Dei uavhengige

Dei færraste utmeldingar betyr noko som helst – inkludert min eigen. I Storbritannia kan det bli annleis.

UTBRYTARAR: Chuka Umunna er frontfiguren i ei uavhengig parlamentarisk gruppering, som består av åtte utmelde frå Labour og tre frå det konservative partiet. – Dei kan sprengje det britiske partisystemet, skriv Morten Myksvoll.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

– Trist, men letta. Slik skildrar Chuka Umunna sinnsstemninga si etter å ha meldt seg ut av Labour.

For kort tid sidan omtala eg han som eit framtidig leiaremne i det britiske arbeidarpartiet. No er han frontfiguren i ei uavhengig parlamentarisk gruppering, som består av åtte utmelde frå Labour og tre frå det konservative partiet.

Sjølv var eg medlem av Framstegspartiet i tolv år. Då eg melde meg ut i mai 2015, kjende eg på kor trist det var – ein intens tomheit. Eg følte at alt var bortkasta, at tallause timar var rota vekk.

Eg måtte tilbake til våren 2003 – då eg var 17 år – for å ikkje vere knytt til eit parti. Heile vaksenlivet mitt hadde til då handla om partiarbeid og politikk. No var det ingenting att.

Letta som Umunna skildra, den hugsar eg kanskje best.

For midt i tankane om kva eg no skulle finne på, visste eg éin ting: Eg skulle finne på noko anna. Det var frigjerande, for utmeldinga kom sjølvsagt ikkje ut av ingenting.

No som då, er det bråk i Bergen Frp. Og det var bråket, personlege konfliktar og politisk usemje som sende meg ut døra.

Les også

Britiske politikere vil ha ny folkeavstemning

For Chuka Umunna og dei andre uavhengige, har det vore bråkete heilt sidan Jeremy Corbyn vart partileiar. Partiets handtering av brexit har vore ein viktig del av det interne bråket, men partiet har òg blitt skulda for å akseptere antisemittisme under Corbyns leiarskap.

Samtidig har Labour tatt eit stort steg til venstre. Nyleg fekk kommunisten Derek Hatton tilbake medlemsskapet sitt, etter å ha blitt kasta ut på 1980-talet.

«Somme endrar parti på grunn av prinsipp, medan andre endrar prinsipp på grunn av partiet», sa Winston Churchill. Utmeldingane til Umunna og hans kollegaer var av den første og meir ærefulle kategorien.

Dei høyrde ikkje lenger heime i Labour dersom dei heldt fast på standpunkta sine.

«Somme endrar parti på grunn av prinsipp, medan andre endrar prinsipp på grunn av partiet», sa Winston Churchill. – Utmeldingane til Umunna og hans kollegaer var av den første og meir ærefulle kategorien, skriv Morten Myksvoll.

Det britiske partisystemet held på å kollapse. Utmeldingane er berre eit symptom, og ikkje årsaka.

Dei to store partia er svært breie koalisjonar av politikarar, som ville vore motstandarar i eit fleirpartisystem – slik me har i Noreg. Tenk deg at Høgre, Frp og KrF skulle vere eitt parti, eller at Ap, SV og Raudt var eitt parti.

Eit slikt partisystem lar seg ikkje endre innanfrå. Dei nylege utmeldingane kan vere det som skal til for å skape endringa britane treng.

Ei fersk måling gir den uavhengige gruppa 18 prosent oppslutning. Labour er i fritt fall sidan 2017-valet. Det konservative partiet tapar òg mange veljarar.

Tala viser at britiske veljarar verken set pris på regjeringspartiet eller det største opposisjonspartiet.

Sjansane er låge, men dersom dei uavhengige klarar å etablere seg, kan dei sprengje partisystemet. Det trengst.

Forfallet vert best synleggjort gjennom handteringa av brexit.

Brexit er nemleg eit tema som ingen av dei britiske partia er budd på. Konfliktlinjene i britisk politikk har tradisjonelt vore prega av klassebakgrunn. I brexitdebatten står unge mot eldre – i båe parti.

Yngre veljarar vil halde fram i EU, medan dei eldre vil ut.

Les også

Morten Myksvoll: – Brexit handlar ikkje berre om økonomi og innvandring. Freden i Nord-Irland står på spel.

Etter den oppsiktsvekkjande målinga vart tatt opp, har Labour endra politikk. No seier Corbyn at Labour kan støtte ei ny folkeavstemming. Det har vore eitt av Umunnas viktigaste krav til Labour, og kan lesast som at utbrytarane allereie har fått til endring.

Det ser nemleg ut til at det er ei stor frykt – i båe parti – for at opprøret og utmeldingane skal halde fram. Elleve uavhengige er på langt nær representativ for uroa i dei to store partia.

Ei ny folkeavstemming kan vere éin metode for å hindre fleire utmeldingar.

Labour-leiarens nye standpunkt aukar sjansen for at brexit vert utsett. Etter planen går Storbritannia ut av EU med eller utan ein avtale 29. mars.

Ein annan måte står Corbyns nestleiar for. Tom Watson starta nyleg ei ny Corbyn-kritisk gruppering i parlamentsgruppa, som skal samle sosialdemokratar som er uroa over venstredreiinga til Corbyn.

Les også

Britiske ministre presser May til å utsette brexit

Det er ikkje overraskande at dei uavhengige har sørgja for størst endring hjå Labour. Det er trass alt frå det partiet dei fleste utbrytarane kjem frå.

For at brexit skal ende med noko anna enn ei brå utmelding om berre 30 dagar, må det skje endringar i det konservative partiet. Der har ikkje utbrytarane lukkast endå.

Forventningane bør uansett vere låge. Det er sjeldan at ein partilaus politikar har særleg kraft.

Stort sett er ei utmelding den siste relevante handlinga til ein politikar – slik var det for meg. Dei færraste utmeldingar får nokon som helst konsekvens, anna enn for den som melder seg ut.

Sjølv då Marita Moltu melde seg ut av KrF i fjor, fekk det ingen følgjer i Bergen. Og ho er varaordførar.

Den største utfordringa til uavhengige politikarar, er at svært få veit kva ein står for. Folk er derimot godt kjende med kva partia står for.

For dei britiske uavhengige, er ikkje det så viktig akkurat no. Brexit skuggar nemleg for alt anna, og der har denne grupperinga eit meir samla syn enn dei to partia har.

Difor kan dei faktisk vere relevante no.

Problemet deira kjem den dagen britisk politikk handlar om noko anna enn brexit.

Dei har med andre ord god tid.

Morten Myksvoll er, som han skriv, tidlegare medlem i Framstegspartiet og dekkjer ikkje den pågåande konflikten i Bergen Frp.

Publisert: