Helse Bergen nedprioriterer kvinnehelse

Å leggje ned Kvinneklinikken vil splitte opp eit viktig og historisk fagmiljø på Haukeland.

NEDPRIORITERT: Kvinner er framleis underprioriterte i tilbod til helsehjelp og i forsking. Kvinneklinikken i Bergen representerer eit viktig forskingsmiljø for kvinnehelse, eit fagmiljø som i 2026 vil kunne feira 100 år under same tak. No forsvinn det.
  • Mette Løkeland
    Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar, Betanien sykehus
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kvinneklinikken skal opphøyre å eksistere i 2022. Den skal fragmenterast, og ingen veit enno kvar dei ulike fagområda som i dag utgjer Kvinneklinikken endar opp. Det einaste ein veit, er at det som er knytt til svangerskap og fødsel skal inn på det nye barne- og ungdomssjukehuset.

Barnet sitt liv og helse heng nøye saman med at mor overlever fødselen, og har så god helse som mogeleg. Når ein legg fødselshjelpa inn under barne- og ungdomssjukehuset, eit klinikknamn utan ordet kvinne i seg, set ein på eit vis barnet over kvinna.

Det er ikkje berre ei symbolsk endring, det er både medisinsk feil og uhistorisk.

Ein må framleis betre tilgangen til helsehjelp for kvinner i heile livssyklusen deira, og årsaka til dårleg helsehjelp er ofte manglande likestilling, slo Verdas helseorganisasjon (WHO) fast i sin plattform frå kvinnekonferansen i Beijing 1995.

Som ein konsekvens av manglande likestilling vert kvinner diagnostisert seinare enn menn og det vert gjort færre diagnostiske testar. Oftare enn menn får dei ikkje god nok behandling. Denne skeivdelinga speglar av seg også i at problemstillingar knytt til kvinnehelse framleis er underprioriterte både i tilbod til helsehjelp og i forsking.

Mette Løkeland

Svangerskaps- og fødselsforsking er i størst grad knytt til sjølve tida ein går gravid og fosteret i mors liv. Det finst i mindre grad forskingsprosjekt knytt til konsekvensar for framtidig helse for kvinna, og enda mindre forsking om barseltida. Når kvinna vert gjort meir usynleg vil denne skeivfordelinga lett kunne veksa seg større.

Ei samlokalisering av fødselshjelp med barneavdelinga vil kunne styrke prosjekt som er knytt til svangerskapet og barnet. Det er eit gode, men samstundes er det ei fare at forskingsprosjekt knytt til kvinner si helse vert underprioritert.

Skal ein kunne sjå på kvinnehelse i eit heilt livsløp og kunne førebyggja eventuelle framtidige plager som konsekvens av svangerskapet, er ein avhengig av å sjå gynekologien og fødselshjelpa under eitt. Av den grunn høyrer dei to faga saman. Mellom anna gjeld det til dømes kva for konsekvensar skader på bekkenbotn under fødsel har for kvinner etter kvart som dei vert eldre.

Det er mange faktorar i ei kvinne sitt liv som påverkar bekkenbotn, generell helse og smerter som til dømes forløysingsmetoder, seksuelle overgrep og bekkenløysing. Smerter og ubehag i underlivet er hyppig forekommande, men kunnskapen om det er låg, og forskinga nesten fråverande.

Dersom ein skal kunne gjera noko med dette, er ein avhengig av sterke og samla fagmiljø som kan sjå kvinna sin livssyklus under eitt. Kvinneklinikken i Bergen representerer i dag eit viktig forskingsmiljø innanfor gynekologi og fødselshjelp, eit fagmiljø som i 2026 vil kunne feira 100 år under same tak.

I dag rommar Kvinneklinikken all fødselshjelp, kreftbehandling for gynekologisk kreft og generell gynekologi. Spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdomar inngår i ein felles vaktturnus, har felles morgonmøte og felles lunsjrom.

Mi erfaring er at uformelle sosiale arenaer ofte er ein av dei viktige møteplassane for fagleg utveksling og kreativ tenking. Leiinga ved Helse Bergen vil kanskje påstå at det er mogeleg å halda fagmiljøet samla med felles faglege arenaer også i framtida, men det er ikkje vanskeleg å sjå at det vil vera ei stor og unødig utfordring når ein ikkje lenger har felles plassering.

Samlokalisering under same klinikk, tak og kaffitraktar er nødvendig for gruppekjensle og felles lojalitet.

I tillegg har alle i regionen vår eit forhold til Kvinneklinikken i Bergen. Det er ein viktig kvalitet at ein har eitt hus og éin klinikk med namnet «kvinne» i seg som famnar om store delar av kvinnehelsa.

Ikkje berre vil Helse Bergen splintre fagmiljøet, men dei har framleis heller ikkje laga ein samla plan for framtidig organisering. Det er respektlaust både overfor eit fagmiljø, men også overfor kvinner i regionen som er avhengige av det fagmiljøet.

I dag har Kvinneklinikken eigne operasjonsstover med eigne anestesi- og operasjonspersonellressursar. Dersom ein skal samlokaliserast og inn i konkurranse med all annan kirurgi, er erfaringa at kapasiteten går ned. Konsekvensen vert vanlegvis at tilbodet til operasjonar for å betre livskvaliteten går ned i kampen om operasjonstid med akutte tilstandar.

Dersom Helse Bergen ikkje vil handla i strid med Beijing-plattforma til WHO som Noreg har slutta seg til, må dei sjå seg om etter løysingar og tiltak som kan sikre at vi på Vestlandet framleis har ein samla kvinneklinikk under same tak.

Å leggje ned Kvinneklinikken kan ha stor betydning for medisinske, faglege og økonomiske prioriteringar og rettar, og er difor ei nedprioritering av kvinnehelse.

I ein tidlegare utgåve av dette innlegget, og i papiravisa 10. januar, vart Mette Løkeland titulert som «gynekolog, forsker, og nettredaktør for Norsk gynekologisk forening». Den riktige tittelen skal vere «spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar, Betanien sykehus». BT ber om orsaking.

Publisert: