Kjære Storbritannia: Ikkje sjå til Noreg

Britane har talt. Dei vil ikkje lenger vera med i EU. Når britane sitt forhold til EU no skal stakast ut, bør britane ligga langt unna den «norske modellen».

Når britane går til urnene på i dag, stadfestar landet sin langvarige EU-skepsis. På 1980-talet tvinga Margaret Thatcher gjennom ei ordning for å sikra tilbakebetaling av britisk støtte til EU-budsjettet, også kalla «The EU-rebate», skriv forsker Torill Stavenes.
  • Torill Stavenes
    Stipendiat i statsvitskap, Universitetet i Exeter, England
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Storbritannia har stadfesta landet sin langvarige EU-skepsis på mest effektivt vis. I morgontimane i dag vart det klart at 52 prosent av britane røysta for å forlata EU. Heilt sidan Storbritannia vart medlem i 1973, har britane prøvd å halda EU på ei armlengds avstand.

På 1980-talet tvinga Margaret Thatcher gjennom ei ordning for å sikra tilbakebetaling av britisk støtte til EU-budsjettet, også kalla «The EU-rebate». I 1992 underskreiv Storbritannia Maastrich-traktaten, men sørga for å behalda pundet. Også Schengen nekta britane å bli med på. Og no blir Storbritannia det fyrste medlemmet til å forlata unionen sidan Den europeiske kol— og stålunionen vart oppretta i 1951. Morten Myksvoll:

Les også

Når populismen vinn, tapar folket

I den betente EU-debatten som har splitta statsminister David Camerons eige parti, har fleire teke til orde for at Norges forhold til EU er eit eksempel å fylgja for Storbritannia. Ei meiningsmåling frå YouGov tidlegare i juni synte at eit fleirtal av britane støttar den «norske modellen» som eit alternativ, skulle det bli ein brexit. Ei slik løysing bør britane på det sterkaste avstå frå å jobba mot.

Sidan EØS-avtalen blei underskriven i 1992 og me vart ein del av den indre marknaden i 1994, har 6000 EU-reglar blitt ein del av avtalen. På det juridiske fakultet i Oslo står hyllemeter på hyllemeter med EU-lover som er implementerte i norsk lovverk. Desse lovene blir vedtekne i Brussel. Noreg har ingen politikarar i Europaparlamentet, som etter kvart har blitt meir og meir mektig i EU-systemet. Noreg har ingen kommisærar i det utøvande organet; EU-kommisjonen. Norske lobbyistar jobbar riktig nok frenetisk for å sikra norske interesser i den belgiske hovudstaden, men når avgjerdene blir fatta, må me på gangen. Kort fortalt implementerer Noreg ei rekkje lover som me ikkje sjølve har utarbeidd eller røysta over. Det medfører eit demokratisk underskot som på prinsipielt og normativt grunnlag er svært problematisk. Og sjølv om Noreg har reservasjonsrett, har den aldri blitt brukt.

Ung engelskmann skriver i BT:

Les også

Brexit er et knusende nederlag for oss

Å gå over til den norske EU-modellen strir med to av dei viktigaste argumenta til brexit-tilhengjarane: EU er for mektig og kostar for mykje. Skulle Storbritannia går for den norske løysinga, må landet for det fyrste framleis retta seg etter EU-lover gjennom EØS-avtalen. Forskjellen vil vere at britane ikkje lenger vil kunna vera med og utarbeida dei. For eit Storbritannia som i dag har full tilgang til alle EUs institusjonar og beslutningsfora, verkar det smått absurd å støtta ei ordning der ein gjev frå seg noko av det viktigaste ein har i ein organisasjon som EU – nemleg makt til å ta avgjerder. For det andre støtta Noreg EU med EØS-midlar tilsvarande 1,8 milliardar euro i perioden 2009–2014. Argumentet om at den britiske staten vil få meir økonomisk armslag ved ein brexit, kan difor diskuterast.

Statsminister David Cameron , som sørga for å gje britane mogelegheit til å røysta over landets framtid i EU, er sjølv mot at landet skal gå for den norske modellen. Noreg betaler, men har ingen innverknad, argumenterer han heilt korrekt. I morgontimane i dag gjorde Cameron det klart at han går av som statsminister innan oktober, og spørsmålet er difor om argumentet hans uansett blir skrota. Leave-kampanjen i landet, som blant anna hentar støtte i den mektige liberale tenkjetanken Adam Smith Institute, argumenterer for at den norske modellen gjev britane mogelegheit til å melda seg ut av det politiske samarbeidet, men samstudes forbli i den indre marknaden.

Frøy Gudbrandsen:

Les også

«Kampanjen for å forlate EU gitt mange briter et håp om en bedre fremtid. De vil bli skuffet.»

Denne spenninga finn ein også i vår eigen EU-debatt. Europaminister Elisabeth Aspaker (H) uttalte nyleg til The Guardian at mange norske politikarar kjenner seg makteslause i møtet med alle EU-lovene. Generalsekretær i Nei til EU, Hilde Loftesnes Nylén, seier derimot til same avis at dette er retorikken den norske eliten brukar for å overtala folket til å bli med i EU. Tysdag denne veka melde tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete seg på i debatten då ho skreiv på Facebook at Storbritannia vil elska å vera ute av EU. Isolert frå partifarge og ideologisk overtyding, kan ein vanskeleg koma unna at Noreg har avstått lovgjevande makt til Brussel. Me har endåtil avstått dømmande makt til Den europeiske domstolen. At sterke krefter i Storbritannia omfamnar ein norsk modell som stinkar av mangel på deltaking og innverknad, er difor svært overraskande.

Storbritannia kan likevel få hjelp utanfrå til å unngå ei norsk løysing. Den tyske finansministeren Wolfgang Schäuble uttalte til Der Spiegel at «inne er inne, ute er ute», og med det antyda at tilgang til den indre marknaden er utelukka dersom britane vel å forlate unionen. Så enkelt er det likevel ikkje, for Storbritannia er ein viktig marknad for tyske verksemder – og omvendt. Når brexiten no er eit faktum, bør Storbritannia uansett jobba for ei anna tilknytingsform til EU enn den norske modellen. Vel er Noreg eit rikt og framgangsrikt land, men grunnleggjande lovgjevande makt har me villig avstått til Brussel. Eit slikt alternativ er lite attraktivt for eit land som kjempar for stormaktstatusen sin.

Publisert: