Hoppa i havet på årets varmaste dag i Bergen

Søndag stoppa gradestokken på 25,3 grader. Og meteorologen har meir godt nytt.

Lærar Sigrid Hardie (28) er straks klar for lang sommarferie. Men først eit hopp.
Publisert: Publisert:

Sigrid Hardie (28) sjekkar at bikinien sit godt på før ho tek ein backflip frå bryggja på Marineholmen i Bergen.

Saman med Susanne Brandt Røssevold (28) har ho sprunge over Vidden på det som hittil er årets varmaste dag i Bergen.

Frå Montana til Fløyen tok turen 2,5 timar. Der vart det ein is.

– Det må ikkje bli for sprekt. Vi må ha litt balanse i livet, seier Røssevold.

Ullensvang varmast i Vestland

På det meste vart det målt 25,3 grader på målestasjonen på Florida. Det er opp frå fredag, som var førre toppnotering med 24,5 grader.

– Veldig digg, seier Roanna Hutcheson (25) om badetemperaturen på Marineholmen.

Roanna Hutcheson (25), Aurora Opsund (25) og Sunniva Hillesøy (26) kjøler seg ned i havet.

Ho pleier å bade om vinteren også.

– Det er mykje meir behageleg no, når det er varmare i lufta, konstaterer ho.

Aller varmast i Vestland søndag var Ullensvang med 27,1 grader. Etne var like bak med 26,5.

Kameratgjengen skal ta middagen på Os. Frå venstre Sondre Berland Olsen, Marcus Hansen, Preben Syriansen, Phillip Vaag og Finn Vaag.

– Digg, men litt kaldt

På ein benk i sola har marinteknikkstudentar frå Høgskulen på Vestlandet slått seg ned.

– Strålande. Heilt nydeleg, seier Simen Myra Danielsen (22) om denne søndagen.

Frå venstre Simen Myra Danielsen, Birk Årvik Nysæther, Markus Tønnessen, Max Flinstad og Jonathan Hofstad. Alle studerer i Bergen.

Han er akkurat ferdig med bachelorgraden og kan berre slappe av. Litt verre er det for kameraten Markus Tønnessen (25), som skal forsvare bacheloroppgåva om to dagar.

Han har likevel tatt seg tid til bad og soling.

– Det var digg, men litt kaldt. Ein blir ikkje verande uti, seier sørlendingen.

Hald deg oppdatert på badetemperaturane i Bergen her.

Folksamt på badestranda på Møhlenpris søndag ettermiddag.

Solrik veke i vente

Det blir mykje bra vêr framover òg, sjølv om temperaturen søkk til 22 grader måndag.

– Det blir meir skya og ein del sol, men det kan kome nokre regnbyer på kvelden, seier meteorolog Eldbjørg Moxnes ved Vervarslinga på Vestlandet.

Resten av veka ser derimot heilt tørr ut, med stigande temperaturar.

– Det blir mykje sol, og fredag kan temperaturen igjen kome opp på 25 grader, seier Moxnes.

Karoline Weise hoppar i det, medan Aurora Drange-Storebø passar på øyredobbane.

Karoline Weise (17) har planen klar for veka:

– Eg skal nyte vêret og bade masse. Eg elskar å bade! Og så skal eg bli brun, seier ho.

Publisert: