Diagnose: Vestlending

Det er slitsamt med for mykje finvêr for ein vestlending. Me veit at me må betale for det seinare.

FINT VER: Noko dei kan ha i Oslo.
Publisert: Publisert:

1. juni 2018: Denne teksten vart først publisert sommaren 2016. Vi henta han like godt fram igjen no. Du forstår sikkert kvifor.

Eit liv langs fjorden, i fjellsider med toppar som har regnskyer hengande rundt seg, gjer noko med oss. Det er alltid surt ute, og stort sett berre motbakke uansett kor du skal gå. Men det er no det livet me er vane med. Lett kan dei ha det i Oslo. Andre folk i andre land får D-vitamin frå sola. Me drikk fiskeavkok. Nesten like bra, det. Det er dette livet me er fødde til å leve.

Men når du er fødd til å streve, blir det nesten overveldande dei dagane du vaknar og ser sola skine mot ruta. Utan at du har gjort noko som helst for å fortene det. Dei dagane når meteorologen har sagt at det skal bli sol og varme, og så skjer det! Då er det ikkje så halvgale, som far min brukar å seie.

«Drit i sommarkroppen. Det er bunadskroppen du må tenkje på.»

Då gjeld det å kome seg ut, og det på raude rappen. No er sola her. Du veit aldri når eller om du ser ho igjen. Det gjeld å suge til seg kvar stråle som kjem. For på innsida veit vestlendingen at det tek slutt. Og du vil betale med renter. Ein solskinsperiode blir etterfølgt av ein dobbel så lang regnperiode. Minst.

Mange såkalla ekspertar prøver å overtyde oss om at dette ikkje er sant. Yr.no skriv til dømes ein artikkel i året med tittelen: «Nei, det finnes ingen solkvote som kan brukes opp». Dette er berre propaganda frå Oslo, det veit me på Vestlandet. Di fleire dagar med sol det er på rad, di meir angstfylt blir det for vestlendingen. Me har berre eit fåtal soldagar tildelt her i livet. Og ein vil jo gjerne spreie dei litt utover, og i alle fall ikkje bruke dei alle opp på ein gong.

Jublar over regnet

For to år sidan var det fint vêr to månader i strekk. Eg var livredd kvar bidige dag. Tenkte at no skjer det, no kjem regnet og blir hos oss til jul. For kvar dag som gjekk, nærma slutten seg meir. Då er det på mange måtar enklare å bli skuffa. Då er det i alle fall overstått.

Du kan også få gode historier ut av det, som du kan bruke til å oppdra nye vestlendingar. Sommaren i firogseksti har til dømes vore med far min heile livet hans. Eller, sidan firogseksti, då. Den sommaren snødde det kvar månad, året rundt. I alle fall i fjellet. Og det har han fortalt meg kvar gong eg har klaga på sommarvêret i oppveksten. Han blir ikkje imponert av kva som helst.

All denne sola me har fått så langt i sommar er altså både ei gåve og ei forbanning for vestlendingar som meg. Det er så godt, og samtidig berre ventar me på pøsregn i juli. Og eg skal vere i Norge heile sommaren. Men det er klart, det er dette livet eg er fødd til å leve. Lett kan dei ha det i Oslo.

Publisert: