Kvinner på bygda

Det er ikkje kvinners ansvar å sørge for at norske bygder overlever.

Om kvinner vil flytte frå bygda, lat dei gjere det. Ein kan ikkje snakke om at kvinner, i kraft av at dei kan føde barn, skal vere middelet som får heimbygda til å overleve. Det må distrikta sjølve ta ansvaret for, skriv BT på leiarplass. Her frå Vetlefjorden i Sogn.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Skal folketalet haldast oppe i utkantane, må det finnast attraktive jobbar der for begge kjønn. Men ein kan ikkje leggje børa for bygdas overleving på kvinnenes skuldrer.

Sist veke la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram sine nyaste befolkningsframskrivingar. Trenden med sentralisering held fram, og bygdene er i stadig tilbakegang. Mange av distriktskommunane har stort overskot av eldre innbyggjarar, men stadig færre yngre. Det betyr at også talet på barn går ned.

  • Les også: Forventer 300.000 bergensere innen ti år
    Dessverre er det stadig slik at når ein diskuterer forgubbing i distrikta, snakkar ein om eit kvinneunderskot. Det er oftast kvinnene som drar frå bygda, for å studere i dei store byane. Få av dei kjem heim igjen. Seniorforskar Marianne Tønnesen i SSB peikar på dette som ei utfordring, og seier at bygdene må sette i gang tiltak for å snu trenden: "Dei bør leggje til rette for kvinner i fødedyktig alder og marknadsføre seg som barnevennlege."

Det er ei håplaus tilnærming til denne utfordringa. Det er fint å ønskje seg betre kjønnsbalanse i eit samfunn, men ein kan ikkje redusere kvinner til å vere reine fødefabrikkar og eit middel for å sikre at bygda skal overleve. Det verkar truleg også mot hensikta å prøve å lokke kvinner heim med ei forventning om at det einaste ein vil dei skal gjere, er å føde barn.

Då er ein større plass, ein by, desto meir freistande. Ein stad der ein som individ vel fritt om, og eventuelt når, ein skal få barn.

Kvinnene som har reist heimanfrå for å studere, har gjort det av same grunn som andre: Dei ønskjer seg interessante og utfordrande jobbar, og veit at sjansen for å få slike aukar i takt med utdanningsgrad.

Som BT-serien Nedbygd viste i fjor, er det mange utflyttarar som ønskjer seg heim, men dei ser at det ikkje finst relevante eller interessante jobbar for dei der.

Les også:

Les også

Jentene frå verdas ende

Skribent Maria Dyrhol Sandvik skreiv om dette fenomenet i tidsskriftet Røyst for halvtanna år sidan. Ho er sjølv frå ein distriktskommune i Møre og Romsdal, og slår fast at kvinnene ikkje drar heim igjen fordi det rett og slett ikkje er interessant nok. Sandvik meiner ein må snu problemstillinga frå å handle om at bygda treng kvinner, til å finne ut kva kvinnene treng i bygda.

Det er eit klokt råd til distrikta. Kvinner og menn som drar frå bygda for å få ei utdanning, ønskjer som oftast å bruke den til noko. Det hjelper ikkje at heimbygda kan stille med billege eller gratis tomter. Finst ikkje dei spennande jobbane, og mange andre likesinna, vil det ikkje vere interessant, uansett om ein er kvinne eller mann.

I staden for å klage over fråflyttinga, bør ein applaudere dei ambisiøse kvinnene og mennene frå bygda. At folk som kjem frå utkantane tek utdanning er bra for både dei og for landet.

Om kvinner vil flytte frå bygda, lat dei gjere det. Ein kan ikkje snakke om at kvinner, i kraft av at dei kan føde barn, skal vere middelet som får heimbygda til å overleve. Det må distrikta sjølve ta ansvaret for.

Bygdene må tenkje over korleis dei kan vere attraktive for menneske som vil ha interessante jobbar, ikkje kvinner.

Publisert: