Her kjem vêret du har venta på

Etter ein lang periode med tolv grader og regn får vi endeleg eit skifte i sommarvêret.

Her ser ein korleis varmebølgja vil bevege seg over Nord-Europa, før den kjem forbi Sør-Noreg tysdag.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Frå tysdag neste veke sneiar restane etter varmebølgja frå Storbritannia forbi oss. Då vil temperaturane endeleg stige.

Det fortel statsmeteorolog Rannveig Eikill.

– Det skal definitivt bli varmare. Måndag blir det overskya med litt regn tidleg på dagen, men tysdag kan gradestokken kome opp på 20-talet.

Den behagelege temperaturen er meldt å halde seg både tysdag, onsdag og torsdag, og kan krype opp mot både 22 og 23 grader.

– Håpar sjølvsagt på sol

Meteorolog i Stormgeo, Ina Ynnesdal, seier mengda nedbør neste veke er meir usikker.

– Temperaturen er vi ganske sikker på, men kor mykje regn det blir er vanskelegare å seie. Vi håpar sjølvsagt på sol, og pr. no ser det ut som det blir opphald og ein del finvêr.

Men først må vi halde ut med skiftande ver og lave temperaturar litt lenger, seier Eikill.

Neste veke får bergensarane forhåpentleg nyte uteserveringane att.

Finvêr på laurdag

– Det har vore grått så langt, men det ser ut som vi får opphaldsvêr og mogelegheiter for at det sprekk litt opp i skylaget utpå kvelden torsdag.

Natt til fredag skal det bli opphaldsvêr, før det byrjar å regne att på dagtid, fortel Eikill.

– Temperaturen vil fortsette å ligge på rundt 12–13 grader fredag òg. Nett som på torsdag blir det kan hende litt sol på kvelden.

Laurdag skal sola syne seg litt ekstra, og mest truleg blir det opphald store delar av dagen, ifølgje meteorologen.

– Det kan bli ei og anna byge på kysten, men i Bergen skal det vere fint. Då er det òg mogeleg at temperaturen stig bitte litt, men truleg ikkje over 15–16 grader.

Trudde det skulle vere kjølig lenger

Søndag kjem regnet og skyene litt tilbake, før vi får den etterlengta endringa i starten av neste veke.

Ynnesdal fortel at det har vore uvanleg kaldt til juli å vere, og at prognosane deira eigentleg synte at den kjølige perioden skulle vare lenger.

– Det kom litt brått på at det er eit skifte, men det er sjølvsagt veldig velkome. Dei fleste er vel leie av det sommarvêret vi har hatt til no.

– Juni og august ofte betre

Ynnesdal seier ho har inntrykk av at juni og august generelt er dei beste sommarmånadane.

– Mange tenker juli blir best, sidan den ligg i midten, men for meg verkar det som at juni og august ofte er betre. Juli er typisk ein våt månad.

Meteorologen vil ikkje garantere sol og skyfri himmel neste veke, men håpar bergensarane får sola dei har venta på.

– 20 grader og regn er vel betre enn 13 grader og regn, så det er jo noko.

Publisert: