Hamas sa dei ville ha fred. Men det viste seg å vere ein bløff.

Israel gjekk måndag til angrep på deler av Rafah by, på grensa mellom Gaza-stripa og Egypt.

Krigen på Gaza-stripa går inn i eit nytt grufullt kapittel.

Publisert: Publisert:

Israel har starta bakkeoffensiven av Rafah – grensebyen til Egypt, der meir enn éin million sivile har flykta til frå andre deler av Gaza.

USA har i fleire månader forsøkt å få Israel vekk frå tanken om å invadere Rafah. Der er det så tettpakka med folk at eitkvart angrep vil ha stor risiko for å råke sivile.

Israel har eigentleg eit ansvar for å unngå det.

Forhandlingane om våpenkvile har vore intense den siste tida. Så sa plutseleg Hamas måndag at dei hadde godteke avtaleutkastet.

Mange på Gaza-stripa jubla. Rafah kunne sleppe invasjonen. For Israel hadde allereie signalisert at dei ville godta våpenkvila.

Men jubelen var forgjeves. Hamas bløffa, Israel gjekk til angrep.

Les hele saken med abonnement