Haukeland universitetssjukehus satsar på kvinnehelse

Helse Bergen nedprioriterer ikkje kvinnehelse. Fødande mødrer og nyfødde born vil tvert imot få ein betre start i nytt bygg.

BARNE- OG UNGDOMSSJUKEHUS: Om fem år vil fødekvinnene vere i nærleiken av intensivavdelinga for dei nyfødde. Det betyr at eit sjukt, nyfødd barn kan få behandling og pleie i same rom som mor, skriv innsendarane frå Helse Bergen. – Vi kjenner oss ikkje igjen i påstandane om at vi med desse endringane vil splitte fagmiljøa. Vi legg tvert imot til rette for at samarbeidet mellom desse blir styrkja.
  • Eivind Hansen
    Administrerende direktør i Helse Bergen HF
  • Susanne Albrechtsen
    Direktør, Kvinneklinikken
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Å leggje ned Kvinneklinikken vil splitte opp eit viktig og historisk fagmiljø, og Helse Bergen nedprioriterar dermed kvinnehelse, påstår Mette Løkeland i eit innlegg i BT 10. januar. Vi kan forsikre ho om at vi gjer det motsette.

Haukeland universitetssjukehus er heile tida i utvikling. Det som er medisinsk mogeleg endrar seg, forskinga, samarbeid mellom ulike fagfelt, forventningane og utfordringane endrar seg. Det er viktig at vi heng med i tida og tilpassar oss.

Vi investerer i bygg, utstyr og infrastruktur for å gi alle pasientane våre eit betre tilbod. Barne- og ungdomssjukehusets første byggjetrinn vart opna i mai 2017. Det har blitt eit flott bygg med ei lang rekkje funksjonar. Andre byggjetrinn skal stå ferdig i 2023. Det nye sjukehuset er vårt største byggjeprosjekt sidan 1983, og totalt investerer vi rundt 700 millionar kroner inn i bygginga kvart år.

Dette er ei fantastisk satsing på barn, ungdom og kvinner.

Det vil vere urett overfor pasientane våre, men òg fagutviklinga, å la gynekologisk seksjon og føde- og barseltilbodet bli verande i eit bygg frå 1926. Om fem år har vi andre mogelegheiter.

Les også

Slik blir nye Kvinneklinikken: Flere vil bli sendt ut etter åtte timer

I det nye bygget vil kvinnene og familiane deira ikkje lenger måtte dele rom med andre slik dei må i dag. Dei vil få bu på einerom, familierom eller multifunksjonsrom. Multifunksjonsrom er utforma og utstyrt slik at fødekvinnene kan vere éin plass under heile sjukehusopphaldet, utan å måtte flytte på seg slik dei må i dag. Dette vil gi tryggleik, nærleik, stabilitet og ro.

Om fem år vil vi kunne tilby ein betre start for heile familien, med endå betre ramme for familiebasert føde- og barselomsorg.

I 2023 vil fødekvinnene vere i nærleiken av intensivavdelinga for dei nyfødde. Det betyr at eit sjukt, nyfødd barn kan få behandling og pleie i same rom som mor. Slik er det ikkje i dag, kor vi må flytte sjuke mødrer eller sjuke born mellom Kvinneklinikken og Barne- og ungdomsklinikken. Dette er ikkje tilfredsstillande, verken frå ein fagleg ståstad eller eit pasientperspektiv.

KRITISK: Helse Bergen nedprioriterar dermed kvinnehelse, påstår Mette Løkeland. Helse Bergen svarar at dei gjer det motsette.

Vi kjenner oss ikkje igjen i påstandane om at vi med desse endringane vil splitte fagmiljøa. Vi legg tvert imot til rette for at samarbeidet mellom desse blir styrkja.

Det er bestemt at gynekologisk seksjon og fødeseksjonen framleis skal eit felles forskingslaboratorium i det nye sjukehuset. Det betyr at alle forskarane vil vere samla på éin plass, og som Løkeland sjølv seier: det vil kunne styrke felles prosjekt.

Lokala vil huse kontor, møterom, myldreareal og kaffimaskinar, vi legg dermed til rette for både formelle og uformelle sosiale arenaer der gruppekjensla, lojalitet og nytenking kan blomstre. Her kan forskingsmiljøa kome saman og utveksle erfaringar og kunnskap.

Det er mykje som kan endre seg på dei fem åra til sjukehuset skal stå ferdig. Det er derfor for tidleg å seie nøyaktig kor behandlinga for gynekologisk kreft og generell gynekologi vil få si plassering. Det vi veit med sikkerheit er at dei framleis skal liggje tett på føde- og barseltilbodet. Vi arbeider no grundig for å finne dei beste løysingane for dette, og vil nytte tida framover på å sikre gode prosessar, vurdere risiko og kartleggje tiltak.

Tilsette frå dei ulike miljøa er involverte heile vegen.

Les også

Et løft for syke barn og unge

Kvinnehelse tilhøyrar ikkje Kvinneklinikken åleine. Kvinnehelse er ein del av alt anna som skjer på Haukeland og vi meiner at kvinneperspektivet i helse er viktig å få inn i alle relevante fag. Til dømes har det dei siste åra vore ei god og ønska utvikling innanfor kreftkirurgien der vi har endra samarbeidet mellom dei ulike kliniske miljøa og støttetenestene. Vi veit at samhandling mellom gastrokirurg, gynekolog og plastikkirurg er det som skal til for å oppnå eit godt resultat for pasienten.

Samarbeid av denne typen, på tvers av faggrupper, vil bli styrkt når alle dei kirurgiske miljøa blir samla nærmare Sentralblokka.

Pasientane er alltid vår førsteprioritet, og vi er opptekne av å lytte til dei som bruker tenestene våre. Kvinnene ønskjer betre rammer for føde- og barselomsorga. Ved å flytte dei inn i det nye sjukehusbygget kan vi oppfylle dette ønskjet.

Det meiner vi er den rette prioriteringa av kvinner og kvinners helse.

Publisert: