Barselkvinnene og dei nyfødde barna skal vere trygge

Jordmødrene i kommunen gir ein kontinuitet som ein ikkje oppnår på sjukehus.

TRYGT TILBOD: Haukeland universitetssjukehus og Kvinneklinikken ønskjer å vere på lag med Bergen kommune og alle andre kommunar om å gi eit trygt og framtidsretta barseltilbod, skriver innsendarane.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er viktig med ein god start – både for den nyfødde, for den nybaka mora og den nye familien. Haukeland Universitetssjukehus og Kvinneklinikken er opptekne av å skape ei trygg og føreseieleg barseltid.

Det har den siste tida vore fleire innlegg i avisa om kven som har ansvar for kva i barseltida. Vi ser frå kommentarfelta at mange kvinner blir uroa for at dei ikkje skal få god omsorg og oppfølging i tida etter fødsel. Det inntrykket er det viktig at vi rettar opp i.

Alle skal vere trygge på at Kvinneklinikken tar vare på barselkvinnene og barnet så lengje dei har behov for oss. Barselkvinner som treng spesialisthelsetenester også i tida etter at dei er utskrivne frå sjukehuset, får sjølvsagt tilbod om oppfølging hos oss. Spesialisthelsehjelp skal vere lett tilgjengeleg for barselkvinner som har behov for dette, uavhengig av talet på dagar etter fødsel.
Opphaldstida i sjukehus etter fødsel har endra seg vesentleg dei siste tiåra, og er blitt stadig kortare. I dag veit vi at barselkvinner ikkje må liggje i ei sjukehusseng for å få god støtte eller trygg oppfølging etter fødselen. Vi veit også at mange av kvinnene kjenner seg friske og ynskjer å reise heim.

Les også

Jordmor Eline Skirnisdottir: Bergen kommune er verst i klassen

Når mødre og barn blir utskrivne frå Kvinneklinikken, går ein gjennom sjekklista «Trygg utskriving». Denne skal sikre at mor og barn er utskrivingsklare, og at dei har ein plan for oppfølging anten i kommunen eller i sjukehus.

Kommunane har i 2017 og vil i 2018 få midlar over statsbudsjettet til å styrke jordmortenesta som ein del av helsestasjonstenesta. Barselkvinner busett i Bergen kommune har i ei årrekkje hatt eit tilbod om oppfølging heime i regi av Kvinneklinikken. Det har heilt frå starten av vore klart at dette skulle vere eit tilbod i ein overgangsfase fram til Bergen kommune hadde bygt opp sitt barseltilbod.
Kvinneklinikken har fleire gonger foreslått samarbeidsprosjekt for å bidra til å utvikle barselomsorga i Bergen kommune. Vi har gode erfaringar frå slike samarbeidsprosjekt i andre kommunar som Askøy, Os, Fjell, Sund og Øygarden. Målet med samhandlingsprosjekta har vore å teste ulike metodar for korleis sjukehus og kommunar saman kan modernisere og skreddarsy barselomsorga etter kvinnene sine individuelle behov etter fødsel.

Brukarundersøkingar etter desse samhandlingsprosjekta viser at dette gir gode resultat, både når det gjeld tryggleik, tilfredsheit og ammefrekvens.

Les også

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF): Misforstått om barselomsorg

Ein av de store gevinstane vi ser er at jordmødrene i kommunen gir ein kontinuitet som ein ikkje oppnår på sjukehus. Dei aller fleste gravide får oppfølging av jordmor i heimkommunen i svangerskapet, noko som gjer at det er ein etablert relasjon og kjennskap som kjem godt med når den nye familien skal takast vare på dei første dagane etter heimreise frå sjukehuset. Dei kommunale jordmødrene følgjer familiane desse dagane og sørgjer for ei god overføring til helsesøster som skal følgje familien vidare gjennom barnets oppvekst.

Rebekka Ljosland, Kjersti Toppe, Eline Skirnisdottir Vik og dei tillitsvalte i Den norske jordmorforeningen har alle eit sterkt og godt engasjement for barselkvinnene – det har vi óg!

Haukeland Universitetssjukehus og Kvinneklinikken ønskjer å være på lag med Bergen kommune og alle andre kommunar om å gi eit trygt og framtidsretta barseltilbod.

Publisert: