Kristoffer (15) droppar skulen for å game

Foreldra støttar han fullt ut.

Publisert: Publisert:

Nokre netter sit 15-åringen oppe til klokka er tre, sjølv om det er skule neste dag.

Kristoffer Rødland Jelstad går siste året på ungdomsskulen på Mjølkeråen, men hovudjobben hans er å vere e-sportsutøvar. Mora er manager.

Han blei signert av den norske spelgiganten Apeks då han var 14 år og konkurrerer mot dei beste i verda.

Kveldstrening

Krizzi sit framfor to skjermar med eit stort hovudsett. På pulten hans er det ein pose chips, eit glas med vatn og telefonen.

Når ein gamer, er det vanleg å nytte online-namn. Når han spelar er han Krizzii, ein fryktlaus og dyktig kriger og taktikar. Den vanlege tenåringsguten er Kristoffer.

Det knatrar i tastaturet, og byggverk reiser seg i eit vilt tempo. Eit trehus blir til, samstundes som Krizzii klatrar oppover i det.

Når han konkurrerer, er det som om verda rundt han forsvinn. Krizzii merkar ikkje at timane går. Det er nesten som han er inne i skjermen, heller enn i stolen på guterommet.

I byrjinga av ei turnering er han som oftast roleg og fokusert på konkurransen.

Når dei nærmar seg slutten, stig pulsen og han blir meir skjerpa. Nokre dagar står 100.000 kroner på spel.

Denne måndagskvelden er det heldigvis berre treningsrundar.

Krizzii er signert som Fortnite-spelar. I Fortnite blir 100 spelarar plassert i ein arena. Dei skal prøve å overleve så lenge som mogeleg, og den som overlever lengst, vinn.

Det krev lynrask reaksjonsevne og finmotorikk, i tillegg til god strategi.

Det er ikkje uvanleg å spele to eller tre på lag. Dei som vinn, splittar potten.

Krizzii likar best å styre strategien, vere den som tek avgjersler. Om han spelar med andre som òg likar å vere sjef, fungerer det dårleg. Då er det vanskeleg å vinne.

Som signert spelar for Apeks spelar Krizzii rundt tre timar kvar dag, fem dagar i veka. Han får fast årsløn av selskapet, i tillegg til premiepengane han eventuelt vinn.

Pengane går stort sett inn på sparekonto, men nokre gonger får han lov å bruke av dei. Eit år kjøpte han eit par sko til over 1000 kroner i julegåve til søstera.

Han er ikkje så oppteken av pengane, men synest det er fint å kjøpe gåver til søskena. Det gir ei god kjensle.

Natta-klem frå mamma

Kristoffer tek ein slurk vatn og skrur av PC-en.

Dei dagane han spelar kvalifisering er han av og til oppe til tre om natta, sjølv om det er skule neste dag. Men ikkje i kveld.

Det kan vere vanskeleg å gå rett frå skjermen til hovudputa. Energien er høg når han spelar, og det tek litt tid å roe seg ned. Ofte ligg han lenge på mobilen før han blir trøytt.

Som oftast er Kristoffer den siste som legg seg i huset, men i kveld er mamma Cecilie oppe heilt til 15-åringen skal i seng. Ho førebur seg til jobb neste dag.

Før Kristoffer legg seg til å sove, får han ein klem.

Som ein zombie

Mor ristar forsiktig i Kristoffer. Han lagar litt lyd, for å vise at han er vaken. Nokre dagar er 15-åringen veldig trøytt og vanskeleg å få opp av senga.

Som ein zombie, har mor tenkt, det er alltid ho som vekker han. Alarmklokke har dei gitt opp for lenge sidan.

Cecilie veit at Kristoffer ofte er sliten, men trøystar seg med at han får sove ut i helgene.

Ho er ikkje berre mamma, men òg manager for supertalentet, som sonen blir omtala som.

«Super» er eit ord som folk i e-sportsmiljøet òg nyttar om Cecilie. Super gamer-mamma.

Han et ikkje frukost. Å pusse tennene er ofte det siste Kristoffer gjer før han går ut døra om morgonen.

Mens Kristoffer står i dusjen, pakkar ho sekken hans og lagar matpakke.

Foreldra ordnar nær sagt alt det praktiske i livet til Kristoffer. Han har fritak frå nesten alt husarbeid, og han treng ikkje gjere lekser.

Om dei reiser på ferie, prøver dei å ordne eige kontor til Kristoffer, så han kan spele.

Dei tenker av og til at Kristoffer er i ein luksusposisjon, samanlikna med søskena. Men dei har valt å gjere det på denne måten. Dei vil fjerne alt som kan bidra til meir stress, slik at han kan fokusere berre på spelinga.

Droppar skulen

Kristoffer veit han kjem til å sakne det sosiale ved skulen.

Dei fleste i klassen hans har byrja å tenke på kva linje dei skal velje neste år. Kristoffer har gode karakterar på skulen, men skal ikkje på vidaregåande.

15-åringen skal bruke all tid på å spele. Han kan knapt vente.

Klassekamerat Birgitte Langeland Birkeland (15) ønskjer å gå på idrettslinja og bli trenar, men legg ikkje skjul på at ho gjerne skulle vore i Kristoffer sin posisjon.

– Det hadde vore kult å vere kjendis, slik som Kristoffer. Då er ein rik, og så får ein masse sponsorar og andre ting gratis.

– Eg er ikkje kjendis, svarar Kristoffer.

– Jo, blant gamarar, så! Alle veit kven du er.

Kjendis og rik er ord som går att når klassekameratane snakkar om Kristoffer.

Sjølv dreg han på skuldrene, det er ikkje det viktigaste for han.

– Mange tenker at eg lever draumen, men eg føler ikkje det. Det er framleis ting eg vil oppnå.

Han er tydeleg på kva han drøymer om.

– Å bli best. Aller, aller best.

Kontaktlærar Camilla Stormark og skulen legg så godt til rette for Kristoffer som dei kan. Nokre dagar får han kome ein time for seint på skulen, for å ta att tapt søvn.

Dei har heia på han heilt frå starten. Ei fotballstjerne på same nivå hadde lett fått permisjon, ifølgje læraren, og då må dei som driv med e-sport få dei same mogelegheitene.

Ho meiner det er rett av foreldra å støtte han i spelinga.

– Det er no han har sjansen.

Lærar Camilla Stormark snakkar gjennom ei novelle med Kristoffer, Lars Handegård Wag (15) og Amanda Schicht (15).

Dei yngste i e-sportsmiljøet har best motorikk og lærer fortast. Nokre av dei største stjernene er tidleg i tenåra.

Når ein blir eldre, blir ein fort utkonkurrert. Kristoffer må satse no.

I lunsjen spreier 15-åringane seg til alle kantar. Nokre går ut i gangen, andre et i klasserommet.

Kristoffer og venegjengen sit att og diskuterer laga sine i fotballspelet Fifa.

Sjølv om han gler seg til å bli ferdig med skulen, veit han at han kjem til å sakne venene og klassekameratane. Sidan han spelar på fritida, ser han dei berre her.

Møtast på nett

– Sjå på Erox! ropar Krizzii inn i hovudsettet og ler.

Ofte veit han ikkje kva dei heiter på ekte, dei brukar berre spelnamn som Krizzii, Erox og Zenit.

Mange av dei han spelar med, har han kjent i fleire år. Dei har blitt nære vener, sjølv om Krizzii ikkje har møtt alle i den verkelege verda.

Dei snakkar om det meste i lag. Både om skule, vener og speling.

Middagstid

– No er det middag!

Mora har ropt mange gongar. Frå rommet til Kristoffer har det vore null respons.

Ho har òg sendt meldingar på Messenger. Ingen reaksjon der heller. Frustrasjonen har auka.

Til slutt har ho funne den rette kanalen.

Chattetenesta Discord er den mest brukte av dei som spelar online, og der loggar ein seg alltid på når ein skal spele.

No har Cecilie eigen brukar. Ho har skjønt at ho må vere der sonen er. Han svarar med ein gong, og ho slepp å mase meir.

Det er vanskeleg å avbryte eit spel på kort varsel, fordi Kristoffer spelar med andre som er avhengige av han. Derfor er familien blitt flinke til å avtale faste tidspunkt.

Alle hjelper til med å dekke på og lage i stand middagsbordet denne tysdagen. I skuleoppgåve har storesøster Benedicte (21) laga lasagne. Kristoffer er mest kresen i gjengen. Benedicte forsikrar at det verken er løk eller sopp i, som han ikkje likar.

– Men, eh, det kan hende cayenne-peparet glapp litt i handa mi på eit tidspunkt, seier ho forsiktig.

– Ja, det var litt sterkt, harkar Kristoffer fram.

Heile familien er samla til middag, pluss sambuaren til Didrik, Julie Husebø Knudsen (20).

– Kristoffer hadde aldri blitt så god viss ikkje det var for meg, seier storebror Didrik (20) med glimt i auget.

Det er ingen tvil om at søskena er stolte over yngstemann.

– Eg skryt alt eg kan, når eg kan. Det er dritkult, fortel Benedicte og dyttar veslebroren i sida.

Kristoffer og Didrik byrjar å diskutere kven som har spelt flest timar i ulike spel. I Fortnite vinn Kristoffer klart.

– Kor mange timar har du eigentleg i Fortnite, spør mor.

– Ehhhh ...

Han får ikkje fullført setninga før latteren bryt laus rundt middagsbordet.

Personleg trenar

Kristoffer knip til rundt ein manual, med kyndig rettleiing frå sin personlege trenar. Han har byrja med øvingar som skal hjelpe gamar-kroppen.

Å spele i timevis kvar dag tek på kroppen. Då må ein passe på at ein et godt, og får bevegd seg.

Før var kosthaldet til Kristoffer dårleg. Han gløymde å ete, han blei så oppslukt av spelet. Åt han noko, var det gjerne chips eller popkorn.

Framover skal dei kanskje få treningsutstyr heime, slik at Kristoffer kan trene oftare.

Cecilie bestemte seg for å ta grep.

Om Kristoffer ikkje har tid å ete, tek ho med mat opp på rommet til han. Viss foreldra er vekke, får eit av søskena jobben som mat-barnevakt.

Ingen skjermtid

Dei har aldri hatt reglar om skjermtid for Kristoffer.

Foreldra er nede i stova, medan Krizzii sit på guterommet.

Cecilie mimrar tilbake til då sonen først byrja å spele med vener. Han hadde ikkje hovudsett, og latter og gledeskrik seiv gjennom dørsprekken og ned i stova.

Ho likte det ho høyrde. Det var ikkje noko ein skulle sette ei avgrensing på, følte mora.

Kristoffer byrja å spele allereie i sjuårsalderen. Då han var rundt elleve, byrja foreldra å skjøne at noko spesielt var på gang.

Han vann mange turneringar, og på eit tidspunkt fekk han tilbod om å bli signert. På kort tid måtte foreldra sette seg inn i eit heilt nytt miljø.

Cecilie sat mange timar framfor skjermen i lag med Kristoffer, for å prøve å forstå. Etter kvart fekk ho seg Twitter-konto, ei populær plattform i miljøet.

Brukarnamnet er sjølvsagt mammaKrizzii.

No har Cecilie vore manager for sonen i to og eit halvt år. I starten var det ikkje berre enkelt. Det kom konstant små stikk i samtalar med andre foreldre, som fortalde ho at andre syntest ho var ein dårleg forelder.

– Kor mykje spelar han eigentleg? kunne dei spør.

I tillegg til at e-sport er blitt meir anerkjent, har Cecilie no blitt del av eit stort miljø beståande av mødrene til e-sportsutøvarar, Fortnitemums.

Ho har lært mykje av dei andre foreldra og bryr seg ikkje lenger så mykje om kva dei på utsida tenkjer.

Faren Håkon seier han er glad for at dei har valt å støtte Kristoffer.

Begge er lærarar og har sett mange elevar dette ut av skulen, fordi dei ikkje finn seg til rette i systemet og møter veggen. Dei meiner det er betre å heie på ungane i det dei er gode i, og finne ut av resten saman.

Sjølv om Kristoffer set utdanninga på vent, er ikkje foreldra særleg bekymra.

– Då han var 13 år, fekk eg melding frå sjefen i Playwell her i Bergen, som Kristoffer blei signert for då han var 12. Kristoffer hadde reforhandla kontrakten si på eiga hand og eige initiativ, og skulle få betre vilkår, fortel Cecilie.

Pappa Håkon humrar.

– Den ungen kjem nok til å klare seg heilt fint.

Publisert: