Lågare folkevekst kan vere ei gåve til Bergen

Bergen bør byggjast som ein by, og ikkje berre som ei samling av bustader.

FÅ BARN I BYEN: Mange ønskjer å bu tett. Likevel vel fleire folk å busetje seg utanfor enn innanfor Bergen. Barnefamiliar peikar seg ut. Bergen har lågast andel barn i skulealder i fylket.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Tar du Bybanen til Flesland, kan du sjå eit nytt Bergen vekse fram. På Wergeland kan ein snart ta heisen frå leilegheita ned til bana, og det er blitt kaféliv ved dei gamle trikkeskjenene. Dette bypreget er nytt. Det er få stadar utanfor sentrum der ein kan kjøpe kaffi i gangavstand til heimen. Viss ein må starte bilen for å ete ein bolle, bur ein ikkje i ein by.

Etter kvart som turen går vidare, er Bybanen blitt til eit forstadstog. Det har dukka opp mange nye bygg langs skjenene og nær stasjonane, men mange bustadar gjer ikkje ein by.

Ved Lagunen kjem Bybanen inn på ei bru, men det massive kjøpesenteret gir deg likevel tunnelfølelsen. I Råstølen står eit einsamt gammalt hus igjen, midt mellom sjellause høg- og lågblokker. I Sandslimarka er det berre ein svær parkeringsplass. Dei to stadane der det er lagt opp til litt liv nær haldeplassen, er på Sletten og på Nesttun. To kjøpesenter, altså.

Det verkar som om heile grunnen til å byggje bana vidare frå Lagunen var for å nå Flesland. Resultatet er ei byspreiing utan like.

Les også

Frode Bjerkestrand: Urbane kvelningsfornemmelser

Byens konferansar har i årevis handla om kor mange me kjem til å bli i denne byen. Og at det må byggjast meir, fortare og høgare. Fordi det skulle kome hordar av nye bergensarar. Samtidig har anslaga på kor mange me faktisk vil bli, gått ned.

Nedgangen er ikkje ny. Kvar og ein av framskrivingane etter 2013 viser det same biletet. Ein forventar lågare folkevekst enn det ein gjorde året før. Fallande fødselsoverskot og låg innvandring er hovudårsakene til at framskrivingane er lågare no.

Les også

«Nye prognoser fortsetter å jekke ned tallene som Bergen kommune bruker til byplanlegging og fortettingspolitikk.»

Det er anslaga om kraftig folkevekst som har ført til den omstridde fortettingspolitikken. Men det er farleg å la statistikken styre byutviklinga. Politikarane si oppgåve er å styre byen i den retninga dei ønskjer, ikkje berre forsøkje å oppfylle usikre anslag.

Men når folketalet vert lågare enn venta, kan ein i det minste sjå opp frå planteikningane og vurdere om ein er på rett veg. Færre bergensarar bør gi mindre hastverksarbeid i bustadbygginga.

Bergen må halde fram med å byggje, og bustadane bør byggjast tett. Men me kan godt gjere det på ein annan måte enn slik det har vore dei siste åra. Turen med Bybanen viser at det ikkje er gull alt fortettinga tar i.

 BYGGJER TETT: Bergen må halde fram med å byggje, og bustadane bør byggjast tett. Men me kan godt gjere det på ein annan måte enn slik det har vore dei siste åra. Turen med Bybanen viser at det ikkje er gull alt fortettinga tar i.

Bybanen er i seg sjølv tett knytt til den venta folketalsveksten. Eitt av argumenta for å la den nye bybanelinja til Fyllingsdalen gå heilt til Spelhaugen, er fortettingspotensialet som ligg der. Folketalsutviklinga dei seinare åra kan tyde på at byen ikkje treng å byggje ut det området no.

Før Bybanen opna til Nesttun, handsama bystyret ein rapport om den framtidige utbygginga av Bybanen. Då hadde byen nettopp feira at ein passerte 250.000 innbyggjarar, men la til grunn analysar frå SSB som sa at folketalet kunne bli meir enn 350.000 i 2040. No er halvparten av dei nye bergensarane vekke frå framskrivingane.

Les også

Topp-arkitekter sier opp for å bygge bedre

Når behovet for bustadar ikkje er prekært, bør kommunen leggje opp til betre arkitektoniske løysingar. Ein kan gjere opp for tiår med dårleg planlagt byspreiing, ved å regulere meir bustadar nær sentrum. Ikkje berre nær Bybanen. Og så kan ein dekkje dei hòla som finst i dagens bustadbygging.

For byutviklinga kan dei nedjusterte anslaga vere ei gåve. Mange av bygga som dukkar opp over heile byen, ser mistenkjeleg like ut. Det er låge blokker i nyansar av grått eller pastell. Det finst neppe ei nedre grense for kva som passerer som akseptabel arkitektur for tida. Bergen bør ikkje berre vere byen for trehus og sjøbuer, men det betyr ikkje at me bør bli kjent for keisame klossar.

FORTETTING: På Skjold kjøper dei opp hus etter hus for å kunne henge med på fortettingsgaloppen. Likevel vel fleire folk å busetje seg utanfor enn innanfor Bergen. Barnefamiliar peikar seg ut.

Ifølgje statistikarane skal Hordaland vekse meir enn Bergen. Det kan jo tyde på at Bergen ikkje er attraktiv nok. Bustadprisane og meiningsmålingar seier det motsette. Mange ønskjer å bu tett. Og utbyggjarane ivrar etter å byggje. På Skjold kjøper dei opp hus etter hus for å kunne henge med på fortettingsgaloppen.

Likevel vel fleire folk å busetje seg utanfor enn innanfor Bergen. Barnefamiliar peikar seg ut.

Bergen har lågast andel barn i skulealder i fylket. Byen har om lag like mange 35–45-åringar som kommunane rundt, men her har denne aldersgruppa færre barn.

Viss mange av dei som flyttar til randsona skal arbeide i Bergen, skapar det endå større trafikale problem. Sånn sett bør Bergen finne plass til fleire. Men då må ein tilby ein meir komplett pakke, slik at barnefamiliar trivst.

Les også

Bergen makter ikke å gi familier det de ønsker seg: en bolig sentralt i byen

Telemarksforsking har, på oppdrag for Fjell kommune, sett på kva som gjer bustader og bumiljø attraktive for barnefamiliar. Der har eit stort fleirtal svart at einebustader passar godt for barnefamiliar. Tomannsbustader og rekkehus vert òg sett på som interessant.

Tida for sentralt plasserte einebustader er over, men rekkehus bør vere mogeleg. Det viktigaste bør vere å lage gode bumiljø, sjølv om ein byggjer tett. Då må det vere plass til å leike.

Fortetting er ikkje eit nytt konsept. Gå rundt på Møhlenpris, så ser du at tette bygg kan gi gode område. At gater gir betre bumiljø enn trafikkerte vegar.

Den største bøygen med fortetting er sjølve forvandlinga. På Sotra svarar fleire at dei er skeptiske til «by»-planane på Straume, og at dei fryktar at blokker skvisar ut både friområde og bygdekultur.

Utfordringane heng altså saman. Viss ein flyttar frå Skjold til Sotra på grunn av fortetting, vil ein bidra til fortetting der ute.

For nokre år sidan gjekk det ein debatt om Bergen om «tilfeldighetenes by». Når det ikkje blir så mange bergensarar som ein først har trudd, kan ein planleggje ein betre by, for fleire enn i dag. Då må Bergen byggje by og ikkje berre bustadar.

Publisert: