. Det er kystfolket som må berga kystspråket.

Publisert: