Nå er det slutt på sola

Denne gongen er meteorologane heilt sikre: Til veka blir det skikkeleg regn.

MOT NORMALT: Veker med sol er over for denne gong, etter ein juni med uallminneleg lite bergensregn.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— Slutten av førre veka vart tørrare enn vi hadde venta. Men nå er vi heilt sikre: Måndag kjem det ei god rotbløyte, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet.

Dei mørke skyene som vart meldt sist måndag har latt vente på seg, i alle fall ute ved kysten. Men nå som skuleferien er i gang vil dei innfinne seg.

Gerd Margrete Tjeldflåt om det våte livet:

Les også

Diagnose: Vestlending

— Det kan bli 15 til 20 millimeter nedbør måndag, og byger resten av veka. Det ser ut til å bli noko nedbør kvar dag. Langtidsvarselet ser rett og slett ikkje bra ut, seier Fagerlid.

Temperatur over normalen

For bønder og andre som gjerne ser at det veks, er vermeldinga godt nytt. For juni har vore både varm og tørr - også i eit statistisk perspektiv.

— Snittemperaturen har så langt vore 16,1 grader. Det er neste tre grader over snittet for juni. Og det har kome berre 7,9 millimeter regn her i Bergen, seier meteorologen. Det er så lite nedbør at det berre utgjer seks prosent av væta vi får i ein normal junimånad.

— Det skal kome veldig mykje regn i resten av månaden før vi når opp til det som er normalen, seier Fagerlid.

I det minste mildt

Regnet som er i anmarsj, ligg søndag formiddag over Storbritannia, og har stø kurs austover mot norskekysten. For dei som skal ut i ferie, kan vermeldaren trøyste med at temperaturen i det minste ikkje blir så verst.

Denne slo ikkje heilt til:

Les også

Dette betyr slutten på finværet

— Nå i helga har vi hatt kald, tørr luft frå Nord-Noreg. Lufta som kjem nå er våtare, men også mildare. Det blir temperaturar på mellom 15 og 20 grader. Også nettene blir varmare, seier Fagerlid.

Fortsatt håp

Det er også grunn til å minne om at det ennå er tidleg på sommaren - sjølv om meteorologane er temmeleg sikre på at resten av juni ikkje blir særleg solfylt i vest.

— Dersom finveret hadde halde seg, ville vi nærma oss toppsjiktet i konkurransen om den finaste sommaren nokon sinne. Spørsmålet er om regnveret dei neste dagane berre blir eit blaff. I så fall ligg vi fortsatt brukbart an, seier Fagerlid.

Og den beste sommaren? Den hadde vi for 19 år sidan.

— I 1997 hadde vi 61 dagar i juni, juli og august med makstemperatur over 20 grader. Også sommaren i 1947 var tørr og varm, men i 1997 var det faktisk enda betre, seier meteorologen.

Publisert: