Kommunens sjuke hus

Bergen kommune har rota det skikkeleg til på sitt eige minisjukehus.

SJUK: To etasjar over Legevakten ligg Bergen kommunes eige minisjukehus. Det har vore elendig styrt av kommunen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Fylkesmannen har og kome til at det har vore svikt i styringa av tilbodet ved ØHD

Fylkesmannen i Hordaland

I Solheimsviken, to etasjar over legevakta, ligg Bergen kommunes eige vesle sjukehus. Eit såkalla Øyeblikkelig hjelp døgntilbud (ØHD), som skulle ta i mot pasientar med kjend diagnose og gje dei seng, lege og sjukepleiar døgnet rundt. Kommunens minisjukehus skulle avlaste dei store sjukehusa, slik at desse vart meir effektive.

Slik skulle det fungere. Men det har det ikkje gjort.

I snart eitt år har ØHD-sjukehuset i Solheimsviken vore heimsøkt av rot, konfliktar og masseflukt av legar og sjukepleiarar. I mars vart det så gale at Bergen kommune måtte stengje heile minisjukehuset i nesten to veker.

ØHD-sjukehuset har 34 senger, men har no berre folk til å bruke ti av dei.

I slutten av juni kom Fylkesmannen i Hordaland med ein knusande kritikk av sjukehuset. Kritikken er retta mot kommunen sjølv. For dårleg organisering, dårleg leiing og eit journalsystem som ikkje fungerer.

«Uklare ansvarsforhold, uklart kva legebemanning som trengst og ulik praksis med omsyn til kva pasientar som blir innlagt ved ØHD tilseier at det har vore svikt i oppfølginga av verksemda», skriv Fylkesmannen.

Les også

Fylkeslegen gir varslerne rett

Sjukehuset i Solheimsviken er eit resultat av samhandlingsreforma. Den gjev kommunane ansvaret for helsetenesta til innbyggarane, uavhengig av om tenestene er levert av kommunen eller dei statlege sjukehusa.

Heile logikken er at kommunane, òg økonomisk, skal motiverast til å satse på førebygging og lokale tenester. Det gjer at fleire slepp å reise på sjukehus, som igjen skal spare sjukehusa og dermed samfunnet for utgifter. I teorien, i alle fall.

Då Helsedirektoratet gjekk igjennom reforma i 2016 viste det seg at belegget i kommunanes «øyeblikkelig hjelp»-senger var på 34 prosent. På sjukehusa låg belegget opp mot 100 prosent.

Men sjølv om kommunane ikkje får fylt opp sengene, får dei betalt. Systemet er nemleg slik at kommunane får betalt for sengene uansett belegg. Og pengane kjem frå budsjetta til sjukehusa, noko som gjer at dei i lang tid har protestert mot systemet.

Bergen kommune får 54 millionar kroner årleg for å drifte 34 ØHD-sengeplassar. Når dei no berre klarer ti, betyr det at kvar seng kostar langt meir enn om ein skulle lagt pasientane inn på eit sjukehus.

Problema i Solheimsviken skuldast delvis problem med sjølve ØHD-ordninga. Det finst ikkje noko eintydig definisjon av kven som skal leggast inn på desse sjukehusa. Strengt tatt er det uklart om det skal vere sjukehus i det heile, eller om det er meir som ein oppgradert korttidssjukeheim.

I granskinga av Solheimsviken finn Fylkesmannen at det er ulikt syn på kven som bør leggast inn på ØHD. Usemja går både legar i mellom og mellom legane på ØHD og på legevakta.

Legevakta, som sender flest pasientar til ØHD, har tre val: Kan pasienten klare seg heime, bør han leggast inn på ØHD eller er han så sjuk at han bør på eit vanleg sjukehus? I det siste tilfelle vil òg det kunne bli ein diskusjon mellom legane på ØHD og dei vanlege sjukehusa.

Denne diskusjonen har konsekvensar både for kor mange pasientar ØHD skal ta imot, og kor mykje legetenester dei treng. Det igjen har følgjer for bemanning og kostnad.

Les også

Byråden: – Vi tar grep på Helsehuset

Eit så uklart system krev svært god leiing om ein skal unngå problem. Det har ein ikkje hatt i Bergen kommune. Tvert om er organisasjonen frå etatsdirektør og nedover prega av «interne samarbeidsproblem og uklare ansvarsforhold», for å sitere Fylkesmannen.

Slikt skaper dårleg styring og frustrasjon blant dei tilsette. Då er det ikkje så rart at nesten alle legane og mange av sjukepleiarane har fått eller søkjer seg til nye jobbar.

Alvoret blir forsterka av at både ØHD og legevakta har eit journalsystem som dåverande legevaktsjef Marit Voltersvik i februar karakteriserte som «farleg og utdatert». Då kan det få følgjer for folks liv og helse.

Allereie i 2011 lova kommunaldirektøren til fylkesmannen eit nytt system i løpet av eit år. Når systemet er uendra åtte år seinare, vitnar det om ei kommunal leiing som ikkje evnar å gjere jobben sin.

I slutten av juni lova helsebyråd Beate Husa (KrF) endringar. ØHD skal få ein eigen sjef, og kommunen lyste nyleg ut anbod til nytt journalsystem.

Med det har kommunen kjøpt seg tid og langt på veg svart fylkesmannen. Men det står att å sjå om tiltaka vil løyse problema. Med det vanstyret ein har sett i denne saka til no, kan det vere lurt å vente med å sprette sjampanjen.

RETTING: I den opphavlege teksten stod det at kommunen planlegg å lyse ut anbod om nytt journalsystem. Det har dei nettopp gjort.

Publisert: