Forsvar norske interesser

Regjeringa må stå hardt på at Storbritannia ikkje skal få øydeleggje EØS-avtalen på deira veg ut av EU.

MAKTKAMP: I haust var Storbritannias statsminister Theresa May i Noreg. Ho møtte mellom anna statsminister Erna Solberg (Høgre) og stortingspresident Tone Trøen (også Høgre).
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Tysdag kveld sa det britiske underhuset med overveldande fleirtal nei til den brexit-løysinga statsminister Theresa May hadde lagt fram. Det forsterkar det politiske kaoset som dei siste åra har prega britisk politikk.

Det er no heilt uvisst kva løysing May vil leggje fram for parlamentet neste gong. Har EU meir å gje? Kan Theresa May kaste korta som statsminister? Blir det ny folkerøysting? Desse spørsmåla er også svært viktige for norsk politikk og økonomi.

Noreg har i dag eit ordna forhold til EU gjennom ei lang rekkje avtalar, der EØS-avtalen er den klart viktigaste. I tillegg er vi saman med Sveits, Island og Liechtenstein medlemer av frihandelsforbundet EFTA.

Tidleg i brexit-prosessen var «den norske løysinga» svært upopulær i britisk politikk. Kvifor skulle ein gå inn på ein veg der ein held fram med å betale store summar til Brussel, men ikkje fekk vere med på å styre?

Les også

Morten Myksvoll: Exit Brexit

Men etter kvart som den eine løysinga etter den andre er blitt vraka, ser stadig fleire til Noreg. Trass alt har vi eit sett av avtalar som gjev politisk stabilitet, velordna handel og trygge rammevilkår for norsk næringsliv. Det er ikkje tvil om at avtalen byd på utfordringar, mellom anna i delar av arbeidslivet, men alt i alt har avtalen tent Noreg godt.

Om britane blir ein del av EØS-avtalen og går inn i Efta, vil svært mykje endre seg. I dag er Noreg storebror i EØS i møte med Island og Liechtenstein. Storbritannia ønskjer ein liberalisert landbrukspolitikk og sterkare kontroll over fiskeriressursane – ikkje minst dei norske. Det er heller ingen grunn til å tru at utfordringane i norsk arbeidsliv vil bli betra av å få britane inn i EØS.

Erna Solberg har tidlegare sagt til NTB at «hvis britene har lyst til å bli medlem av EØS, så er de hjertelig velkommen». Seinare har tonane frå regjeringa vore meir avmålte.

No er det på tide å vere tydelege: Noreg skal alltid vise samarbeidsvilje internasjonalt, men det er ikkje vår oppgåve å løyse den floka Storbritannia har sett seg i.

Det er ikkje i norske interesser å ta Storbritannia inn i EØS.

Publisert: