På ville vegar

Vi kan prise oss lukkelege for at raset ved Bolstad ikkje kom i helga. Den brutale sanninga er at liv ville gått tapt. Mine ungar. Eller dine.

Vi set pris på at dei Erna Sollberg og Ketil Solvik Olsen kom og såg rasstaden på E16, men frammøtet er lite verd om det ikkje ny handling følgjer med, skrivJan Erik Kjerpeseth.
  • Jan Erik Kjerpeseth
    Adm. direktør i Sparebanken Vest og fotballfar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er fredag ettermiddag på jernbanestasjonen i Bergen, og fleire hundre oppspilte ungar går om bord på toget til Voss. Ungane har gleda seg så lenge, bak denne vakre junidagen ligg tallause, regnvåte treningsdagar på Mulebanen. Men no er alle treningsøkter i regnjakke gløymt, no ventar Voss Cup.

Jan Erik Kjerpeseth

Eg pustar letta ut medan toget køyrer ut frå perrongen. Dei siste dagane har det vore intens koordinering mellom oss, det store spørsmålet har vore korleis komme seg til Voss, no som vegen er tatt av ras? Det endar med at familien må dele seg, og eg set meg i bilen for å køyre omvegen til Voss.Les også:

Les også

Kjempekø på togstasjonen

Vi er så vande med stadige trafikkproblem på strekninga til Voss, vi er så vande med håplause køar på Trengereid, vi kan alt om ras som følgje av regn og snø. Vi er så vande med at vegen til Voss er farleg, at det vert som ei naturlov vi berre må akseptere.

For vi er ansvarlege fotballforeldre, vi er aller mest opptatt av å halde det vi har lova ungane: At vi skal reise til Voss og spele fotball. Først når eg køyrer langs Sørfjorden på Stanghelle, og dei høge fjella speglar seg i vatnet går det opp for meg:

Eg er alltid ekstra på vakt når eg køyrer bil til Voss. No sit ungane mine på eit fullsett ekstra-tog som svingar langs foten av dei stupbratte fjella. Til saman 15 000 born og vaksne, rundt 90 % av oss kjem frå Bergensregionen, er no på veg til landets største fortballturnering for ungar mellom 6 og 12. Og vegen vi køyrer er livsfarleg.

Vi kan prise oss lukkelege for at raset ved Bolstad ikkje kom i helga. Når ein ser kva som hende med trailaren som vart ramma, skal det ikkje mykje fantasi til for å skjønne kva omfanget hadde vore ein travel fredag. Den brutale sanninga er at liv ville gått tapt. Mine ungar. Eller dine ungar. Det er på tide å seie tydeleg ifrå. Nok er nok.

Les også:

Les også

Slik kan ny E16 bygges raskere

Skal vi sitte stille og vente på at katastrofa hender?

Harald Hauso, geolog i Statens Vegvesen, peikte i Bergens Tidende på det mest urovekkande: Raset gjekk på ein stad i ei årstid ingen forventa at det skulle gå eit ras.

Ras-sikring er i praksis ikkje mogleg, strekninga må leggast i tunnel for at ho skal kunne vere trygg. Det same er tilfelle for store delar av E16 frå Arna til Voss. Vi diskuterer eit område kor det har gått 200 ras dei siste 15 åra, heile 20 menneske har mista livet.

Vegen var stengt 76 gonger berre i fjor – til saman 18 døgn. Vi treng kortsiktige tryggleikstiltak som ras-sikring, men det er først når ny veg og bane på heile strekninga er på plass at vi kan reise trygt til Voss Cup.

Difor vart det jubel i Bergen, Vaksdal og på Voss då samferdsleministeren før jul annonserte at regjeringa vil legge K5-alternativet til grunn for arbeidet med ny veg og jernbane. For dette fortener regjeringa og Solvik-Olsen honnør. Vi er mange som er takksame for at ein valde den beste løysinga, sjølv om denne var dyrare.

Samstundes er fageiningane si innstilling til NTP ikkje god nok. I beste fall vil ein då kunne starte arbeidet på strekninga Arna-Stanghelle i 2021, noko Erna Solberg og Solvik-Olsen lovde at dei skulle få til, då dei sundag besøkte Bolstad.

Vi set pris på at dei kjem og ser rasstaden, men frammøtet er lite verd om det ikkje ny handling følgjer med. Strekninga Stanghelle-Voss, kor raset førre veke gjekk, vil ein starta på når ein er ferdig med første del. Med fem års byggetid vil vi om ti år med andre ord berre ha kome knapt halvvegs til Voss. I beste fall.

Då han var på synfaring på rasstaden sa samferdsleministeren at kravet om å sjå heile strekninga under eitt berre vil forseinka prosjektet. Altså må vi akseptere at det i Noreg tar 20 år å utbetre og bygge 100 kilometer med ny veg og jernbane. Kvifor skal vi akseptere at det «berre er slik»?

Frå mine år som leiar i næringslivet veit eg at det som verkeleg vert definert som viktig, er det som vert raskast løyst. Dersom viljen er til stades får ein det til. Eg er overtydd om at det også er slik i offentlege prosjekt.

Men det krev at vi innser kven som er vår største fiende for å gjere dei viktige endringane når ny informasjon er tilgjengeleg: Våre eigne tankemønstre. Tore Hillestad, dr.oecon frå NHH, framhevar sti-avhengigheit som ein av tre faktorar som motverkar endring i ein organisasjon.

Newtons tredje lov, eller tregheit-lova, tilseier at vi over tid etablerer ein måte å gjere ting på som det er vanskeleg å endre. Dei andre to faktorane er vilje og evne. Gitt at vilja er til stades, og vi veit at vi maktar å bygge både veg, tunnelar og jernbane med høg kvalitet, står vi att med sti-avhengigheit som største hinder.

I alpelandet Austerrike reknar dei med å ha bygd ut det dei treng av vegar i 2020. Og det står ikkje verre til med kollektivtilbodet eller jernbanen heller.

Det høyres smått utruleg ut, og då er det kanskje ikkje utenkeleg at vi har noko å lære av Austerrike? Og andre land som har lukkast betre enn oss. Vi treng politikarar og styresmakter som maktar å tenke utafor den berømte boksen, som klarar å lære av andre.

Og ikkje minst, som maktar å sjå at slik vi gjer det i Noreg ikkje held mål. Til dømes gir det inga meining at å planlegge og bygge heile Voss-Arna samstundes skal ta lengre tid enn å dele prosjektet opp i to og bygge den eine først. Viss så er tilfelle strekar det under poenget mitt om at det er noko grunnleggjande problematisk med måten vi organiserer samferdslesatsinga på.

Eigentleg burde det vore motsett. I næringslivet er det ikkje lenger dei store som slår dei små, men dei raske som slår dei treige. Evna til å snu seg raskt, tenke nytt og operasjonalisere strategiske val vert stadig viktigare.

Noreg er eit mellomstort land sett ut i frå tilgjengelege ressursar. Alt ligg til rette for at vi kan vere i front på innovasjon og nytenking. Men då må vi starte med å innrømme at måten vi har gjort ting på ikkje held mål lengre. Vi må sjå oss sjølve i spegelen.

Samferdsleminister Solvik-Olsen har tidligare synt seg som ein minister som handlar og som tør tenke litt utanfor boksen. Det verkar likevel som om han og regjeringa framleis vurderer ny E16 som eit ordinært prosjekt. Men det er det ikkje. Ny veg og bane til Voss handlar om å avverge katastrofe.

Det er på tide å seie ifrå. Det skuldar vi ungane våre. Vi vil måtte leve med høg risiko i mange år framover. Det er ikkje akseptabelt, men eg òg skjønar at det ikkje kan byggast ny veg og bane allereie neste år.

Like fullt vil hordalendingane ikkje akseptere at ikkje heile prosjektet med ny veg og bane til Voss vert prioritert, planlagt og bygd ut på same tid. Spaden må i jorda seinast i 2021, og då for heile strekninga Voss-Arna.

For vi har ikkje råd til å vente. Kostnaden vert for høg. Det vi no treng er politikarar som evnar å handle før sinnet og frustrasjonen vert for stor. Som evnar å handle før raseriet kjem til overflata og vi igjen finn fram faklane våre. Som evnar å handle før det går eit ras medan barnefamiliane sit i bilkø eller på eit tog på veg til Voss Cup.

Seint søndag ettermiddag køyrer eg forbi rasstaden, medan den vesle dottera mi søv i baksetet. Om halsen har ho medaljen ho og laget hennar vann for Fair Play. Ho er 6 år og kjem aldri til å få oppleve å reise trygt til Voss Cup. Først når ho fyller 16, vil ho kunne reise sikkert til Stanghelle.

Bergensbana og E16 til Voss er ei gamal unnlatingssynd mange regjeringar og politiske regimer må ta si del av skylda for. Det skal eg la ligge no. Men sinnet og frykta frå foreldre og born på Voss i helga er ikkje til å teke feil av. Folk har fått nok. Vi krev og forventar handling.

Viss politikarane stikk hovudet i sanda vil dei ikkje verte tilgitt. Ikkje denne gongen. Tvert imot vert dei heldt ansvarleg for manglande tryggleik for ungane våre.

Nok er nok.

Har du meninger? Send innlegg tildebatt@bt.noog Følg oss påFacebook!

Publisert: