Når populismen vinn, tapar folket

Det blir sjeldan særlig pent når nasjonalismen finn populismen. I natt vart det europeiske fellesskapet påført stor skade.

vote.jpg
  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Med fare for eigen økonomi bestemte britane seg for å gå ut av EU. Brexit er eit faktum. Dei to store partia er påført enorm skade. Det ser ikkje lyst ut for Storbritannia.

Morten Myksvoll

I kanskje den mest skjebnesvangre beslutninga sidan krigen, leia David Cameron landet sitt inn i ein avstemming som fekk eit katastrofalt utfall. Då er det spesielt trist at det ikkje berre handla om EU. Avstemminga vart avholdt for å demme opp for høgrenasjonalistiske UKIP, og for eit gryande opprør internt i det konservative partiet. Dei verkeleg euroskeptiske fekk dei som vart livredd for å tape neste val med seg, og såg seg aldri tilbake. Economist Intelligence Unit (EIU) har køyrd simuleringar på korleis dei såg for seg at det ville gå, med eller utan ein Brexit. Deira analyse viste at ein i 2020 ville ha 380.000 færre jobbar, og ein ville gått glipp av ein økonomi på størrelse med Portugal. Det er heilt hinsidige tal.

Ung engelskmann skriver i BT:

Les også

Brexit er et knusende nederlag for oss

Noko av det mest sentrale i populistiske røyrsler er elitekritikk, og forakt for kunnskap. Britane bestemte seg for å gi eliten eit slag i trynet, har det blitt sagt. Det var òg ein del av valkampen. Viss berre halvparten EIU sin spådom slår til er det ein katastrofe. For eliten. For vanlege folk.

Åtvaringane om økonomiske problem i kjølvatnet av ein Brexit vart ikkje lytta til. Fordi sentralt i populismen finst det ein forakt for kunnskap. Det er alt for mange som trur at «sunn fornuft», eller meininga til «folk flest», er like verdifull som dei faglege vurderingane til ekspertar. Det er den ikkje, sjølv om ekspertane gjer feil. I Noreg tilhøyrer Framstegspartiet denne tradisjonen. Var det noko eg alltid mislikte innad i det partiet, så var det at fakta ikkje fungerte betre enn følelsar.

Problemet blir større når nasjonalismen melder seg på. Nigel Farage brukte begrepet «krig» om kampen mot EU. Dette handla om kampen for uavhengigheit, sa han, mot innvandring. Nasjonalismen frådar. Mange trudde vendepunktet kom då Farage viste ein plakat med flyktningar og teksten «breaking point». Rasismen var ikkje lenger subtil. Men nei, Leave gjorde det betre enn venta.

Kjære Storbritannia:

Les også

Ikkje sjå til Norge

Det finst sjølvsagt mange i Leave-leiren som ikkje støttar opp om fryktbodskapen som spesielt høgrenasjonalistane i UKIP har levert. Når partileiaren deira, Nigel Farage, sitt bodskap likevel har vore så sentralt i valkampen er det umogleg å ikkje sjå på Leave-sigeren som ei legitimerande for den ekle nasjonalismen deira.

Det verkelege problemet er ikkje nasjonalismen eller populismen. Den har alltid vore der. Problemet er at me manglar statsmenn og -kvinner. I Storbritannia har dei abdisert, og vist seg for svake mot populismen. I Europa står Angela Merkel rimeleg åleine. Det er få teikn til betring. Denne kombinasjonen av populisme og nasjonalisme er på frammarsj i Europa. I Storbritannia har den akkurat fått ein stor siger.

Ansvarlege politikarar bør slutte å demonisere EU og det europeiske fellesskapsprosjektet, og spesielt må ein slutte å gi EU skulda for alt som er galt i eige land. Politikarar på både høgre— og venstresida har fôra høgrenasjonalismen. Og så er det på tide å ta ansvar. I natt snakka Labour-representantar nærast konstant om korleis dei konservative hadde skapt denne misnøyen, og snakka som om det var eit parlamentsval dei nettopp hadde avholdt. Då har dei misforstått alt.

I morgontimane annonserte sentralbanken at dei ville bruke €250 milliardar på å roe ned marknaden etter Brexit-sjokket. Det er nok berre første avdrag. Nasjonalisme og populisme er dyrt. Det er noko britane, og kanskje resten av Europa, no må ta konsekvensen av.

Publisert: