Petter Snare må vere audmjuk om feila han har gjort

Styreleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen og direktør Petter Snare ved Kode har ein stor jobb framfor seg.

Dei tilsette fortener eit godt arbeidsmiljø. Bergen fortener eit kunstmuseum i toppklasse.

Publisert: Publisert:

Stoda på Kode er dramatisk. Dårleg økonomi gjennom fleire år har no eskalert til eit punkt der nedbemanning og storstilte kutt var einaste utveg.

Ansvaret ligg sjølvsagt på direktør Petter Snare, som ikkje har tilpassa drifta til den økonomien Kode har hatt. Men ansvaret ligg minst like mykje på skiftande styre, som i fleire år ikkje har hatt nok kontroll på pengane.

Likevel er økonomistyring berre ein del av biletet. For uansett kor stramt direktør og styreleiarar hadde styrt, hadde det grunnleggjande problemet vore det same: Kode er kraftig underfinansiert.

Her ligg eit hovudansvar på byrådet – både det noverande og dei føregåande. Kode er sett saman av eit stort museum og tre komponistheimar. Til grunn for heile organisasjonen ligg likevel den kommunale kunstsamlinga i Bergen.

I dag krev kommunen halvparten av tilskotet tilbake frå Kode i husleige. Det er småleg, og det viser ein kommune med for låge ambisjonar innanfor kunst og kultur. Oslo kommune tek mykje meir ansvar for deira museum: Munchmuseet får fleire hundre millionar i støtte. Bergen må vise musklar på kulturfeltet.

Kode har verdas tredje største samling av Edvard Munch-måleri. Biletet viser «Sjalusi», som er i så dårleg stand at det ikkje kan bli lånt ut.

Les hele saken med abonnement