Vi har visst gløymd at vasskraft òg har miljøkonsekvensar

Vasskraft er ikkje den konfliktfrie, miljøvenlege løysinga på kraftproblema enkelte vindkraftmotstandarane hevdar.

Alta-aksjonen på 1970-talet har blitt ståande som symbolet på motstand mot vasskraftutbygging. I januar 1979 vart demonstrantane borne bort av politiet, slik at anleggsarbeidet på Alta-Kautokeino vassdraget kunne byrje.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Ein gong på 1970-talet gjekk vasskraft frå å vere varme, vekst og velstand til øydelegging av naturen. I det harde ordskiftet om vindkraft kan det verke som enkelte har gløymd dette.

Eit vanleg argument frå mange vindkraftmotstandarar er at vi heller bør hente straumen ved å modernisere vasskraftverk. Potensialet er der.

Ifølgje NVE kan norske vasskraftverk auke produksjonen med 6,4 terawatt-timar (TWh) med å investere i nye turbinar og andre oppgraderingar. Skal ein hente ut meir, må ein bygge ut nye vasskraftverk.

I dag kan BT/E24 fortelje at nye miljøkrav, mellom anna til auka vassføring, kan redusere produksjonen frå vasskraftverka med 4 TWh. Dei nye miljøkrava kjem når konsesjonar frå tidlegare tider, då miljøkrav var ein unødvendig luksus, går ut.

Det er ikkje sikkert reduksjonen blir så stor. Anslaget kjem frå Statkraft, som har ei eigeninteresse av å krisemaksimere. Men viss det slår til, vil potensialet for auka produksjon av vasskraft utan naturinngrep bli redusert til «lusne» 2,4 TWh.

Innbyggjarane i Masi kjempa i over ti år mot at bygda skulle bli neddemt, som ein del av Alta-Kautokeino vassdraget. I 1979 tapte dei kampen.

Det er nok til 120.000 husstandar, men problemet er at Noreg vil trengje langt meir kraft i tiåra som kjem. Ifølgje ein annan NVE-rapport som kom i haust, kan kraftbehovet auke med 23 TWh fram til 2040. Altså ti gongar så mykje som potensialet i til inngrepsfri vasskraft.

Då har vi kome til kjernen av problemet: Tanken om at vi vil få nok kraft utan å betale for det, anten med naturinngrep eller pengar, er eit sjølvbedrag. Uansett om vi vel vasskraft eller vindkraft vil det gå ut over naturen.

Det minst inngripande er solceller på hustak og allereie øydelagt natur, som industriområde. Men spesielt om vinteren, når vi treng krafta mest, er ikkje effektiviteten i det mørke nord særleg høg.

Havvind er eit anna alternativ. Men den flytande varianten som er mest aktuell langs norskekysten, er framleis svært dyr og vil krevje store statlege subsidiar.

Ein kan sjølvsagt òg kutte forbruket. Det betyr å bremse nye næringar og elektrifiseringa av samfunnet, som ikkje er særleg smart.

Isolering av hus og andre enøk-tiltak kan òg hjelpe, men det vil òg krevje at anten staten eller huseigarane betalar. Og viss vi droppar alt og baserer oss på å importere krafta, vil prisane gå opp.

Det billigaste er difor å byggje ut vass- og vindkraft på land. Men då er altså prisen nedbygging av natur.

Vasskrafta har i tillegg fått ei ny utfordring: det nye klassifiseringssystemet frå EU («taksonomien»). Systemet vil setje krav til alle typar investeringar, for at dei skal kunne bli klassifisert som berekraftige.

Til dømes vil ikkje nullutsleppsskip kvalifisere som ei berekraftig investering, viss skipet fraktar olje. Likeins vil vindturbinane til Equinor på Tampen-feltet ikkje vere berekraftige, fordi straumen blir brukt til å drive oljeplattformer.

Vasskraft risikerer heller ikkje å få berekraft-stempel, viss dei skadar livet i elvane. Vindkraft vil få nei viss dei øydelegg verdifull natur.

Akkurat kor ille dette blir for vasskrafta, er førebels uvisst. Høyringsfristen for forslaget frå EU går ut i dag, og norske vasskraft-eigarar har drive tung lobbyverksemd mot EU den siste tida.

Men sjansen for at vasskraftanlegg kan bli stempla som miljøverstingar, i alle fall utan dyre miljøtiltak og lågare effektivitet, er der. Konsekvensen er i så fall dyrare lån, og at det blir vanskelegare å få støtte og forskingsmidlar frå EU.

Diskusjonen om kvar Noreg skal hente krafta frå framover vil bli ein kamp mellom ulike interesser. Vindkraftmotstandarane kan vente seg nye slag, ikkje minst no når det ligg an til at kommunane får betre betalt for nye anlegg.

Ein kan ikkje gje blaffen i biologisk mangfald og urørt natur. Men viss Noreg skal auke kraftproduksjonen, blir det vanskeleg å unngå alle naturinngrep.

Publisert: