Dyre barnevaktar

Det må vere lov for barnehageeigarar å tene pengar, men først når ein har sikra at kvaliteten er god nok.

Bergen kommune sin barnehagebyråd Pål Hafstad Thorsen (Ap) kan og bør føre betre tilsyn med dei private barnehagane, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Private barnehagar gir eit godt tilbod til barn over heile landet. Utan private barnehagar ville ikkje staten ha oppfylt løftet om at alle barn over eitt år skal få gå i barnehage. Når private investorar satsar på barnehagedrift, må dei få lov til å tene pengar.

Gjennom ei rekkje artiklar har BT fokusert på drifta i private barnehagar i Bergen. Før helga kom det fram at ein av dei største private aktørane her i området, Kidsa barnehagar, har auka overskotet sitt til 75 millionar kroner i 2015. Då eigar Rolv Tore Andersen selde Kidsa til eit Oslo-selskap i 2015, fekk han ein gevinst 215 på millionar kroner.

Bergen kommune varslar at dei no vil trappe opp tilsynet med dei private barnehagane. Det er bra og på høg tid. Neste år overfører kommunen 1,6 milliardar kroner til dei private barnehagane. Det er ingenting som tyder på at kvaliteten i desse er dårlegare enn i kommunale. Men kommunen må vite korleis skattebetalarane sine pengar blir brukt.

Private barnehagar får, som dei kommunale, tilskot frå det offentlege for å drive barnehagar. Dette tilskotet skal vere med og sikre at barna i barnehagane får eit skikkeleg tilbod med nok bemanning, nok pedagogar, eit skikkeleg uteareal og gode lære- og leiketilhøve.

Barnehagen skal gje eit godt tilbod til barn og foreldre, halde minstekrava til pedagogisk bemanning og sørgje for at det er vikarar på plass når sjukdom oppstår. Dersom den tilbyr dette og framleis oppnår overskot, må det vere i orden.

Men store offentlege tilskot forpliktar. Difor må kommunen gjere jobben sin skikkeleg, og føre betre tilsyn med korleis dei private barnehagane brukar pengane dei får. Kanskje bør ein også sjå på om tilskota fungerer etter intensjonen.

I etterkant av BTs artiklar har foreldre i Kidsa-barnehagar fortalt at dei ikkje ser at dei gode økonomiske resultata kjem barna til gode. Foreldra opplever mellom anna barna ikkje får gå på tur i nærområdet fordi det ikkje er nok tilsette til at det er forsvarleg. Foreldre reagerer på at dei må bidra med dugnadsinnsats for å vedlikehalde leikeapparat og anna inventar. Det er forståeleg. Det er umusikalsk og provoserande at eigarane tek ut utbytte og bonus samstundes som dei krev at foreldre skal gjere arbeid som bør dekkjast over eit tilsynelatande romsleg budsjett.

Bergen kommune har 174 private barnehagar og 73 kommunale. 70 prosent av alle bergensbarn som går i barnehage, går i ein privat. Det er kommunen som har ansvar for å fordele tilskot til desse barnehagane. Det er difor kommunen som må føre tilsyn. I gårsdagens BT uttalte barnehagebyråd Pål Hafstad Thorsen (Ap) at dei manglar verktøy for å stille slike krav til dei private. Det er ei passiv haldning.

Mange private barnehagar gir eit svært godt tilbod til barna, og fortener overskot på investeringane sine. Sjølvsagt kan og bør kommunen kontrollere at dei private barnehagane brukar offentlege midlar til det dei skal.

Publisert: