Uakseptabel hysjkultur i Helse Vest

Sjukehusa må dele meir informasjon med innbyggarane.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

God og tydeleg informasjon frå helsevesenet og styresmaktene har vore ein av nøklane til at koronahandteringa har gått såpass bra i Noreg.

Folkehelseinstituttet har vist korleis det skal gjerast: Ved å vere mest mogeleg opne, skaper dei tillit til avgjerdene som blir fatta.

I andre enden av skalaen finn vi diverre Helse Vest og Haukeland universitetssjukehus. Dei har den seinare tida lagt seg på ei svært restriktiv line når det gjeld å dele opplysningar.

Denne veka har TV 2-journalist Sturla Dyregrov eit viktig lesarinnlegg i Bergens Tidende. Han viser korleis hemmeleghaldet overfor media ikkje er til beste for vestlendingane.

Les også

Sturla Dyregrov: Haukeland legger lokk på viktig informasjon

No får ikkje innbyggarane vite om koronapasientar høyrer heime her, om dei har vore på utanlandstur og så bortetter.

Dette er ikkje grafsing som handlar om at media skal drive sensasjonsjournalistikk. Det er relevant informasjon for å hjelpe folk til å drive smittevern og vite om dei bør teste seg. Det er rett og slett helsefremjande.

Interessant nok har Haakonsvern vore meir opne enn Haukeland denne våren. Det bryt med kva ein elles kunne trudd om Forsvaret. Dermed var dei med på å dele viktig informasjon med byen – heilt utan å bryte personvernet.

I juni melde politiet om at ein 19-åring hadde omkome i ei trafikkulukke. På det tidspunktet var vedkomande i live, men Helse Vest korrigerte ikkje saka sjølv om dei sat på rette opplysningar.

Les også

Stappfullt på koronastasjonen allerede før åpning: – Folk må komme igjen senere

I januar mista fire personar livet i ein tragisk brann på Sandsli. Då var det brannvesenet, ikkje helsevesenet, som gav media informasjonen om omfanget.

Media har sjølvsagt også eit sjølvstendig ansvar for å sikre at sensitive opplysningar ikkje blir delt feil eller for tidleg. Redaktøransvaret gjeld også om slike opplysningar kjem journalistane i hende.

Å få vite omfanget av ulukker, valdsepisodar eller skadar på arbeidsplassen er også viktig for samfunnet av politiske grunnar.

Er vegen trygg nok? Gjer Arbeidstilsynet jobben sin? Har politiet nok ressursar? Prioriterer helsevesenet rett?

Slike tema må innbyggarar og politikarar få diskutere med eit skikkeleg faktagrunnlag i botnen. Det kan fint gjerast utan å kome i konflikt med personvern.

Helse Vest og Haukeland må sjå alvoret i det dei no gjer. Dagens hemmeleghald er ikkje til beste for dei helsevesenet er til for: innbyggarane.

Publisert: