Gaukungen i Ap-reiret

Opprøret rundt SSB er ein revirkamp mellom økonomar, med djupe politiske undertonar.

PÅ TEPPET: SSB-sjef Christine Meyer måtte måndag inn på teppet til finansminister Siv Jensen. I omorganiseringa av SSB har Meyer rota rundt i maskinrommet til den norske modellen. Då bør du vite kva du gjer, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Dei sit der i kvar si borg. Siviløkonomane på Helleneset, og samfunnsøkonomane på Blindern. Men medan NHH i Bergen har utdanna dei som styrer næringslivet, har Økonomisk institutt på Universitetet i Oslo utdanna dei som styrer landet – med høgsete i Finansdepartementet og SSB.

Slik har det vore sidan krigen. Heilt til Christine Meyer vart sjef i Statistisk sentralbyrå. NHH-professor, Høgre-politikar og den første SSB-sjefen som ikkje var samfunnsøkonom. Kort sagt: ein vandrande provokasjon.

Alt Meyer gjer er dømd til å bli tolka i det lyset. Akkurat som Frp (og Høgre) har tolka samfunnsøkonomanes jarntriangel (UiO, Finansdepartementet og SSB) som eit brorskap som vakta over Ap-staten. I alle fall før Frp-leiar Siv Jensen tok over Finansdepartementet.

Meyer har heller ikkje gjort så mykje for å dempe inntrykket. I fjor haust sette ho ned eit utval som skulle gje råd om korleis SSB skal drive forsking. Utan eit einaste medlem frå jarntriangelet. Fullt av Meyers meiningsfeller i økonomifaget.

Eit bestillingsverk, er namnet kritikarar brukar når mikrofonane er av. Det mest provoserande var eit vedlegg til hovudrapporten, eit vedlegg kritikarane meiner uttrykte det verkelege motivet. Her varslar professorane Kjetil Storesletten og Hilde Bjørnland ein palassrevolusjon:

SSB sine store modellar, full av statistikk frå norsk røyndom, med røter tilbake til Ragnar Frisch og John Maynard Keynes, må ut. Så inn med modellar frå blårussens verktøykasse. Modellar med mindre vekt på historiske tal (empiri) og med fleire føresetnader og reglar. Arven etter Chicago-skulen, og Reagan-Thatcher-periodens posterboy Milton Friedman.

Sjølv om økonomar gjerne insisterer på at dei er politisk fargeblinde, er desse to retningane djupt assosiert med høvesvis venstre- og høgresida i politikken.

Les også

NRK: SSB utsetter omorganiseringen til etter Siv Jensen-møte

Og det er her det verkeleg byrjar å bli interessant. Ved å endre modellane som ligg til grunn for politikken, kan ein endre sjølve politikken: UiO-professor Halvor Mehlum har mellom anna peikt på at verknadene av statens pengebruk er mindre i dynamiske likevektsmodellar, av den typen Storsletten og Bjørnland vil ha.

Han meiner det vil styrke argumenta til dei som meiner staten bør bli mindre.

Strengt tatt betyr det vel òg at dei modellane SSB brukar i dag styrkjer argumenta til dei som meiner staten bør vere stor.

Dette er det djupaste laget i SSB-konflikten, som har sklidd ut i eit samtidsteater med SSB-forskar Erling Holmøy i hovudrolla (meir om det seinare).

Det nest djupaste laget handlar om Meyers SSB vil klare å levere eit skikkeleg grunnlag for dei som skal styre landet. SSB er ekstremt viktig som premissleverandør for regjeringa, Stortinget og partane i arbeidslivet.

Då rapporten vart kjend i januar skreiv LO og NHO eit brev saman, der dei var uroleg for at dei føreslådde endringane ville undergrave talgrunnlaget for lønsoppgjera. SSB leverer den årlege fasiten for lønsveksten, som partane i arbeidslivet baserer heile oppgjeret på. Ned til to desimalar.

Desse tala, og dei analysane som følgjer med dei, bør difor vere rette. Blir dei trekte i tvil kan det undergrave heile partssamarbeidet, sjølve grunnsteinen i «Den norske modellen».

Det tener næringslivet like mykje som arbeidstakarane, ikkje minst fordi det sikrar oppslutning om lønsmoderasjon i nedgangstider. Det forklarar støtta frå NHO, og illustrerer kor ulikt systemet er i Noreg og USA, der mykje økonomisk teori blir utvikla.

I SSB står striden om forskingsavdelinga. Det er her dette viktige arbeidet skjer. Meyer vil for det første kutte talet på forskarar i avdelinga frå 75 til under 50. I tillegg vil ho auke kravet til internasjonale publiseringar på toppnivå.

Begge deler vil svekkje kapasiteten i avdeling til å gjere det dei eigentleg skal gjere: å lage grunnlag for politikk, og lønsoppgjera.

Meyer og hennar støttespelarar vil svare at ein del av arbeidet avdelinga gjer i dag kan erstattast av sjølvlærande datamaskiner som tygg laust på enorme mengder data.

Digitaliseringa opnar for nye, og meir effektive måtar å arbeide på. Det er hovudgrunnen til heile omstillinga, seier Meyer til NRK.

Les også

Mannen bak innvandringsregnskapene får ikke forske for SSB

Mogeleg det, men det er rimeleg risikabelt å gjennomføre ei så stor endring i eit miljø som er så viktig for landet, utan at det ligg ei skikkeleg utgreiing til grunn.

Utvalet som kom med tilrådinga i januar (Bye-utvalet), hadde berre fem månader til å gjere jobben. Dei mogelege konsekvensane som har kome fram i kritikken viser at her trengst det ei langt grundigare utgreiing, der òg brukarane av statistikken vert høyrde.

Siv Jensen var ikkje nøgd med dei svara ho fekk frå Meyer måndag. Dei to skal møtast på nytt i neste veke. I mellomtida har Meyer sett heile omstillinga på vent.

Mykje talar for at ho bør skrote heile endringa, og byrje frå start igjen. Om ein dryg månad kjem konklusjonen frå det regjeringsoppnemnde statistikklovutvalet. Den kan gje ein del føringar. Så bør Meyer setje ned eit nytt utval, med breiare samansetjing og betre tid.

Sidan 1970-talet har Frp vore det norske partiet som har stått nærmast den nyliberalismen som vart assosiert med Chicago-skulen. Og ingen parti har heller vore sterkare kritikarar av Arbeidarpartiets mange uformelle arenaer for makt, SSB inkludert.

Christine Meyer burde difor hatt lett spel i møte med Siv Jensen. Men kanskje fordi Meyer ikkje er nokon god maktspelar, eller fordi det ikkje var til å unngå: sparkinga av Frps favorittforskar, innvandringsrekneskapens far, Erling Holmøy, frå forskingsavdelinga var definitivt ikkje noko lurt trekk.

Vonaleg er ikkje dette noko hovudsak for Jensen, om ho no rår Meyer til å stoppe omorganiseringa. Men degraderinga av Holmøy gjer ikkje Meyers sak betre. Og hugs: i Jensens øyre kviskrar samfunnsøkonomanes brorskap, skapt som skarpskodde embetsmenn i Finansdepartementet.

Publisert: