Meteorologen: – No kan vi puste letta ut. Det er håp for vestlendingane.

Det blir mykje mindre nedbør enn det vi har sett den siste tida, lovar meteorologen.

Komande veke slepp ein unna dei store nedbørsmengdene i Bergen, ifølgje meteorologen.
Publisert: Publisert:

Olav Erikstad har eit klart bodskap då BT snakkar med han søndag morgon: Det dårlege vêret er over for denne gang.

Erikstad er vakthavande meteorolog i Stormgeo.

Sjølv om han ikkje kan spå framtida, er det få som veit betre kva dei snakkar om når dei skal seie noko om kva vêr ein har i vente.

– No kan vi puste letta ut, seier meteorologen.

– Kan bli sol

Erikstad seier bergensarane kan sjå fram til måndag ettermiddag. Då vil ein nemleg vere kvitt nedbøren, skal ein tru prognosane.

– Det er til og med sjansar for sol i Bergen dei neste dagane.

Frå måndag blir det også betydeleg mindre vind, ifølgje meteorologen.

Tysdag kan det derimot bli ei ny nedbørsrunde frå Bergen og sørover, men onsdag blir det lettare igjen, seier Erikstad.

– Det blir i alle fall ikkje dei abnorme nedbørsmengdene som har vore i det siste.

Lågare temperaturar

Ifølgje Erikstad vil temperaturane falle på Vestlandet i komande veke.

– Dei som har tenkt seg på hytta eller bevege seg med bil over fjellet, må rekne med mykje lågare temperaturar. Det kan bli heilt ned mot 25 kuldegrader i fjellet.

Han får støtte frå Anne Solveig Andersen i Vervarslinga for Vestlandet.

– Kor kaldt det blir i Bergen vil avhenge av skydekket, men eg går ut ifrå at det blir rundt éi kuldegrad.

Andersen seier at det også kan kome periodar med nedbør, men er klar på at det ikkje er snakk om store mengder.

– Tysdag kjem eit lågtrykk frå vest, då kan ein vente seg sludd og snø. Også onsdag og torsdag kan ein vente nedbør, seier Andersen.

Meteorolog Erikstad i Stormgeo er likevel ikkje i tvil:

– Det dårlege vêret er over for denne gong. Så får vi sjå kor lenge det varar.

Publisert: