Frps tomme bompengeløfte

Frp skal slite med bompengepartia fram til valet.

TRØBBEL: Frp har vedteke å ta 100 milliardar frå Oljefondet for å slette all bompengegjeld. Det er, for å bruke Sylvi Listhaugs ord, ei sak dei ikkje har sjanse til å levere, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Er det verkeleg Sylvi Listhaug som skal redde Frp i årets valkamp? På å kritisere kommunane for dårleg eldreomsorg, eller å lansere nye, kontroversielle innvandringsutspel?

Du kan seie kva du vil om partinestor Carl I. Hagen, men han har framleis god teft for kva som går heim hjå folk. Bompengar vil etter alt å døme bli den store saka i årets kommuneval, i alle høve i dei store byane. Det er ei sak Frp ikkje har råd til å tape.

Det skjønar Hagen. Den frittgåande partinestoren foreslo på helgas landsmøte å ta 100 milliardar frå Oljefondet, og slette all bompengegjeld i landet. Forslaget vart samrøystes vedtatt.

Men før ein kom så langt prøvde partileiinga å hindre vedtaket. Nyvalde 1. nestleiar Listhaug tok eit, frå den kanten noko uvanleg oppgjer med symbolpolitikk:

«Trenger vi nå flere saker der vi ikke har sjans til å levere, eller bør vi konsentrere oss om å kjempe mot nye bypakker og for de punktene vi kan gjøre noe med?»

Partiet vedtok altså ei sak dei ikkje har sjans for å leve opp til. For trass i, eller kanskje på grunn av, at partiets leiar òg er finansminister, vil denne gjeldsslettinga aldri skje. Dei andre partia i regjeringa vil aldri kunne gå med på det, med god grunn.

For slik det ofte er med enkle løysingar, har denne òg ein del uheldige bieffektar:

  • For det første vil landets bilistar få svært mykje meir å rutte med. 13 milliardar, viss Frp skulle klare å fjerne alle bompengar i landet. Det høyres jo bra ut, men med mindre regjeringa kuttar tilsvarande på andre utgifter, vil det drive prisane og dermed rentene oppover.
  • For det andre vil ikkje bompengane forsvinne, viss ein berre fjernar gjelda. Svært mykje av bompengane går med til å betale for nye investeringar, ikkje gjeld. Ta Bergen som døme: Fram til 2038 skal det ifølgje Vegvesenet betalast 20,1 milliardar kroner i bompengar. Den gjelda Frp no vil slette utgjer «berre» 7,4 milliardar av dette. Resten er investeringar i bybane, vegar og anna infrastruktur, pluss halvannan milliard til å krevje inn pengane.
  • For det tredje vil reduksjon eller fjerning av bompengane gjere det meir attraktivt å køyre bil. Trafikken vil då gå opp, kollektivandelen gå ned og køane vil vekse og presse fram nye vegar.
  • For det fjerde vil eit slikt uttak frå Oljefondet lage eit hol i pengebingen som lett kan utvidast, og dermed undergrave alt som har med fornuftig budsjettstyring og langsiktig tenking å gjere. For kvifor nøye seg med 100 milliardar til bompengegjeld? Berre til vegar kan det brukast ufatteleg mange fleire milliardar utan at alle blir nøgde. Regjeringa prøvde seg allereie tidlegare i år, med eit forslag om å ta utgiftene til ein ny fregatt og nytt regjeringskvartal på utsida av budsjettet, under streken. Etter massiv kritikk trekte dei forslaget.

Det blir interessant å sjå om Frp i det heile vil bruke dette vedtaket i valkampen, og om nokon i så fall vil bry seg. Hagen sjølv lanserte det heile som eit spel, som han meiner vil kunne doble oppslutninga til Frp. Det spørst om veljarane er så lettlurte.

Partileiinga sin strategi ser førebels ut til å vere å lempe ansvaret for bompengane over på kommunepolitikarane.

Men allereie på første forsøk møtte den nye partileiinga seg sjølv i døra. Nyvald 2. nestleiar Terje Søviknes kunne på Dagsrevyen måndag fortelje:

«Framstegspartiet lokalt stemmer nei til bompengar. Og det kjem ikkje eit einaste bompengeprosjekt gjennom i Stortinget viss ikkje der er lokal tilslutning. Så viss veljarane vil ha mindre bom, må dei stemme Framstegspartiet.»

Det Søviknes ikkje fortalde, var at han sjølv feira med blautkake, då bompengesøknaden hans for nyvegen frå Os til Bergen vart godkjent av regjeringa i 2014. I Bergen stemte Frp for bompengar i 2012.

GOD STEMNING: Terje Søviknes (Frp) var veldig glad då bompengesøknaden for nye E39 frå Os til Bergen gjekk gjennom i regjeringa i 2014.

Frp har vore flinke til å drive dobbeltspel i innvandringssaker etter dei kom i regjering i 2013. Det er ikkje like lett i bompengesaka. Ikkje når dei har stemt for bompengepakkane i Stortinget, har samferdsle- og finansministeren og i tillegg har stemt for bompengar fleire stader lokalt.

For flinke Frp-politikarar ser òg at bompengar må til for å finansiere dyre vegprosjekt og fornuftige kollektivløysingar, ting som må til for å få byområda til å fungere.

Sjølvsagt kan ein hevde at alt dette bør finansierast av staten. Men spørsmålet er då kva staten skal ta pengane frå? Skal skattane aukast? Skal vi kutte i forsvaret, helse, skule eller omsorg, for å ta nokre av dei største utgiftspostane på statsbudsjettet?

Det same betalingsproblemet får ein om kommunen skal ta rekninga.

Den einaste reelle løysinga for å stoppe veksten i bompengar, er å stoppe dei utbyggingane bompengane er meint å finansiere. Det er her diskusjonen må byrje. Kva skal vekk?

I Bergen er svaret frå det nye bompengepartiet FNB å la vere å byggje Bybanen til Åsane. Det vil i teorien kunne redusere veksten i bompengegjeld fram til 2038 med fire–fem milliardar kroner, så lenge ein ikkje må bygge nye vegar eller gjere andre investeringar for å ta unna trafikkveksten.

Frp i Bergen har røysta for Bybanen til Åsane tidlegare. Enno har dei ikkje snudd, sjølv om bompengeopprøret har gjeve partiet kalde føter og veljarflukt.

Eit av problema med å droppe bybane til Åsane, er at den høyrer til i ein større avtale med staten, der formålet er å flytte reisande frå bil til kollektivtransport.

Viss Bergen trekker seg, kan difor staten krevje å få betalt tilbake delar av det dei har betalt til no. I så fall blir det fort bilistane som må ta rekninga. I tillegg kan staten trekke seg frå finansieringa av dei nye vegane som er ein del av avtalen.

I verste fall kan difor bilistane bli sitjande att med både høge bompengar og dårlege vegar.

Men her kan Frp kome til unnsetning. Dei sit jo med samferdsleministeren! Han burde kunne ordne dette.

Publisert: