Skuldingar om hysjkultur verkar drygt

Pasientar på sjukehus skal vere trygge på vi tar hand om personvernet. Også under koronapandemien.

Alle sjukehus deler oppdatert informasjon om talet på innlagde pasientar med covid-19 og informasjon på gruppenivå, skriv innsendaren.
  • Bente Aae
    Kommunikasjonsdirektør, Helse Vest RHF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eit lesarinnlegg 19. august frå Sturla Dyregrov i TV 2 og leiaren i BT 20. august hevdar at sjukehusa driv hemmeleghald av informasjon.

Ingen sjukehus i landet deler detaljert pasientinformasjon med media. Slik BT legg det fram, er Helse Bergen og sjukehusa i Helse Vest særtilfelle. Slik er det ikkje. Fleire sjukehus i landet gjer slik som sjukehusa i Helse Vest, og gir normalt ikkje ut informasjon om pasientar.

Bente Aae

Informasjonen om ein pasient tilhøyrer pasienten Det er ikkje i sjukehusa sin rett å gi media informasjon om enkeltpasientar. I beredskapssituasjonar kan det sjølvsagt vere naudsynt å gi offentlegheita meir informasjon.

Når vi no er i beredskap for covid-19, er avtalen at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet skal vere dei som informerer. Den avtalen er vi lojal mot, og det synast som vi alle er heilt einige i at den jobben gjer dei godt.

Alle sjukehus deler oppdatert informasjon om talet på innlagde pasientar med covid-19 og informasjon på gruppenivå. Media får løpande svar og innsyn i alt vi kan gå ut med.

På same måte kan kommunane gi informasjon knytt til smittesporing, testing og andre område dei har ansvaret for. Andre, som Forsvaret, kan informere om forholda for området dei har ansvaret for.

Media har ei særs viktig rolle både i folkeopplysing og ettergåing, også under denne pandemien. Medietrykket i sjukehusa har aldri, samla sett, vore høgare enn dei siste månadene.

Vi er blitt utfordra på mykje, også på openheit. Det er bra. Vi kan alltid bli betre, og når vi blir utfordra, skjerpar vi oss og vil strekke oss langt.

Medarbeidarar i sjukehusa har gitt gode innblikk i planlegginga for ein pandemi, behandlinga ein gir og krevjande arbeidssituasjonar. Men grensa går altså for oss alle ved informasjon om enkeltpasientar.

Befolkninga på Vestlandet har høg tiltru til sjukehusa. Denne tiltrua er vi avhengige av. Ein føresetnad må då vere at vi på den eine sida har openheit rundt verksemdene våre, og på den andre sida kan trygge kvar einaste pasient om at vi tar hand om personvernet slik vi skal.

Skuldingar om hysjkultur verkar drygt i denne samanhengen.

Publisert: