Løn som fortent

Byens største uteservering kan ikkje tilby løn på 40 kroner timen.

FOTBALLFEST: Fotballfeber på Tollbodallmenningen har vore eit godt tilskot til kulturtilbodet i byen under fotball-EM. Men det kan vere grunn til å stille spørsmål ved lønsvilkåra dei tilbyr, skriv BT på leiarplass. Her styreleiar Simen Einebærholm i selskapet Kulturute, som står bak arrangementet.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Det skal vere låg terskel for å tilsette unge menneske i arbeid som har kort varigheit. Men også unge har krav på ei rimeleg betaling for jobben ein gjer for kommersielle aktørar. Det må også gjelde arrangementet Fotballfeber i Bergen sentrum.

Fotballfeber 2016 er for tida byens største skjenkestad med sine 4000 sitjeplassar. Arrangørane kallar suksessen ubeskriveleg, og hadde 9000 gjestar innom berre dei første to dagane. Held dette fram, vil opplegget vere ein stor økonomisk suksess. Men servitøranetener 40 kroner i timen.

Det er ei betaling langt under det akseptable.

  • Les også: Vil stoppe lavtlønt skjenking
    Fotballfeber 2016 har gitt Bergen eit snev av storbykjensle i den første veka av fotball-EM. I strålande vær har bergensarar kunna oppleve fotballfest i lag med tusenvis av andre. Fotball er som kjent best i lag med andre, og Fotballfeber har vore eit godt tilskot til kulturtilbodet i byen. Arbeidskrafta er mellom anna neste års russ, som treng pengar til å finansiere russetid og russebuss. Det er bra at dei får denne moglegheita.

Mange større idretts— og kulturarrangement er heilt avhengig av ei form for dugnadsinnsats. Konsertane på Koengen og Bergenfest er slike døme. Ein kan ikkje ha fast tilsette på normale kontraktar når dei berre skal jobbe i svært korte periodar. Det er viktig at det finst slike jobbmoglegheiter nettopp for at idrettslag og foreiningar skal kunne spe på ei slunken kasse.

Arbeidslivet kan ikkje vere så rigid at arrangement som Fotballfeber ikkje kan bli realisert. Eigarane bak selskapet Kulturute, som driv Fotballfeber 2016, forsvarar løna med at tips kjem i tillegg og at dei tilsette får mat. Men hovudregelen i norsk arbeidsliv er at ein blir kompensert med pengar, ikkje usikre tipsinntekter og mat.

Det bør også gjelde for fotballarrangementet på Tollbodallmenningen.

Byrådet har gitt Fotballfeber skjenkeløyve. Helsebyråd Rebekka Ljosland (Krf) har rett når ho seier at kommunen ikkje kan gå gjennom alle kontraktar på slike arrangement og at det kviler eit stort ansvar på arrangørane.

Arbeidstilsynet opplyser at dei har fått tips om Fotballfeber, og seier dei truleg kjem til å sjekke forholda. Det er klokt.

Det må ikkje vere tvil om at sjølv om Fotballfeber er eit tidsavgrensa arrangement, er det eit kommersielt tilbod på lik linje med andre serveringstilbod i Bergen. Det er difor ikkje grunn til å sjå på dei med mildare auge enn andre som har lovar og reglar å overhalde.

Fleksibilitet i arbeidslivet er bra både for unge menneske som treng sin første jobb, og einskilde bedrifter. Det må finnast jobbar for folk som ikkje har arbeidsrøynsle. Men arbeidstilhøva må vere føreseielege og innafor det rimelege sjølv om ein er ung og utan erfaring.

Publisert: