Boris Johnson kan faktisk vinne valet

Når britane går til valurnene før jul, handlar alt om brexit.

FAVORITT: Trass i alt kaoset som pregar hans konservative parti, er Johnson favoritt i nyvalet, skriv Morten Myksvoll.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det britiske parlamentet klarte endeleg å bli einige om noko tysdag kveld. Etter å ha tapt kvar gong han har møtt i parlamentet, klarte statsminister Boris Johnson å få dei folkevalde med på éin ting:

Det blir nyval 12. desember.

I motsetning til Noreg, kan parlamentet løyse opp seg sjølv og la veljarane setje saman ei ny nasjonalforsamling. Dagens parlament skulle eigentleg blit sitjande fram til 2022.

Johnson har ivra for dette ei stund, sidan det har vore umogeleg for han å få til noko som helst med det sitjande parlamentet. Målet hans er å få britane ut av EU, i tråd med folkeavstemminga i 2016.

Denne veka måtte Johnson, slik hans forgjengar Theresa May, akseptere ei ny utsetjing av utmeldinga. Den nye brexitdagen er 31. januar.

Statsministeren har tidlegare sagt at han heller ville døy i ei grøft enn å akseptere ei ny utsetjing av brexit. Likevel skjer det.

Nederlaget hans kan bli kortvarig. For trass i alt kaoset som pregar hans konservative parti, er Johnson favoritt i nyvalet. Det seier eigentleg mest om motstandaren hans i det britiske arbeidarpartiet, Jeremy Corbyn.

Det er godt gjort å vere meir upopulær enn ein sitjande statsminister som ikkje klarer å få til nokon ting. Det handlar delvis om at han ligg svært langt til venstre.

Men det handlar òg om at Corbyn ikkje har klart å peike ut ei retning for kva Labour vil gjere med brexit.

Halmstrået til Corbyn er at britiske parlamentsval er svært vanskelege å måle. Sidan det berre er éin representant frå kvart distrikt som vert vald, hjelper det ikkje å kome inn som nummer to.

Alle som stemmer på dei konservative i eit distrikt som Labour vinn med knapp margin, vil telje med på det nasjonale resultatet, men dei får ingenting å seie for samansetninga av parlamentet.

Det målingane kan seie oss noko om, er kven som har vind i segla. Dei konservative og liberaldemokratane har det. Det britiske arbeidarpartiet slit.

Eit lyspunkt for Labour er at dei er størst blant veljarar under 39 år. Men dei konservative gjer det best blant veljarane som stemmer oftast, nemleg dei eldste.

UPOPULÆR: Labour-leiar Jeremy Corbyn er meir upopulær enn statsminister Boris Johnson. Corbyn har hatt store problem med å peike ut ein klår brexitpolitikk, skriv Morten Myksvoll.

I Skottland kjem nok det nasjonalistiske SNP til å få flest mandat. Dei vil eigentleg lausrive Skottland frå Storbritannia. Partiet er òg svært EU-venleg, slik fleirtalet av den skotske befolkninga òg er.

I 2017 vann SNP 35 av 59 distrikt i Skottland. Om dei vinn fleire i år, kan det gjere debatten om skotsk sjølvstyre relevant igjen. Det vil unekteleg vere spesielt om nesten heile Skottland skal vere representert av eit opposisjonsparti.

Det vil gjere tilliten til parlamentet i Westminster svakare.

Nord-Irland er eit kapittel for seg sjølv. Theresa May gjekk til det djupt nord-irske (og djupt konservative) DUP for fleirtal. Johnson draum er eit valresultat som gjer at han klarer seg utan dette partiet.

DUPs sterkaste konkurrent i Nord-Irland, Sinn Féin, har boikotta møta i London.

Nord-Irland har stått sentralt i EU-forhandlingane, fordi landet er det einaste i Storbritannia som har ei landegrense med EU. Veljarane her er neppe særleg nøgde med ein status som eit slags nesten-medlem i EU. I 2016 stemte nord-irske veljarar med klår margin for å bli i EU.

Dei einaste regionane som var meir pro-europeisk, var Skottland og stor-London.

Les også

Morten Myksvoll: Atter ein avtale

Men valet handlar ikkje berre om kva parti som vert størst i parlamentet, og om eitt parti får fleirtal åleine. Det handlar om kven som skal representere valvinnaren.

Dersom ein legg til grunn at Johnsons konservative parti får reint fleirtal, så er det ikkje sikkert at han får gjennomført brexit likevel.

Både Dei konservative og Labour er djupt splitta. Det er ikkje alle som stemmer på dei konservative som vil ut av EU, og det er langt frå alle Labour-veljarar som vil bli i EU.

Boris Johnson må vinne såpass klart at han klarer å presse gjennom sin brexit.

Johnson føretrekker å gå ut av EU med avtalen som han forhandla fram med EU. Mange av Johnsons sterkaste motstandarar i eige parti har blitt kasta ut. Delar av hans eige parti vil truleg framleis vere mot avtalen.

Johnson er òg førebudd på å forlate unionen utan ein avtale. Det fører òg til stor motstand internt. Difor må Johnson vinne valet med stor margin for å verkeleg å vinne.

Les også

NHO åpner «hotline» for å bistå bedrifter med brexit

For det er brexit dette valet handlar om. Veljarar har blitt sterkare knytt til standpunktet sitt om EU-medlemskap enn til parti, skriv Martin Kettle i Guardian.

Kettle åtvarar om at det kan føre til at britisk politikk vil likne meir på det politiske klimaet i Nord-Irland. Der har kulturkonflikten mellom protestantar og katolikkar herja i fleire tiår.

Brexit er òg ei kulturkonflikt som dominerer totalt, med få veljarar som sit i midten som kan gå den eine eller andre vegen. Slike tilstandar gjer at politikken hardnar til.

Dei konservative går hardt inn for brexit, medan Liberaldemokratane vil bli i EU.

Labour er det einaste partiet som ser ut til å prøve å få denne valkampen til å handle om noko anna enn brexit. Det er jo aktverdig, men det gjer at partiet ser meir ut til å forvirre enn å lokke veljarar.

Det er eit dårleg utgangspunkt for å vinne val.

Publisert: