Ser mørkt ut for sommarvêret framover: – Må ha fokus på det positive

Utsiktene for ferievêret i tida som kjem, er ikkje noko å skriva heim om. Likevel vil sola glytta fram her og der.

Juli månad har vore kaldare enn gjennomsnittet, og regnet ser ikkje ut til å gje seg enno.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Over Vestlandet ligg det for augneblinken relativt kald og kjølig byeluft. Og ifølgje Geir Ottar Fagerlid, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, vil ikkje situasjonen endra seg stort dei neste dagane.

– Det positive er at me får periodar med sol, men det ser òg ut til at det kan koma nokre spreidde regnbyer innimellom. Det er ikkje snakk om dei store mengdene. Totalt nokså få millimeter i laupet av ein dag, seier Fagerlid.

Korkje fredag, laurdag eller søndag byr på typisk ferievêr.

– Me har ein svært skiftande vêrtype, og det skal ein del til for at temperaturane kjem over 15 grader.

Skiftande vêr

Både torsdag og fredag vil ein oppleva skiftande skydekke og periodar med opphaldsvêr og sol. Himmelen kan koma med regn i form av nokre spreidde byer innimellom.

– Eg kan ikkje gje garantiar, men det kan verta turt i mange timar. Det skal ein ikkje sjå bort ifrå, seier Fagerlid.

På laurdag kan ein koma til å få vêr av same slaget, men truleg med litt fleire regnbyer. Vêret ein får på sundag er heller ikkje av det store slaget, med kjølige temperaturar, skydekke, regn, og kanskje eit glytt av sol.

– Det vekslar mellom opphald og regnbyer dei komande dagane.

Sola kan vera framme i periodar, så ein treng ikkje plent ta på seg regnjakka for ein liten spasertur i Nordnesparken.

To-tre grader kaldare enn normalen

Ifølgje meteorologen har juli vore kaldare enn vanleg, medan det i juni vart sett rekord på 17,5 grader. Altså gjennomsnittstemperaturen for heile månaden. Varmaste dag vart 19. juni, som hamna på 30,3 grader på Florida.

– Juli har halde seg to-tre grader kaldare enn normal gjennomsnittstemperatur. Sett opp mot juni, er det jo ein liten nedtur. Juni var eksepsjonelt varm, og sette varmerekord ved målestasjonen på Florida. Ein kan ikkje venta slikt vêr heile sommaren, og me må nok betala litt for det finvêret no.

Meteorologen stiller seg tvilande til at vêret kjem til å betra seg stort framover.

– Eg er litt pessimist, for eg slit med å finna ein fin periode. I neste veke vil vindretninga skifta frå nordvest til sør, som vil føra til varmare temperaturar. Samstundes vert det òg meir nedbør. I staden for ein makstemperatur rundt 15 grader, kan han hamna ein stad mellom 17 og kanskje 20 grader, seier han.

– Me ser på vêret langt ut i neste veke. Det er ikkje noko stabilt og varmt vêr i sikte, og me får ikkje ein heil dag med sol, for å seia det slik.

Kryssar fingrane

Han vonar vêret snur litt om ei halvannan vekes tid.

– Eg er ikkje superoptimist. Det vert nok varmare i siste halvdel av juli enn i første halvdel, men eg veit ikkje om ein blir kvitt nedbøren og skyene, seier Fagerlid.

– Me har eigentleg hatt ein fin sommar. Som regel må ein betale med to-tre regnvêrsdagar for å få ein finvêrsdag i Bergen. Me får ha fokus på det positive. Det vert lange periodar med opphald torsdag og fredag denne veka, men utan dei heilt store temperaturane. Me får kryssa fingrane for betre dagar.

Publisert: