Helse Bergen bygger ned Kvinneklinikken

Er det meininga at Bergen skal vera «nokke for seg sjølv» ved å vera på jumboplass i tilbodet til kvinner?

Barselkvinnene treng plass og personnell med spesialkompetanse, skriv innsendarane.
  • Kvinnefronten i Bergen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kvinnehelsetilbodet i Bergen er under press. Samtidig som regjeringa utarbeider ei ny offentleg utgreiing om Kvinnehelse med ein leder frå Bergen, Christine Meyer, så bygger administrerande direktør Eivind Hansen og Helse Bergen ned Kvinneklinikken.

Dei bygger no dei nye Glasblokkene. Her skal all verksemd knytt til barn og unge, fødande og kvinner samlast. Men tilboda til fødande og kvinner vert redusert. Her planlegg Helse Bergen ei barselavdeling der 40 prosent av kvinnene skal reise heim seks timar etter fødsel. Samstundes reduserer dei i realiteten sengekapasiteten på gynekologisk avdeling med 25 prosent.

«Helse Bergen må følgje med i timen og bygga ein Kvinneklinikk for framtida», skriv mellom andre Agnete Strøm (til v.) og Mette Løkeland.

Jordmødrer og legar på barselavdelinga tenkjar at det er heilt utenkjeleg at fleire enn 27 prosent av kvinnene reiser heim etter seks timar, og ingen andre stader i landet reiser så mange ut så tidleg etter ein fødsel. Allereie no må barselkvinner med infeksjonar og komplikasjonar som oppdagast etter heimreise, ligge på gynekologisk avdeling i staden for på barsel når dei må inn igjen på sjukehus, og da fortrenger dei gynekologiske pasientar.

Barselkvinner høyrer heime på barsel og ikkje på gynekologisk avdeling. Barselkvinner treng personell som kan amming og har spesialkompetanse på barseltida. Barselkvinnene treng plass og utstyr og hjelp til barnet sitt.

I Glasblokkene skal all verksemd knytt til barn og unge, fødande og kvinner samlast. Men tilboda til fødande og kvinner vert redusert, skriv innsendarane.

Når barselkvinnene fyller opp plassane på gynekologisk avdeling, så blir det i tillegg mindre plass til kvinner som treng operasjonar og behandling for gynekologiske tilstandar, og dei må då vente lenger på å få hjelp. Gynekologisk avdeling behandlar lidingar som urinlekkasje, framfall av skjedeveggar med livmor som kjem tytande ut av skjedeopninga, endometriose og andre smertetilstandar, alvorleg storemenstruasjonsblødingar med meir.

I tillegg vert barselkvinnene då liggjande på same avdeling med kvinner som opplever spontanabortar eller provoserte abortar, og desse kvinne treng å sleppe å høyre barnegråt i gangane og frå rommet ved sidan av.

Tilstandar som handlar om underlivet og kvinneplager får dårlegare finansiering frå staten enn typiske tilstandar som råkar menn, skriv innsendarane.
Les også

Kampen om kvinnehelse står i 5. etasje

Kvinnehelse og mødrehelse er eit satsingsområde hjå WHO. Dei slår fast at ein framleis må betre tilgangen til helsehjelp for kvinner i heile livssyklusen deira, og at årsaka til dårleg helsehjelp mellom anna skuldast manglande likestilling. Som ein konsekvens av manglande likestilling, vert kvinner diagnostisert seinare, det vert gjort færre diagnostiske testar og dei får oftare ikkje god nok behandling.

Tilstandar som handlar om underlivet og kvinneplager får dårlegare finansiering frå staten enn typiske tilstandar som råkar menn. Og dette er ein av grunnane til at sjukehusa bygger ned barselavdelingane og presser barselkvinner ut for tidleg. Sjukehuset får ikkje betalt nok for å få friske kvinner gjennom fødsel og barseltid. Di betre jobb ein gjer, dess mindre får ein betalt.

Denne skeivdelinga skuldast sentral politikk frå regjering, storting etc., men Helse Bergen er med på å forsterka den skeivdelinga når dei heller enn å ta til motmæle mot finansieringa, bygger ned Kvinneklinikken i Bergen.

Chiku Ali, Raquel Sepulveda, Agnete Strøm, Katharina Sass og Mette Løkeland skriv på vegner av Kvinnefronten.

Etter eit folkeleg og politisk krav, har ein innført tidleg ultralyd for alle. Det krev fleire folk, rom og utstyr for avdelingane. Vi veit at dei nye folkelege krava om betre barselbehandling, samtalar og oppfølging etter spontanabortar, fødslar og anna behandling, kjem til å få politisk press bak seg. Vi høyrer at jordmødrer og legar er fortvila over at areal sett av til poliklinikk er for få og små. Helse Bergen må følgje med i timen og bygga ein Kvinneklinikk for framtida og slutte med å drive barselkvinner og helsepersonell frå skanse til skanse.

Dette er tredje gong i denne prosessen med flytting av Kvinneklinikken at vi føler vi må rope eit varsku.

Ein kan lure på om dei ikkje fått med seg det store barselopprøret, pasientgrupper som endometrioseforeninga med fleire, som ikkje lenger finn seg i å ha dårlege og mangelfulle tilbod. Er det meininga at Bergen skal vera «Nokke for seg sjølv» ved å vera på jumboplass i tilbodet til kvinner? Vi finn oss ikkje i det.

Publisert: