- Ein god idé

Utspelet om å samla ord og uttrykk frå kysten i eit eige kystordverk får støtte frå fleire hald.

STØTTAR GREVE: - Dersom ungdomen ikkje får kjennskap til dei gamle uttrykka, vil dei over tid forsvinna, seier Peter Emit Kaland, professor emeritus.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— Dette handlar både om å ta vare på dei gamle dialektuttrykka langs kysten og den nynorske språktradisjonen, seier Margrethe Kallestad, driftsleiar ved Nordsjøfartmuseet i Telavåg i Sund kommune.

Ho synest det er flott at kystkulturen gjennom dette får endå større merksemd.

— Kystkulturen er dessverre ikkje så mykje omsnakka som bondekulturen austpå opp gjennom tidene. Å samla ord og uttrykk frå kystmiljøa vil heilt sikkert auka engasjementet for historia vår langs heile kysten.

Les også

Er redd for at kystordene går i glemmeboken

— Einsarta identitet

— Kva trur du vil skje dersom ein ikkje tek vare på dei gamle kystorda?

— Då er eg redd identiteten på ein måte flatar ut, at den blir for einsarta. Særmerkte ord og uttrykk er uhyre viktige å ta vare på for komande generasjonar.

Kallestad sit i bygdeboknemnda i Sund kommune og har vore delaktig i alle dei fire banda som hittil er utkomne. No vert det arbeidd med band fem, som omhandlar gards- og ættesoge.

— Også gjennom dette arbeidet ser vi kor viktig det er at tradisjonar og historie kjem fram i dagen og blir dokumentert.

Debatt:

Les også

«Stril» er ein heiderstittel

— Vil forsvinna over tid

Professor emeritus Peter Emil Kaland er biolog og har mellom anna arbeidd med å utvikla Lyngheisenteret på Lygra i Lindås. Når han har hatt omvising med skuleklassar på området, er han ofte blitt forbausa over kor lite ungdomar kjenner til enkle omgrep på eit gardsbruk.

— Ein klasse på sjuande trinn visste for eksempel ikkje skilnaden på innmark og utmark. Det fortel litt om det generelle kunnskapsnivået blant unge. For kysten sin del har sjøbruk alltid vore særs viktig, og viss ungdomen ikkje får kjennskap til dei gamle uttrykka, vil dei over tid forsvinna, seier Kaland.

— Difor støttar eg fullt ut Hanne Sophie Greve sitt utspel om å samla dei gamle kystorda.

Kommentar:

Les også

Språk i spagaten

— Større merksemd i dag

Helga Golten var informasjonsansvarleg og sat i styret i Periferifestivalen på Glesnes i Sund. Kvart år hadde dei ei ordliste med gamle nynorskord i programmet, gjerne nedskrevne på dialekt.

Ho trur det er større medvit mellom dei unge i dag å ha eit forhold til dialekt og kystuttrykk.

— Det var i alle fall ikkje så mykje snakk om å ta vare på kystkulturen då eg vaks opp på 70-talet. No har det endra seg i takt med eit felles ønskje om at historia må leva vidare og ikkje gå i gløymeboka.

— Trur du det er realistisk å få laga eit kystordverk?

— Det må tida visa, men eg synest det er kjempeviktig at kjente andlet er med og frontar dette, slik at kystspråket og kystkulturen får endå større merksemd, seier Golten.

Publisert: