Godvêrshelg i vente, men havtåka lurar i kulissane

Nyt helga, på måndag kan moroa vere over.

I helga kan ein truleg få ein forsmak på sommaren ved Smålungeren.
Publisert: Publisert:

– Det ser ut til at det blir ei godvêrshelg i Bergen og omland, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Per Egil Haga.

Utpå dagen fredag skein det endeleg opp i både Bergen og resten av fylket, og med sola kom også behagelege temperaturar.

På Vossavangen budde dei aller heldigaste, som fekk oppleve at gradestokken steig til 19,3 grader i løpet av dagen. I Sørfjorden var dei like bak med 19,2 målte grader. På målestasjonen på Florida vart høgaste temperatur målt til 16,5 i løpet av fredagen.

Men det sommarlege vêret tar ikkje helg som dei fleste andre, skal ein tru meteorolog Haga.

Kan krysse 20 grader

– Det er eit høgtrykk som dominerer i store delar av Sør-Noreg no. Vi får mykje av det same vêret i helga, både på laurdag og søndag.

Temperaturane vil også halde seg på eit godt nivå, og kan til og med gje ein ekte forsmak på sommaren.

Laurdag klokka 14, ifølgje prognosen.

– Sannsynlegvis får vi enkelte stadar der vi kryssar den magiske 20-grensa, slik at vi får ein sommardag! Om ikkje det blir i Bergen, så blir det eventuelt ikkje langt unna, seier Haga.

Han reknar uansett med at temperaturen kan kome opp i 17 eller 18 grader i Bergen i helga.

Prognosane seier at søndagen sannsynlegvis blir den varmaste dagen i helga. Likevel er det éin faktor som stikke kjeppar i hjula for ei sommarleg helg.

Truande havtåke

Tåka skapte trøbbel for både sjø- og lufttrafikken fredag morgon. Ifylgje Haga dannar det seg enkelt tåke i møtet mellom dei høge temperaturane vi har hatt dei siste dagane, og den kjølige havlufta.

Dette var truleg grunna til at det ikkje vart endå høgare temperatur i byen fredag.

– Det er nok ei fare for at vi kan få tåke på kysten dei neste dagane, som kan trekke litt inn i fjordane. Det er mest aktuelt tidleg på dagane, og faren er nok litt større på søndag enn laurdag, seier meteorologen.

Laurdag vil nemleg nordavinden ta seg opp, og kan blåse opp til frisk bris på kysten. Haga forklarar at vinden gjer at tåka ikkje dannar seg like lett. Han kan likevel ikkje utelukke at den kan trekke inn mot bergensområdet og påverke temperaturen.

– Det blir godvêrsdagar båe dagar med ein god del sol, men med atterhald om havtåka som ligg å trugar i kulissane, seier Haga.

Fredag morgon låg tåka tjukt over Åsane.

Måndag kjem lågtrykket

Måndag kan moroa vere over for denne gong.

Haga fortel at høgtrykket vil svekkast, og at eit lågtrykk lenger nord byrjar trekke inn over fylket og bergensområdet.

– Det blir meir gråvêr og nedbør, men også søkkande temperaturar. I overgangen frå søndag til måndag kjem omslaget til ein litt våtare og kjøligare periode, seier han.

Publisert: